tirsdag 31. juli 2012

Fin kveld i Rivedal

Grei trimtur på Røyrbotnholten i kveld
Eg tok meg ein snur til Rivedal i kveld og stakk oppom Røyrbotnholten. Opplett, skya og 15 grader. Skodda heldt seg vekke, men den låg både på Smørskornova og Vardenova like ved.

I kveld kutta eg ut å ta Kultingane i Askvoll på same turen der sør. Eg har god tid til å samle i hop desse rundene til slutt likevel. Og så ville eg spare litt krut til i morgon, så får vi sjå...:-)

Artig feiltakelse


Min gamle mobil stod på sjølvutløysing video og ikkje bilde i går ettermiddag då eg skulle ta eit bilde på Blegja. Sekvensen vart likevel litt morsom i seg sjølv, så her kjem feilen...:-))

mandag 30. juli 2012

Blegja på veg heim

Eg var ein rask tur oppom Blegja på veg heim etter arbeid i dag. Kjempeflott vèr og passeleg temperatur til å komme seg fort oppover i kun shortsen. Sola skein det meste av vegen. Men oppe ved toppen kom det tåkedottar sigande i den kjølige vinden. Heldigvis heldt det seg opplett. Urane er så mykje enklare å gå når steinane ikkje er våte.

Elles var det mange flotte skyformasjonar å sjå. Knallblå regnskyer med torevèr rundt omkring.
Spesielt inne i Sogn såg det ut for.

I dag hadde eg lagt igjen kameraet heime, men nokre bilder frå den (eld)gamle mobilen min kan vel gi eit inntrykk for det. Det artige med den er at bilda kjem automatisk  inn i kartet der dei er tekne!

Foto Blegja 300712

Fra Blegja 300712

søndag 29. juli 2012

Høg sosialiseringsfaktor

Røyrbotnholten Olsokaftan

Det har vore ei særs sosial helg. Med alle syskenborna til Olaug med famile samla i Holmedal frå fredag til søndag, har det vore ei givande og travel helg. 55 stk i alt med kvelds fredagskvelden, turar, middagar og sosiale lag. Vi avslutta heime hjå oss i dag med middag til 33, trur eg det var, med stort og smått. Heldigvis skein sola så vi fekk nytte altanen. 

Som eit resultat av denne helga fekk eg laga meg eit album med ca 150 praktfulle bilder av små og store. Desse bilda er av meir privat art. Slike som eg ikkje legg ut her på bloggen og på facebook. Det får eventuelt vere opp til andre å publisere. 

No var ikkje helga fri for litt fjellturar for meg heller. Eg nådde oppom Røyrbotnholten og Kultingane både fredagsettermiddagen og lørdagsmorgonen. I tillegg avslutta fruen og eg på Røyrbotnholten igjen i kveld. Det blir mest desse toppane no framover for å runde av sesongen i førstninga av oktober. I tillegg vil eg ta meg nokre fleire Blegjaturar. 

Praktfull helg iallefall. Travelt, men veldig kjekt og sosialt!

Foto Røyrbotnholten 290712

Fra Røyrbotnholten 290712
Straumsnes i kveldssol frå Boge Olsokaftan

torsdag 26. juli 2012

Høgefjellet igjen...

Eg var ein kjapp tur oppom Høgefjellet i dag òg. På veg heim etter arbeid. Er nesten blitt standarden dette no. Opplett og bra vèr, men nokon temperatur er det ikkje å snakke om. Temmeleg kaldt i høgda ja. Det minner lite om sommer dette. I tillegg er rabbetusten og vegetasjonan begynt å bli gul. Ja, det går faktisk fort mot haust allereie...


Turen var no elles heilt som vanleg.

Ekstra på Blegja

Det vart ekstratur på meg på Blegja i går kveld og natt då eit turfølgje på tre personar ikkje fann vegen ned igjen grunna tjukk skodde. Eg vart oppringd av Knut L. og tok deretter kontakt med politiet som ynskte meg som kjentmann for ei gruppe 2 frå Røde Kors i Vadheim. Eg traff desse i Rørvika ca kl 19.30. Eg geleide deretter desse opp gjennom bakkane i rimeleg tjukk skodde frå nesten ved fjorden.

På hytta til Arvid L under Rørvikenipa gjorde vi opp fyr i omnen og venta på nærare ordre. Ei stund etter gjekk ordren frå politiet ut på å følgje etter lag 1 til toppen. Det bles, regna, var tjukk skodde og allereie ganske mørkt. Klokka var ca 22.30.

Eit par timar i førevegen var ei gruppe 1 sendt oppover med folk frå Røde Kors, og kjentmann frå Rørvika. Denne gruppa fekk fysisk kontakt med dei "villfarne" ca 23.30 i går kveld på Heilefjellet, aust for toppen. Det var tjukk skodde, noko vind og 5 plussgrader. Turfølgjet hadde då vore på det eksponerte fjellet sidan morgonen av, og var sjølvsagt både våte, kalde og svoltne, men elles i fin form.

Det vart bestemt at gruppa gjekk til Bygstad gjennom Kvamsskaret ved Storehesten etter GPS. Medan vi andre vart oppmoda av politiet om å overnatte på Nipebua (ikkje Nipebu) under Rørvikenipa. Eg sjølv tok meg likevel ned igjen til Rørvika rundt midnatt. Det var då tett skodde nesten til fjorden, ganske mørkt og vått (Eg skulle på jobb i dag). Dei sakna kom seg til bygds i 06-tida i dag tidleg etter ein litt for lang tur...


Skoddebilder frå området der dei "villfarne" vart funne.
Eit vanskeleg parti i skodde. 
Men endå verre innanfor der det er flatare og breiare lende som vist under.


Agnar sjekkar gps i skodda på Heilefjellet

Link til hausttur på Heilefjellet

onsdag 25. juli 2012

Rundtur Blegja og Høgefjellet

Høgefjellet i kveld

Eg tok turen på Blegja på veg heim etter arbeid i dag (tirsdag). Deretter gjekk eg vestover til Høgefjellet og returnerte til Rørvika. Ei fin runde. Men turen tek fort nokre timar. Sjølv med bra fart.  

Det var flott vèr og bra temperatur då eg starta frå Rørvika i 16-tida, men litt vind. Eg valde difor lettast mogeleg påkledning - shorts og berre ei trøye rundt livet for ei rask oppstigning. Men tok fjellskorna.  

Eg kom meg fort opp forbi Nipebua, sørover traversen forbi Rørvikenipa, og opp til Nipevatnet. Her ein på nytt for sikt til toppen. Det vil seie at no var toppen borte - i skodde. Den hadde blese fort inn frå sørvest. På same tid forsvann sola, og ja, det vart kaldt. Stein, snø, skodde og vind. Og lite klede. Som teke ut av ei turhistorie med ekkel utgang. 

Utan å brese for mykje, svarar det seg sjølvsasgt å vere i god form. Di kortare tid du treng å opphalde deg under gufne forhold med dårleg utrustning, di lettare kjem du deg ut av situasjonen. Så og snu var aldri i tankane mine. Derimot å komme meg så fort som mogeleg opp og ned igjen. Under skoddelaget og vinden. Det gjekk heilt problemfritt. Men den enkle, tynne trøya eg hadde rundt livet, måtte eg tre på meg på toppen, for å seie det på den måten...:-)

Nede ved Nipevatnet igjen, der skodda var vekke, bestemte eg meg for å gå vestover forbi Tobbedalsvatnet, runde Kringlefjellet og gå toppane vestover til Høgefjellet. For å ta med meg den trimposten òg. I utgangspunktet var ikkje dette heilt etter planen. Men når eg først var i gong...:-)

Eg småsprang det meste av vegen vestover. Eg kjende likevel det var lenge sidan lunsjtid på jobben no. Rett før toppen på Høgefjellet traff eg Dag Tore, Anita og Line. Vi slo av ein liten prat. Men kulden reiv fort i skrotten. Eg fekk likevel knipsa eit bilde før vi gjekk kvar vår veg. No vart det likevel til at eg tok dei igjen på returen til Rørvika, då eg sprang ned igjen. Peter var åleine heime. Han lurte på kvar eg var. Og ynskte meg heim igjen.... Ja, det var ei stund sidan eg køyrde på jobb no - 14 timar...:-)

Foto Blegja 240712

Eg traff Dag Tore, Anita og Line ved Høgefjellet

tirsdag 24. juli 2012

A shot at sunset


One thing leads to an other...?

Haustjakta

Sjølv om det er nokre dagar sidan eg blogga fjellturar, har eg ikkje lege heilt på latsida med å ha gått dei. Har vore oppom fleire opptil fleire gonger sidan Blegja førre torsdag. Det blir likevel litt drøvtygging med å blogge kvar enkelt no på hausten når eg har vore der ørten gonger før. I tillegg blir det ofte litt seint om kveldane på denne tid. Men litt bilder har eg for arkivet sin del.

Framover kjem eg til å speede opp med endå fleire turar. Eg skal prøve å få tid til og blogge dei så godt eg kan. Stay tuned:-)

lørdag 21. juli 2012

Varme minner

Eg har laga ein video av nokre naturbilete frå Icmeler i Tyrkia og publisert den på YouTube. Har òg lagt på musikk. Nyt den i høgste kvalitet og stor skjerm.

torsdag 19. juli 2012

Perfekt på Blegja

Førdefjorden innover mot Naustdal frå Blegja i dag

Eg fekk meg ein skikkeleg feriedag her heime òg i dag. Kjekt at vèrgudane såg i nåde til oss vestlendingar, om ikkje meir enn ein dag eller so... Eg nytta sjølvsagt dagen i fjellet, og i dag stod Blegja og vestover til Høgefjellet for tur. 

Snøen har naturlegvis minka sidan sist eg var oppe. Det skulle no berre mangle. Men det går lenger tid å gå urane både opp og ned når det ikkje låg snø her. Dette merkast godt på turen vestover til Høgefjellet òg. Så i dag tok heile seansen godt over 5 timar, berre med litt fotopausar hist og pist. 

Det drog på med litt skyer ut over dagen, og sola forsvann no og då. Eg gjekk likevel berre i shortsen. Ganske kaldt i nordadraget, men det gjekk. Alltid kjekkast å gå mest mogeleg lettkledd. Turane går lettare då. Dessutan mindre å dra på. Eg hadde likevel med meg ei rumpeveske med ei trøye i for sikkerhets skuld. 

No gjekk eg som vanleg opp frå Rørvika til opp under Rørvikenipa, traverserte rundt på vestsida til Nipevatnet og opp urane til toppen. Men returnerte ned på sørsida der ein som oftast går opp frå Dalsfjordsida. Det er flott utsikt austover, vestover og sørover her. Frå toppen er det inga utsikt mot sør og sørvest. Sidan eg har så mange videosnuttar frå toppen, bestemte eg heller for ein snutt frå sørsida i dag. Alltid kjekt å sjå Dalsfjorden veit du...:-) 

Eg returnerte vidare til Nipevatnet. Isen og snøen låg her å duppa i det knallblå vatnet. Fantastisk flott og malerisk. Ekstra kjekt var det å sjå snøsporven hekke i området. Den er på retur bestandsmessig.

  Knallblått Nipevatn i dag...

Då eg gjekk ned og vestover til Toppedalsvatnet, såg eg tre personar som var på veg oppover under Rørvikenipa. Den flotte dagen hadde visst fått andre ut av hiet òg. Det skulle jo elles berre mangle. 

Turen vestover forbi Kringlefjellet til Høgefjellet gjekk heilt som planlagt. Det gjekk litt sauer på strekninga, men elles var det berre heipiplerkene som flaug opp rundt meg eg registrert som liv. 

Veldig fin tur dette i dag...! 


Fra Blegja_Høgefjellet 190712_1
Sol og herlig mat gjorde godt i Tyrkia!
No har eg meir å gå på...:-))


onsdag 18. juli 2012

Naglebit i juli



Moldura i dag

Eg var ein grei tur på Moldura i føremiddag, men jau var det kaldt. Naglebit og kulsing midt i juli. Ikkje akkurat som forrige veke nei. Minst 30 grader mindre enn då... Nesten vanskeleg å forstå. 

Sauene såg likevel ut til å trivast. Det gjekk heile flokkar på nordsida av Moldura mot Stongfjorden. Og nokre utover mot Langeberga og Størdalsstauren (t.h. på bildet ovanfor). Dei såg ut til å kose seg på det frodige fjellbeitet. Lamma som har beita her oppe må bli av ypparste kvalitet

Elles var det blitt veldig blautt oppover etter regnet i det siste. Mykje myrar og vatn gjer det jo tyngre å gå. Det vart difor ikkje så mykje springing ned igjen i dag. Men det fekk eg no gjort i frå meg i går, for å seie det slik. Fin tur!

tirsdag 17. juli 2012

Sosiale dagar

 April 2012
Kristine på Fauske i Bygstad

 Kristine på bokhandelen hos besta i Dale

I går var mellomste dotter mi Kristine 30 år. Ein liten milepæl i livet. Ho såg visst ikkje mykje fram til det æsj-talet... Og det er vel gjerne slik med dei fleste av oss - vi har ikkje så mykje lyst  å bli  eldre enn det vi er. Men derom er det intet at gjøre! Når eg prøver å seie at eg nettopp tykte at eg nådde 30-talet sjølv, så er det sikkert ikkje så lett å forstå. Slik er det no eingong med alderen. Det viktigaste er å vere nøgd med dagen i dag som han er. Den kjem aldri att...! 

No feira visst Kristine dagen i Bergen. Men det vart iallefall middag og kaffislabberas i Førde i går med den næraste familie. Alltid kjekt å treffast. 

I dag tok eg turen til Dale og besøkte foreldra mine. Åra står ikkje stille for dei heller. Mamma er særs oppegåande og positiv, men diverre skortar det litt på fysikken for far min. Heldigvis er det ingenting i vegen med vitet, sjølv om staheita gjerne kunne vore litt avslipt. 

I ettermiddag tok eg meg ein god joggetur til gruvene i Vågane. Den gamle ruta. Det gjekk så lett som aldri før. Både opp bakkane og siste stykket heim. Ja så lett at eg storkosa meg og måtte le med meg sjølv både opp og ned. Tyrkiaopphaldet har jammen gjort godt! Joggeturane i 30 varmegrader på morgonen der nede må ha virka positivt. Eller så må det ha vore dei gedigne måltida og fråtsinga i frukt og is. Eller kanskje rett og slett 14 dagar med sol og varme og rikeleg med D-vitaminer? Dei skal visst gjere underverk på det meste, både kroppsleg og psykisk. Det silregna og var 12 varmegrader på joggeturen i dag. Det kjendest nesten som om kroppen bad om akkurat det. Kanskje er det dette vestlendingen innerst inne er bygd for...;-)
  

søndag 15. juli 2012

Dei gamle fjell...


Myrull med utsikt på Moldura
Etter å ha styrt med bilder, videoar og tekst til bloggen frå Tyrkia tidlegare i dag, tok eg meg ein tur på Moldura. Nokre forandringar er det jo heile tida på desse turane. Eit klokt hovud har sagt at vi har 365 årstider. Litt overdrive, men likevel... 

Ein ting var at omlag alle merkestengene mine var nedrivne, og mange brotne sunde, av sauene som no går her oppe. Det er vanleg at sauene klør seg på tre og anna som stikk opp. Her oppe er sjølvsagt merkestengene gode til slikt. Diverre er desse no både gamle og grå etter å ha stått ute heile året i fleire år, og tòler ditto. Sjølv om dei har tòlt både Dagmar og andre stormar, vart nok sauene i tøffaste laget. Noko anna er sjølvsagt at stengene er eit framandelement her oppe under Moldura, sauene ikkje, så slik er no ein gong naturen...

Elles hadde eg moro av ein ganske stor hareunge som pilte framfor meg eit heilt stykke høgt oppe på platået. Han trudde han stadig vekk gøymde seg vekk for meg i gåretningen min. Eg fekk diverre ikkje festa han på videoen, då han overraska meg gong etter gong. Artig!

Endå ligg her faktisk ganske store snøfonner på nordsida av fjellet. Og inne i Blegja såg eg det ligg endå meir. Eg kan ikkje hugse det har lege snø slik midt i juli nokon gong. 
Det var godt å kome i gong igjen med fjelltrimmen. Overskotet er iallefall på plass. Det gjekk fantastisk lett opp i dag. Såvidt eg løyste sveitten. Kanskje ikkje så rart med dei temperaturane eg har opplevd i det siste...!

Sommardagar i Tyrkia

 Tidleg morgon ved kanalen i Icmeler

Å summère i hop 14 dagar i Icmeler/Marmaris-distriktet i Tyrkia på ein kortfatta måte er ikkje så enkelt. Det viktigaste å fortelje er vel at vi hadde ein særs vellukka ferietur. Eldste dotter mi Margunn og barnebarna mine Sander og Hanna vart med. Vi greidde å halde hemmeleg for Olaug at alle ungane og barnebarna henner òg vart med. Det kom difor som eit sjokk for henne at Marie, Torbjørn, Håvard med Miriam og ungane Tora og Tirill kom til i Bergen. Sidan før jul i fjor har vi heldt dette hemmeleg. På tax-freen på Flesland sleppte vi bomba. Ein forseinka 50-års presang til Olaug! (Videoen av opptrinnet har eg lagt under privat på YouTube - den eignar seg ikkje i offentlegheit...:-)) Eit stort følgje på i alt 12 personar tok difor av frå Flesland 29/6 for ferietur til Tyrkia. 

 Istanbul frå flyet

Reisene gjekk perfekt frå ende til annan. Siste bil til ferja på Lavik, og siste bil på nattferja heim frå Oppedal 14 dagar seinare. Sjeldan mykje flaks med ferjene...! Flyturane supre. Ungane heilt uredde. Og flya nokolunde i rute, trass i lite flygeleiarar på arbeid rundt omkring. Nokre timar i buss frå Dalaman til Icmeler, og omvendt, gjekk heilt smertefritt òg. Aircondition i bussane var ein klar føremon. Også eit kvarter stopp undervegs med litt shopping/dobesøk var fint. Bussturane tok ca 2 timar kvar veg. Noko som gjekk relativt fort med så mykje nytt å sjå frå bilvindauga. 

Hotellet Blue Star Prince i Icmeler svarde heilt til forventningane. Kjekk betjening, veldig bra service, god mat og godt reinhald. Krydra med eit supert leikeområde for ungane. Greitt og passeleg basseng, godt barnebasseng og i det heile teke eit fint hotellområde, berre 100 meter frå den flotte stranda. Hotellet anbefalar eg på det varmaste. 

Morgonstell på Blue Star Prince

Varmen ja. Det var sjølsagt eit stort sjokk å kome til fleire og tredve varmegrader frå sipande regnvèr og 12 grader heime. Men det var jo akkurat det vi kom for. Og sola steikte i 14 dagar til endes, utan ei sky på himmelen. Vel, ein dag såg eg to skyer ute i horisonten...:-) Eit par dagar på slutten av opphaldet vårt passerte termometeret 40 grader i skuggen. Greitt å ha litt. ja akkurat, skugge innanfor rekkevidde. Personleg kunne eg likevel ligge i sola heile dagen då etter ei bra tilnærming frå faktor 30 til 10 og til slutt 6. Ungane derimot hadde best av å ta pausar frå sola midt på dagen når denne var sterkast. Inn på altanen vår om morgonen i 7-tida var sola så sterk at du nærast kunne sjå at du vart solbrend utan solkrem. Heilt ekstremt! Etter joggeturane mine åt eg medbrakte havregryn frå Norge til frukost her, før dei andre hadde stått opp. 

Nokre store fjell er det ikkje akkurat i Icmeler. Eg var oppom det høgste. Så det vart som nemnt jogging på meg. Det er ein kjempeflott strandpromenade frå Icmeler til Marmaris. Kor lang denne er veit eg ikkje eksakt. På kartet står det 10 km, men det trur eg må vere etter hovudvegen som går ovanfor. Denne promenaden er bilfri, hellelagd og fantastisk utforma. På desse 14 dagane sprang eg denne ruta 9 gonger tur/retur. Tidleg på morgonen gjekk det nemleg an å jogge. Eg sette klokka på 5.20 (4.20 norsk tid) då temperaturen varierte frå 24 til 28 grader på denne tid av døgnet.  Då var det forresten akkurat begynt å lysne av dag òg. Litt varierande morgontrekk gjorde godt.


 Motiv frå joggeturane til Marmaris før soloppgang

Morgonen er ei fantastisk tid på kysten av Tyrkia. ( Eg elskar morgonen - av fleire grunnar. Livet startar på nytt då). På kyststrekninga til Marmaris var somme av ungdommane endå ikkje ferdige med beach-partiet sitt. Andre igjen var på veg på jobb. Somme hadde jobba heile natta som nattevakter eller nattklubbvakter. Og fleire heldt vakt langs kyststrekninga og hotellområda til Marmaris. Fleire kom eg på hels med. Dette var også tilfelle med fleire andre turgåarar som òg tok morgonturen sin på denne tid. Spesielt i utkanten av Marmaris gjekk fleire daglege tur før fuglane hadde stått opp. 

Ein kar eg hugsar godt, var ein eg sprang forbi like før eg snudde, og så sprang forbi igjen andre vegen. Då stoppa vi opp begge og vart pratande. Han lurte på kvar eg kom frå, og då eg svarde Norway lo han. Han sa at han vart kjend med ei norsk jente for litt sidan, og avtalte at han skulle treffe henne utanfor hotellet hennar. Då han kom dit, var det første ho sa at han var 3 minuttar for sein. Dette var nok for han. Det fortalde mykje om norske jenter - no hadde han ei russisk i staden....! Vi lo godt begge to. Før klokka 6 om morgonen (5 heime). Kanskje fortel denne historia noko vi kan legge oss på minne? 

 Ein blid og hyggeleg kar, her før kl 06 om morgonen,
 var ikkje spesielt begeistra for norske jenter lenger...

 Vart på hels meg mange smilande nattevakter på grytidlege joggeturar. 
Han her var blant dei blidaste, men kunne ikkje eit ord engelsk...

I det heile er folk i Tyrkia vennlegheita sjølv. Slik eg opplever dei. Spesielt mange av kurdarane som servar turistane. Men sjølv langt ute på den tyrkiske landsbygda blir ein møtt med eit ope sinn, vennlege, blide og hjelpsame. Sjølvsagt dreiar mykje seg om pengar. Men mange bryr seg faktisk ikkje så mykje om det. Det var som han sa han morgonfuglen ovanfor, då eg sa at han måtte ta seg ein tur til Norge og få seg godt betalt jobb, at "money means nothing". Kanskje har han rett? Eg veit ikkje om pengar har gjort nokon spesielt lukkelege.... 

Maten i Tyrkia er noko for seg sjølv. Vanvittig god! Fantastiske kjøtrettar, kebab og sjømat. Eg legg alltid på meg eit par kilo på desse turane, sjølv om eg mosjonerer bra. Seine og store middagar, is og andre kaloriar får ta skulda for det. Ferie er no ferie.... sjølv om kondisjonen og den generelle forma ikkje tek nokon skade av det. Men set ein seg først ned kjem ein seg ikkje opp att....! Eller rettare sagt - legg seg ned - på ei solseng! Det var som eg sa til Olaug, då vi kom første dagen på stranda, og eg såg to eksemplar av to kvinnfolk, knallbrune, digre og som velta seg på nokre solsenger under bare sola, at dei minte meg akkurat om desse sjøløvene eg ser på naturfilmane på TV. Same farge og same utforming...! Vel, vel eg skal ikkje harselere så mykje over det. Sjøløver er gjerne nøgde med seg sjølv dei...

Motiv ved infoskiltet om bymurane på Amos

Tja, kva meir skal eg velje å skrive om? Minna er mange og fleire. Vassparken i Marmaris - enorm - yrande folkeliv, tett strandliv, jeepsafari, bading på øde strender, Amos - eldgamal kulturby frå 3tusen år før Kristus - båtturar, handleepisodar etc etc. Det vil dra for langt. Kanskje legg eg ut nokre korte glimt seinare, men i denne omgang får det halde. Bilda på linken under fortel gjerne sitt. Meir enn tusen ord. Eg skal legge inn tekst til dei fortløpande og ved høve. Som mange andre turar til Tyrkia var denne òg fantastisk bra og minnerik. Ikkje minst for Olaug og hennar "surprise-party"...!

Foto ferie Tyrkia 2012

Fra Ferie Tyrkia 2012


P.S. Det ligg fleire videosnuttar på kanalen min på YouTube!