torsdag 28. juni 2012

Sommar og snø på Blegja

Blegja i ettermiddag

Eg var oppom Blegja på veg heim etter arbeid i dag. Sidan eg no skal vekk på ferie, og vèret var så fint, følte eg litt trong for det (p.s det blir folk i huset hvis nokon tenkte noko anna....:-)) 

Eg gjekk opp i joggesko, sjølv om eg då visste eg blei våt. Det første partiet oppover er likevel så tørt, og fordelen med lette sko så openbar, at eg valde det.  Første snøen ligg i bakkane under Rørvikenipa. Ranane bortover traversen mot sør er snøfrie, men frå Nipevatnet og opp, ligg det for det meste snø heile vegen. Unnataket er øverst i ura og i "salen" mellom nipa og platået opp på sjølve toppen. Her ligg heile ura no i opne dagen. 

Det var fantastisk flott oppover. Sol og heilt stilt. Eg gjekk difor i bar overkropp, og kunne berre gje på. Men i dei snøfylte partia som nemnt ovanfor, er jo ikkje joggesko nett det beste å ha på føtene. Litt skrens og smågliing vart det difor i bakkane. Våt og litt kald på føtene vart eg sjølvsagt òg, men det tok eg no berre med meg. 

På toppen var det suverent. Vindstille. Praktfull utsikt som vanleg. Snøen hadde minka mykje sidan sist, men enno låg her ein god del. Skavlane var enorme enno (sjå video). 

 Store skavlar på Blegja endå
 
No sprada eg ikkje rundt så lenge her oppe. Til det var føtene for kalde. Eg tok meg difor raskt ned igjen. Sprang ned att snøpartia og frå under urane. Og turen i ettermiddag trur eg må ha vore blant dei raskaste eg har gått hit. Artig det òg.

No tek som sagt skribenten ferie. Kor mykje bloggen vert oppdatert dei neste 14 dagane er noko usikkert. Men eg er tilbake med ny giv etter det. God sommar!

Foto Blegja 270612

Ingen kommentarer: