lørdag 23. juni 2012

Roundabout

Skålefjellet frå Portavatnet Nord

Diverre var sola forsvunna i dag. Men det var opplett, bra temperatur og austavind. Eg kutta difor ut Blegja, som eg var tenkt å gå, og gjekk først på Røyrbotnholten frå Oslandsbotnen igjen. Eg manglar nokre turar inn på fjelltrimposten der. Men eg tok med meg sekk og fiskestong for å ta ein tur opp i Porten og Portavatnet etterpå.

Eg stakk innom reiret til heipiplerkene i Svelia, men der var jammen fuglane flogne. Nok eit kull av den mest talrike fuglen i fjellet var på vingene. Jammen går det fort unna. Sommaren bokstaveleg talt flyg...

Litt lenger sør kom eg over eit hissig par steinskvett. Tekk-tekk-tekk og raske forflytningar. Reiret var gøymt inn i ei steinrøys. Så det var vanskeleg å komme til med eit hurtig fotoshot. Det fekk difor vere heilt i fred. Fuglane var forresten minst like hissige då eg kom ned igjen. 


  Heipiplerkereiret var tomt, men eit hissig par steinskvett ynskte meg vekk...

Det bles ganske bra på toppen av Røyrbotnholten. Eg gjekk difor ned igjen i Svelia med ein gong. Så bar det nordover langs det nedtappa vatnet igjen til der eg hadde plassert sekken. Deretter gjekk turen opp dalen i aust for Botnastølen og til Porten. 

Nokon suksess vart fisketuren ikkje. Det kan vere sagt med ein gong. Kjøa var forholdsvis lita. Men eg veit her skal vere større eksemplar. Sikkert litt tidleg på sommaren endå. Eg let difor fiskestong vere fiskestong, åt meg eit par skiver, og tok peiling opp dalen mot Portafjellet. Sekken og utstyret sette eg att ved vatnet. 

Steik, det er fint oppover dalen her. Elva snirklar seg i idylliske bogar, avbroten av ein og annan småfoss, flott myrlandskap og irrande grønt beite for sauene langs fjellsidene der det endå ligg ei og anna snøfonna. Myrulla svaia i vinden, og molteblomstene skein meg til møtes. Nydeleg utsikt til Portavatnet Sør, Vardenova lenger oppe og til havs. Og så har vi Portafjellet då med si majestetiske form. Til og med sola stakk i gjennom for å glede meg endå meir. Lenger oppe er det kjempeflott utsikt til fjella i aust, mot Langevatnet og Nipebu, Førdefjordsida i nord og sørover til Lihesten og Brosviksåta. Og sjølvsagt til Stongfjordeni i vest. Eg laga ein snutt frå toppen, og sjølv om det starta å regn og blåse så får ein vel eit inntrykk likevel. 


Til og med sola stakk gjennom skydekket då eg gjekk opp dalen mot Portafjellet...

Snutt frå Portafjellet

Eg tok like godt og varda litt undervegs i dag. Stordalsfjellet, som ligg rett aust for Portafjellet, er vel snart på programmet for fjelltrimmen igjen. Og ruta opp langs Portafjellet, sjølv om her er litt bratt, eignar seg veldig godt til å komme seg dit. (Ein kan gå opp gjennom Porten, rett ovanfor Portavatnet, og ta opp dalen frå sørsida, øvst i Stordalen, òg. Om vinteren er dette eit tryggare alternativ. Eg hadde forresten ein tur denne vegen i vinter). 

Oslandsbotnen, Botnastølen og Porten er egentleg eit kjempeflott alternativ til å komme seg til den fantastisk flotte Stordalen og til Nipebu. Området har inga utbygging (INON) og vart heller ikkje godteke utbygt av SFE i siste "raidrunda" deira. (Diverre gjekk det annleis med Grunnevatnet og Leknesvatna lenger aust). Utan å komme for mykje inn på akkurat dette her og no, så vil eg i framtida søkje Nipebu-traktene meir frå denne ruta. Når gravmaskinene og dynamittsalvene gjer sitt inntog ved Markavatnet og Grunnevatnet vert provokasjonen i dette for tung å bere...


 Sjølv på ein gråversdag er det flott opp gjennom dalen mot Portafjellet...
Her utsikt sørover mot Portafjellet (1) og mot Skålefjellet (2) i nordvest.

Eg gjorde nokre ekstra kast med fiskestonga då eg kom ned igjen til Portavatnet der sekken og fiskestonga stod. Fleire kjø vart det, men dei fekk alle behalde livet. Som vi sa i gamle dagar om torsken då vi sette han ut igjen i, han fekk vekse seg stor til neste gong han beit på. I denne samanhang er nok det ei tvilsam ytring...:-)  

Etter ei lita stund her ved vatnet, begynte det å regne igjen. Ganske mykje faktisk, før det avtok. Men då var eg i grunn nøgd. Pakka i hop utstyret og gjekk ned igjen dalen til Botnastølen. Her tok eg nokre bilder av hytta før eg heldt fram til bilen i Oslandsbotnen. Ein flott lørdagstur var til endes...

Rivedalssauene trivst utmerka ved dei utstikkande hamrane på nordvestsida av Røyrbotnholten.

Ingen kommentarer: