tirsdag 1. mai 2012

Suverèn 1.mai

Frå Blegja ser vi no brutårna på Dalsfjordbrua

Eg var på plass i Rørvika før klokka 8. i dag tidleg, og starta opp bakkane mot Rørvikenipa og Blegja. Fantastisk vèr, stilt og eit par små plussgrader. Ja, bilruta var faktisk påfrosen heime. Men det var akkurat dette eg ville ha. Tidleg avgarde for å nytte skaren lenger oppe før sola fekk for godt tak. 

Snøen traff eg på i bakken ned under Nipebua, hytta til Arvid L. Nokre gamle spor gjekk opp den frosne bakken. Perfekt. Raskt opp og forbi hytta. Men i bakken ovanfor og under nipa måtte broddane på. Her var det endå hardare yte. Med broddar under føtene nyttar du ikkje så mykje krefter med å kome deg oppover. Og sjølvsagt føler du deg tryggare.

Oppe under Rørvikenipa forsvann sola bak fjellet. Ein kald nordaust trekk gjorde at eg såvidt heldt varmen i den enkle polartec trøya eg gjekk i. Eit par tynne hanskar og ein buff på hovudet hjelpte på, slik at eg ikkje trong å lesse på meg meir klede. Det er pyton å ha for mykje på seg. 

 Sola forsvann bak Rørvikenipa. Ruta går opp t.h. under fjellet.

Det hadde vore nokon å sigla på randonne-ski her oppe. Sporet dei hadde gått oppover passa meg  perfekt. Spesielt i det bratte henget mot toppen, og opp i "salen" før kanten på sjølve toppartiet. Her var det igjen unnasols og hard skare så tidleg på dag. Men ved å følgje sporet dei då hadde sett i den blaute snøen, slapp eg stegjern. Ja, det gjekk faktisk ganske greitt å kome seg opp over kanten utan. Sjølvsagt med litt varsemd. 

Det var suverène forhold på toppen. Litt trekk, med det var faktisk allereie no rett etter klokka 10 varme i sola. Det hadde kome noko nysnø nyleg. Varden var berre ei lita forhøging i snøflata. Så det låg nok endå to, tre meter snø på toppen. 

Etter ei runde med fotoshots og eit videoklipp, gjekk eg ned igjen same vegen. Faktisk utan å måtte ty til ekstraklede i det heile teke. Ganske utruleg.

 Fantastisk på Blegja i dag

Snøen var allereie begynt å blotne opp ned første ura der sola no stod rett inn i bakken. Så eg sprang like godt ned igjen i den tinande snøen. Men nede ved Nipevatnet seig eg såpass gjennom at trugane måtte fram frå sekken. Supert. 

Eg runda så ned dalen, med strak peiling vestover, og gjekk over Tobbedalsvatnet. Her fekk eg fylt opp vassflaska mi i eit oppkome på vestsida. Sola steikte. Det dampa av dei snøfrie bakketoppane. Eitrenipa kneisa fantastisk flott framme på sørsida. Så runda eg Kringlefjellet. Gjekk ned dalen på vestsida, og opp på Botnafjellet. Her var det mobildekning igjen. Eg fekk difor kontakt med fruen som var på veg på Høgefjellet. Det viste seg at ho og Janne og Anne var i bakkane nedom Bjørnastigen. Det gjekk difor ikkje så mange minuttane før eg fekk dei i syne. Eg fann meg difor ein fjellknatt litt lenger vest og tok meg ein pause. Eg vrengde så av meg den våte trøya, tok meg eit par skiver, og venta damene  ut. Vi gjekk deretter i lag ut på Høgefjellet. Her fekk eg teke nokre bilder med folk på òg....:-)

 Anne og Janne på veg opp mot Høgefjellet i dag.
Rørvikenipa og Kringlefjellet bakerst.

Etter ein liten seanse på toppen, der damene tok seg ei matykt, snudde eg åleine ned igjen. Sigla på rumpa ned Bjørnastigen. Rende meg gjennom nokre einerkavar lenger nede for å ta beint fram over brua ved Ålastølen. På Åsastølen i vest var det folk. Opptil fleire. Og alt av tepper og sengety hang ute til lufting i den flotte vårlufta. 

Deretter bar det ned stien til Rørvika. Ein suverèn dag i fjellet var omme. Det kunne ikkje blitt betre på nokon måte. Vi er heldige som har slike omgjevnader rundt oss...

Janne, Olaug og Anne på Høgefjellet i dag


Videosnutt frå Blegja

Ingen kommentarer: