søndag 20. mai 2012

Grøne lier kvite vidder

Motiv ved Siklabergvatna i dag

Eg tok turen Stafsnes/Moldura/Fanafjellet/Smørskornova/Røyrbotnholten/Osland i dag. Turen går forbi Siklabergvatna som vist ovanfor. Eit turområde eg set veldig høgt. 

Det var ein nydeleg morgon. Landskapet spegla seg i den blikkstille fjorden. Skikkeleg vår i lufta. Fantastisk. Etter alt skitvèret i det siste, var dette ein søndag vi verkeleg hadde fortent.
Bilen sette eg som vanleg ved vegen hjå Ansgar Bjarne på Stafsnes. Og gjekk opp den no etter kvart mest nytta ruta ute om Kvielva og Fremstelva. Tidlegare brukte eg å gå opp innanfor. Sistnemnde er vel gjerne ei meir "behageleg" rute, men noko lenger. Stien opp utanfor elvane går meir rett på mot Langedalen. 

Snøen bar første delen ovanfor dalen. Mykje var forsvunne òg. Så denne delen gjekk eg på føtene. Lenger oppe måtte trugane på. Her var det kome nysnø som ikkje bar. Det var mest behageleg med trugane på då eg sakk noko gjennom snøen. Trugane nytta eg heilt opp, sjølv om snøen var fastare lenger oppe.

Eg hadde gått i berre ei tynn Devold-trøye heilt opp. Eg slapp faktisk å ta på meg noko meir klede i det heile teke. Og klokka var berre 10! Knall sol. Blå himmel. Blått hav. Blikkstilt til havs så langt auga rakk. Dette smakte av fugl som det heiter.
  
 På Moldura i dag

Eg tok nokre bilder og heldt fram ned igjen til under toppen på nordsida. Det bratte henget mot Fanafjellet var rein snøsørpe no etter at sola hadde grilla snøbakken. Her er likevel så bratt at eg tok av meg trugane for å ha betre kontroll. Lenger oppe hadde eg nesten brukt trugane som ski i den våte snøen. Akkurat det var lite lurt i denne traversen...! Eg skulle jo over og ikkje ned i botnen.... Eg kom meg deretter greitt bort på Fanafjellet. Her var all snø "gone by the wind". 

 Nattefrost viser att ved Fanafjellet

Eg bytte ei trøye på Fanafjellet. Så gjekk turen vidare austover mot Mannskaret. Austover her i frå tok eg ein liten dugnad på vardar og T-merking mot Siklabergvatna. Vel og merke på det som var synbart over snøen. Frå vatna måtte trugane på igjen. Her ligg det framleis noko snø. Trugane nytta eg til eg kom til nordsida av Smørskornova. Då var det slutt med dei for dagen.

Eg tok sjansen på å gå over nordenden av Langevatnet. Vatnet er framleis isdekt, men det er gått opp ved osane og midt på. Frå Smørskornova til Røyrbotnholten er det no snøfritt. Bakkane formeleg dampa av den varmande sola. Nydeleg utsikt til Dalsfjorden, Rivedal, Tysse, Leite og Strausmnes. Vardenova kneisande i aust. Svelia, Osland og ein bit av Førdefjorden i nord.

 Fin utsikt til Straumsnes frå partiet mellom Mannskaret og Siklabergvatna
Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet t.v.

Andre menneske såg eg ikkje. Ikkje hadde nokon registrert seg på fjelltrimposten på Røyrbotnholten heller. Klokka var nøyaktig 12 då eg skreiv namnet i boka. 

Eg åt ei dobbel skive med bruost og drakk litt saft, før eg gjekk ned igjen den bratte slukta mot Svelivatnet. Nedstigninga var ikkje heilt risikofri. Det var skikkeleg vått og glatt etter snøsmeltinga på svaene ned. Men med litt varsemd gjekk det greitt. Diverre var Svelivatnet veldig nedtappa. Då ser det ryse ut her oppe. Ein må berre prøve å fortrenge det sørgelege synet. 


 Det er eit sørgeleg syn når Svelivatnet er nedtappa som no...

Det var sett av nokre heilt ferske foravtrykk på stien nord igjen. Då var det nok folk i Svelia. Frå bildet eg tok av hytta ser eg i ettertid at det var dugnad. Lufting av madrasser, tepper o.a. er synbart.

Dugnad på veirehytta i Svelia. 
Foto frå nordsida av Smørskornova. 

Det måtte også vere aktivitet på Botnastølen. Skoddane på rutene var slegne opp. Men folk såg eg ikkje. På toppen av Brekka stod det to bilar. Og nede i Oslandsbotnen var det parkert tre bilar. Folksomt her oppe idag.

Heldigvis høvde det seg slik at eg kunne sitte på med Sissel, fruen og Peter frå Osland, då dei kom frå Høgefjellet i Kvammen. Flaks. For vegstykket frå Oslandsbotnen til Osland var faktisk det tøffaste på heile turen i dag. Det er slitsomt å gå etter berre vegen i dampande og våte fjellsko når du har gått fleire timar i fjellet... Og iallefall greitt å sleppe å gå asfalten til bygds igjen frå Osland i tillegg. Nok ein nydeleg turdag var i boks!
 
FOTO Fra Moldura_Røyrbotnholten_Osland 200512
Ein blå Auris er parkert på Stafsnes

Ingen kommentarer: