lørdag 19. mai 2012

Full pakke

Dagens hopp på Høgefjellet...
Blegja som eg kom frå ligg bak...

Eg gjekk opp igjen 1.mai-turen i dag. Eg var såleis på plass i Rørvika i 8-tida og tok opp bakkane. Vèret var halvskya med litt sol inn i mellom. Betre i ytre strok. Eg såg frå Rørvika at det låg morgonskodde på toppen.

Snøen traff eg som tenkt nedom Nipebua. Men det låg ein god del blaut nysnø på den gamle. Denne var tung å ta seg opp gjennom. Første bakken seig eg godt gjennom på skorna. Noko som kjendest godt på pusten! Eg valde difor å ta på meg trugane. Under Rørvikenipa vart underlaget hardare. Eg gjekk likevel med trugane då det som kjent er godt jarn under desse. 

At våren har kome seint i år er det ingen tvil om. Eg for min del kan ikkje hugse at det har lege så mykje snø her oppe på denne tid. I nokre sprekker på Nipevatnet kunne eg sjå fleire meter rett ned. Og endå såg eg ikkje vatn. Opp gjennom "urane" var det nesten slake parti. Sluktene effektivt jamna ut av snøen. Nokre gedigne snøballar var rulla ned frå Nipa. På sørsida var det gått fleire ras. Det må ha snøa mykje her oppe under det siste regnvèret vi hadde i lågare strok! 

Midt oppe i ura, og før den siste bratte stigninga, tok eg av meg trugane og skifta dei ut med stegjarn. Heldigvis var desse med i sekken. For ovanfor eit nytt ras, som eg seig skikkeleg gjennom no utan trugane, var det skare igjen. Og under og over kanten hadde eg ikkje gått opp utan. Det hadde nesten vore litt for riski, sjølv om det ikkje var steinar som stakk opp under ein eventuell seglas ned igjen. Så eg kom meg ganske greitt over kanten og inn på platået. 

 Utsikt mot Dale frå sør på platået

Skodda kom og gjekk. Først var det ganske tett. Sidan letta ho. Eg tok nokre bilder ut i skoddeheimen. Men så fekk eg brått nokre som var brukbare. Første videoen vart sikkert berre graut (har ikkje sett den endå). Den siste vart kanskje bra. Varden var berre såvidt ein liten forhøging i all snøen. Steik - det var mykje snø gitt. Faktisk endå meir enn 1.mai. Det kjem til å ligge snø her til langt ut over sommaren... 

Eg gjekk sør på platået der vi kjem opp frå Hestad. Her letna det såpass at eg fekk sjå til Dale og Dalsfjorden. Storehesten dukka delvis opp frå skodda òg. Ja, det vart retteleg fint. Kaldt var det heller ikkje. Litt trekk må ein alltid rekne med. Deretter fann eg att holet i skavlen, og tok ned igjen same vegen som eg kom opp. 


 Traff Anita og Dag Tore på Høgefjellet...
Anita hadde nye kledelege sko som stod i stil med dama...;-)

Nede ved Nipevatnet igjen, gjekk eg vestover til Tobbedalsvatnet. Eg var litt skeptisk på å gå over, men med trugane på føtene tok eg sjansen. Det gjekk heilt fint, sjølv om eg syntes eg seig vèl mykje gjennom eit bèl... Så runda eg Kringlefjellet og gjekk vestover fjella til Bjørnastigen. Her kom Dag Tore og Anita opp. Etter å ha preika litt, sette eg av meg sekken og tok meg eit par skiver og litt drikke, før eg traff dei igjen på motsett kurs inne ved toppen av Høgefjellet. 

No var det blitt skikkeleg fint. Varmt og godt i sola. Eg kosa meg litt på toppen, før eg tok den vanlege ruta ned igjen til Rørvika. Kjempeflott tur!

FOTO Fra Blegja_Høgefjellet 190512_1

 Toppen på Blegja i dag. Varden er framleis borte vekk i snø...





Ingen kommentarer: