fredag 20. april 2012

Super ettermiddag på Høgefjellet

Høgefjellet i ettermiddag

Eg snakka med Arvid L. i Rørvika både i dag og hin dagen for å forsikre meg om at det var i orden med parkering og at eg gjekk gjennom tuna der inne for å kome meg på Høgefjellet. I tillegg ringde eg på i eit anna hus, og snakka med ei dame om det same. Som eg skreiv tidlegare, så er det ikkje så kjekt å gå opp i tuna til folk til alle døgnets tider utan at ein har fått helst på og "vist ansikt". Eg likar ikkje å ta meg til rette slik utan vidare. No er det sjølvsagt i heilt spesielle høve ein blir nekte å ta seg fram over annan manns grunn, men det går alltid an å bruke litt sunn fornuft. 
I dag slo eg av ein god prat med Arvid L. på bøen ovanfor husa der han var ute å lufta hunden. Vi har jo helst på fleire gonger før om åra på Nipebua, hytta hans, som ligg under Rørvikenipa på ruta til Blegja.

Det var fantastisk vår i lufta, og ein heilt annan temperatur i dag enn tidlegare. Det synte seg godt igjen oppe i brattaste bakken mot toppen, der snøen no var blotna opp. I ettermiddag gjekk det difor heilt fint å gå opp berre på skorna utan noko under. Men frys det på igjen om natta blir det igjen knallhardt. Så bratt som det er her er det ikkje særleg moro utan broddar eller stegjern då. 
Trass i austavind var det nydeleg på toppen. Rett nok litt disig, men god temperatur. Snøen tina i små sitler etter berga, og sola varma bakkane på sørsida mot Bjørnastigvatnet. 

Etter ei lita stund på toppen tok eg strake vegen ned igjen. For det meste sprang eg til fjorden frå partiet under snøgrensa. Men obs her er steinete mange plassar, og ikkje heilt ufarleg med for stor fart. Du skal time det godt hvis du gir på, elles er det jammen lett å snåve eller vrikke ein ankel.


Fra Høgefjellet_Kvammen 200412

Ingen kommentarer: