tirsdag 17. april 2012

Høgefjellet i Kvammen

Mektig utsikt frå Høgefjellet til Rørvikenipa og Blegja

Eg tok med meg fjellklede på jobb i dag, og gjekk på Høgefjellet i Kvammen på veg heim igjen. Det er fjelltrimpost på dette fjellet òg i år. Dette er første turen min hit sidan eg gjekk på Blegja i fjor haust og ut her. No når lyset er kome att om kveldane har eg tenkt å gjere det same framover når det passar seg slik. Fint å stoppe på veg heim utan å måtte køyre inn igjen. 

I dag gjekk eg opp frå Løvika for første gong. Dette er lenger enn å gå frå Rørvika. Men frå  Løvika slepp ein å gå gjennom gardstuna i Rørvika. Eg er litt usikker på kor populært det er med parkering og trakk rundt husnovene til folk der. Så kanskje eg vel å gjere det på same måten framover. Elles er det veldig god sti oppover til stølane. 

Utfordringa på turen var å kome seg opp det bratte fjellet på nordsida. På grunn av kulden var snøen knallhard. Og her er det bratt... Eg hadde ikkje med meg stegjern. Dei skulle eg gjerne hatt. Men broddane hadde eg heldigvis med. Utan dei hadde eg ikkje tort meg opp. Wiren som er lagt ut for å halde seg i siste skora opp, var for det meste nedfrosen. Men den øverste biten låg fri. Det var bra. For her låg det fleire litt skumle issvullar på det nakne berget. Opp kom eg meg utan problem, sjølv om eg kunne tenkt meg snøen litt blautare...:-) Bort det småkupperte terrenget til toppen i vest, gjekk det heilt greitt.  

Frå toppen på Høgefjellet er det flott utsikt til havs, og dei kjende øyane utanfor Sunnfjord. I sør ligg Eitrenipa og Fossedalshengenipa med Bjørnastigvatnet framfor førstnemnde. I aust tronar Rørvikenipa, Blegja og pinnaklane på Heilefjellet. Rørvikenipa er fantastisk flott frå denne vinkelen. Som ein slipen diamant. Eit K2 i miniformat... Mot nord ligg Førdefjorden, Vevring, Engebøfjellet og Håsteinen. Med andre ord nydeleg utsikt i alle himmelretningar. 


 Som eit K2 i miniformat tronar Rørvikenipa i aust.
Blegja t.v.
Legg merke til raset midt i bildet...

Eg knipsa som vanleg nokre bilder frå toppen, før eg tok same vegen aust og ned igjen. Det er lettare å kome seg opp enn ned igjen bratte og skarefylte bakkar. Vel, ned igjen kjem ein no alltid då... men helst med alle lemmer intakt. Så eg tok det heilt piano. Kneskjelv er eg ikkje plaga med, men det er greitt å ikkje rushe det heller når forholda er litt tricky... Og ned bakken til under snøen kom eg meg utan problem. Derifrå og til fjorden igjen sprang eg for det meste. 
Kjempetur...! 
Fin utsikt til havs frå Høgefjellet i Kvammen

2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

Som vanlig Gustav - mange flotte bilder og turopplevelser på deg. Tror du er like ivrig i joggeskona som du er i fjellskona for tiden. Spreking!

Nydelig videosnutt lenger nede her forresten, tok meg tid til den her i sted ;)

Ha en flott onsdag og god bedring med armen. Har en vanskelig høyrearm jeg også som har vært vrien noen uker. Redd det er betennelse, men later som det ikke er det - enn så lenge, he-he! Du får komme deg til fagfolket og få skikkelig behandling, så blir du vel kvitt smertene. Nyt turene til fjells, har ikke mye tro på kun avslapping jeg heller :D

Eli Kristin

Unknown sa...

Takk Eli Kristin. Kjekt med ein oppmuntrande kommentar.

Eg skal vel ikkje klage så mykje i all offentlegheit, men det er klart at armen har plaga meg i fleire veker no. Eg har ikkje vore vand med særlege plager, så det er klart at smertene slit litt. Men kvinnfolk hevdar jo at mannfolk ikkje toler så mykje, so då so...:-)