tirsdag 3. april 2012

Med ei vond arm...

På toppen i sør

Jammen hadde eg flaks med vèret i dag òg. Så eg gjekk meg ein ny flott tur på Moldura i dag tidleg. Eg parkerte på Stafsnes på hi sida av vegen for Ansgar Bjarne og slo av nokre ord med han då han steig ut på trappa. Heldig var eg som hadde tid og anledning å gå oppover ein slik flott morgon. 
Så det bar avstad oppover i fotefara frå i går. Hjorten hadde tydlegvis vore ned i låglandet om morgonen før meg, for spora hadde kryssa mitt både her og der. Lenger oppe hadde både rev og rype vore på kryssande kurs av spora mine frå i går. 

Ryper har vore på matsøk ovanfor Stongfjorden 

Det gjekk lett og fint oppover heile vegen på ruta utom. Så tidleg på morgonen var det rett nok ganske så kaldt ovanfor Langedalen og mot toppen. Det var minus 3 heime då eg gjekk, og her oppe var det vel endå nokre fleire blå. Morgontrekken gjorde det ikkje mindre kjølig. Eit lag med vindtett og hue måtte difor fram. Elles gjekk det gnistrande og flott til topps. 
Dei siste dagane har eg vore plaga med ein sene betennelse i høgre handa. Eg avlyste difor den vidare turen austover, då eg hadde ei god kjenning med den vonde armen. Litt fortryteleg returnerte eg difor ned igjen same vegen. Og tilbake var eg ved fjorden før lunsjtid. No får eg sjå i morgon korleis dette ber avgarde med armen... Han er ikkje heilt god. Kanskje best å sleppe tastaturet ei stund... 

Kystvakta låg nede på fjorden i natt

Ingen kommentarer: