søndag 1. april 2012

Ein omgang juling

Botnastølen og Botnastølsvatnet i dag

Etter at eg kom meg ned igjen frå Røyrbotnholten i går, såg eg ei anna skår i fjellet på nordsida ved Svelivatnet som såg brukbar ut til å komme seg opp. Så utstyrt med stegjern tok eg turen opp igjen i dag. Det hadde kome minst 15 cm nysnø ved Botnastølen og vidare oppover. Mange stadar var han fòka seg djupare i løpet av natta. Så det vart litt baksing med å kome seg inn i ytste enden av Svelivatnet. Ikkje nok med det - det var eit skikkeleg rennefòk med kuling i nordabygene. No er sjølvsagt nordsida av Røyrbotnholten særs utsett for denne vindretningen. Drevet og vinden tok så det verkeleg kvein i øyra og stakk i fjeset.

Eg festa på meg stegjerna oppe ved hamrane, og klatra opp skåra eg hadde i tankane. Og utan problem kom eg meg opp. Noko eg ikkje hadde prøvd på ein gong utan jern under føtene. Men på toppen av skåra, nesten oppe på toppen, tok vinden noko infernalsk. Det var som han fillerista kroppen i eit einaste kvitt fòk rundt meg. Eg kom meg likevel vidare inn til sjølve varden, godt utrusta som eg var. Eg sette meg i ly her og filma galskapen rundt meg, før eg snudde vest att over same vegen som eg kom. 

Skåra ned igjen til Svelivatnet gjekk heilt greitt. Og så var det berre å bakse seg vidare nordover langs vatnet, og til Botnastølen igjen. Inn i mellom stakk jammen sola fram òg, før den vart avløyst av eit kvitt inferno med iskald vind. Utrulig skiftande. Siste stykket frå Botnastølen til Oslandsbotnen tok eg like godt å sprang. Herlig! 

Fra Røyrbotnholten 010412

Brua ved Botnastølsvatnet



Ingen kommentarer: