lørdag 31. mars 2012

The return of King Winter

Foto på Moldura i dag

Av og til svarar det seg å komme seg tidleg av garde. Andre gonger det motsette. I dag hadde eg nemleg flaks. Vel, flaks og flaks -- eg hadde sjekke timevarsla på nettet. Men sola heldt seg iallefall til eg toppa ut Moldura i 8.30 - tida. 

Det var ein fantastisk morgon då eg starta ved fjorden. Heilt tindrande klårt og minus 2 grader. 3 cm tørr nysnø låg heilt i fjæresteinane. Eg parkerte ved Ansgar Bjarne på Stafsnes, og gjekk opp den vanlege ruta. I dag valde eg å gå den inste av dei for å få med meg soloppgangen ved Skålefjellet. Det stemde heilt perfekt oppe ved furua. 

Litt lenger oppe forsvann den låge morgonsola bak fjellet, før den nokre minuttar seinare dukka opp igjen mellom toppen av Skålefjellet og Svarthamrane. Lyngen og trea fekk ein nydeleg raudfarge av dei låge morgonstrålane...



Sola dukka opp igjen rett sør for toppen på Skålefjellet

Sjølv om eg tok litt bilder undervegs oppover, gjekk det fort. Forma er upåklageleg. Litt sig var det rett nok i det halvfrosne myrlendet, men då eg kom meg opp i den gamle snøen, var underlaget fast og fint. Litt isete somme stadar, men ikkje verre enn at det gjekk heilt greitt opp utan noko anna på føtene enn skorna. Trugane bar eg forresten med meg heile turen utan å nytte. 
På toppen var det kald morgontrekk. Ja, såpass kald at eg bestemte meg for å skifte på meg nokre tørre og varme klede. Det gjorde godt, for jammen vart eg fort frostig og valen på nevane. Utsikta var sjølvsagt som den pleier, sjølv om bøane langs fjorden var klårt grønare no enn forrige veke. Men ute i havet trua ein blålilla himmel med vèrskifte. 

Eg følgde så platået nordover, og kryssa den bratte skjeringa mot Fanafjellet i nord. Her låg snøen hard, men eg kom meg akkurat over ved å hamre hælane ned i skaren. Noko kjekt er det neppe å segle fjellsida ned til tjørna som ligg i botnen her... Rett nok stikk det ikkje opp steinar endå.
Så gjekk eg raskt opp på Fanafjellet, Nyken og vidare inn mot Mannsskaret. Det skya gradvis meir og meir til. Og til slutt forsvann sola. Himmelen bak meg, vest over Moldura, såg illevarslande ut. Men eg heldt berre fram. Gjekk rett over Siklabergvatnet, trass i nokre elvemunningar som var gått opp, og vidare opp skaret og til Langevatnet. Her kryssa eg vatnet på veg austover, og så opp på nordsida av Smørskornova. 
Ruta frå Mannsskaret og inn hit er ein del av DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Ein og annan varde og T stakk opp. Det trengs likevel litt måling på ein del av T-ane, sjølv om ein gjerne skal vere litt forsiktig med å overdrive dette... 

Den nordvende hellinga av Smørskornova var litt småskummel. Skaren var knallhard. Til dels isete. Spesielt nedstigninga på nordaustsida. Men det gjekk greitt med broddar på føtene. Ikkje lenge etterpå var eg inne på toppen av Røyrbotnholten.

Utsikt mot Straumsnes frå Røyrbotnholten.
Det har skya til no...

Eg skreiv meg inn i boka som seg hør og bør, knipsa eit par bilder, før eg gjekk bort på austsida for å sjekke forholda for ein retur i nordaust til Svelia. Men her bestemte eg meg for å late vere å prøve meg ned. Stegjerna hadde eg ikkje med meg, og det såg ganske heftig ut ned til vatnet ved elva. Eg gjekk difor tilbake og gjekk ned skaret eg kom opp frå nord sist. Det skulle vise seg å bli ei litt dristig affære. For Svelivatnet var blitt smekk fullt sidan sist. Og all isen på vatnet hadde brotna opp langs land. Etter å ha kome meg ned til vatnet frå skaret, kom eg meg ikkje rundt hammaren som ligg her, og vidare inn i botnen i vest. Gode råd var dyre. Å klatre meterane bort etter loddrette hammaren gav eg meg på. Då hadde eg ramla i vatnet. Å gå opp igjen ville koste både tid og krefter. Eg måtte då ha gått vidare opp igjen over nordsida av Smørskornova, for så å kome ned igjen heilt vest oppe i Svelia. Men til sist bestemte eg meg for å hoppe ut på eit isflak som ikkje låg meir enn meteren frå land og håpe isen heldt. Isen i seg sjølv skulle vere tjukk nok, sjølv om det låg eit snølag opp igjen på som gjorde det vanskeleg å bedømme tjukna. Eg måtte smile litt med meg sjølv då eg landa på "fast" grunn og ikkje gjekk gjennom og i vatnet...  Og etter å ha hoppa ut på eit isflak til, kom eg meg rundt hammaren og på land på hi sida. 

I botnen på vestsida av Svelivatnet.

Eg letta litt på kleda ved vatnet. Ja, til og med vèret vart lettare òg no. Det kom berre nokre få snøfiller høgare oppe på fjellet. Så gjekk turen vidare til nordenden av vatnet, og ned igjen på Botnastølen. Snøen i skaret her var forresten ganske så iste den òg, men det gjekk heilt greitt med broddar. 

Etter å ha snakka med fruen som var på veg til Førde, kom Håvard og henta meg ved fylkesvegen. Ein rask spasertur langs den gruslagde vegen frå Oslandsbotnen til hovudvegen gjorde egentleg ganske godt. For våren var jo komen eit godt stykke lenger her nede enn lenger oppe. Ja, kanskje er det vèl så koselig det som is og snø. For det er noko med at kvar årstid har sin sjarm.

Vårkjensle på Osland

Deretter bar det tilbake til Stafsnes etter bilen, og så var denne turen til endes... 
Det teiknar godt til påske dette... La det halde fram med bra vèr...:-)

Fra Moldura_Røyrbotnholten 310312

På Moldura i dag tidleg

Ingen kommentarer: