tirsdag 13. mars 2012

Peter attpåklatt

Peter fødd år 2000
og eldste-søster Margunn fødd 1980

Årets andre store familehappening på Yndestad er vel i hamn. For i tillegg til 1.juledag, er Peter sin gebursdag årets store familiesamankomst. (Ok 1. juledag i fjor då...:-)) Med mine 3 vaksne døtre frå før og 6 barnebarn, Olaug sine 3 vaksne og 2 barnebarn, inkludert partnarar, onklar, tanter og diverse, er dette dei to dagane i året huset vårt blir for lite. Det er berre å stålsette seg fram til desse seansane, og late det stå til. Litt ekstra opplading og trening på førehand skadar ikkje. Sjølvsagt er dette kjekke stunder, det skulle berre mangle, men skal eg vere ærleg, så er det ei lette når dessse selskapa er over òg. Kjekt dei kjem og kjekt når dei går, heiter det visst. Ein ekstra stor honnør går til Olaug som tek seg av alt styret med kakene... Det hadde blitt lite schwung over ting utan ho...!

Peter er iallefall blitt 12 år og snart stor gut. Han vil iallefall ikkje lenger kalle selskapet i samfunnshuset i Askvoll  24. mars for barneselskap. Der går grensa! Men lurt er det iallefall å samle 3 stk slike guteselskap i lag.  Huset vårt har skaka i grunnvollane når desse gutehordane tidlegare har kome på dør. Så lett er det ikkje å spyle ned tak og vegger etter dei heller. Kanskje skulle ein berre ha samla heile klassen til eit stort felles gebursdagskalas, så var ein ferdig med det....:-)

Ingen kommentarer: