lørdag 24. mars 2012

Nydeleg vårdag i fjellet

Foto frå Nordre Kringla.
 Eitrenipa i bakgrunnen.
Ruta på sørsida går langs det snøfylte skaret

Eg var tidleg av garde denne flotte lørdagen. Som vanleg vil eg nesten seie. For det er kjekkast å kome seg i sving om morgonen. Eg trivst best med det. Så i 07-tida var eg avgarde til Skjerlia med Eitrenipa som mål. 
Det var ein perfekt morgon. Det melde godvèret var på plass. 1 lita plussgrad, frosa bilrute og blikk stilt. Eg stoppa oppe ved tunnellen, og tok eit bilde av Stongsvatnet der fjella spegla seg i vatnet. Ei spettmeis skjennte litt etter å ha fått forstyrra morgonidyllen. 

Eg parkerte som vanleg ved skiltet til Nipebu i Skjerlia. Plukka den mellomste sekken min ut av bilen. Den var pakka med ekstra klede, broddar, stegjern, trugar og mat/drikke. Eg visste ikkje kor lenge eg vart vekke... 

Markavatnet var frose. Det regulerte vatnet var stappfullt. Ja, det rann over litt på demningen. Den var glatt etter frosten i løpet av natta. Eg måtte gå heilt rundt på den merka løypa som går til Nipebu. Over brua i aust og vidare opp forbi grinda. Rett ovanfor fortset stien til Nipebu over brua, medan stien til Eitrenipa tek opp på næraste side av elva. 
Som vanleg gjekk det litt tregt før eg kom skikkeleg i gong. Men det losna fort, og eg kom meg radig opp til Eitrefossen. Som vanleg hadde ein tappa ned Bjørnastigvatnet i løpet av vinteren. Dette fører til at fossen går svært stor i den kalde årstida, og omgjevnadane rundt blir til eit stort isberg. Einaste vegen opp går langs ein wire opp over ein hammar ved sidan av fossen. Her var alt frose endå, og eg kom meg med naud og neppe opp over issvullane til toppen. 

Eitt av dei finaste områda i kommunen er på oppsida av hamrane. Lagunane ligg som perler på ei snor mellom fossen og Leknesvatna. Ei perle av ein idyll... Diverre står dette området no i fare for å bli øydelagt av kraftinteresser. Det vil for evig vere ei stor katastrofe om så skjer. Vi har iallefall gjort det vi kan for at området kan nytast av framtidige generasjonar òg...


Morgon ved lagunane mellom Leknesvatna og Eitrefossen.
Fossedalshengenipa t.v.

Eg fekk første solstrålane for dagen ved lagunane. Det var som landskapet ynskte ein sann alliert velkomen. Ein audmjuk ein. Den perfekte sola i aust spegla strålane i det oransje, snøfrie landskapet. Snøen som låg hist og pist glitra i tusenvis av snøkrystallar. Blegja og Eitrenipa dukka opp. Fantastisk skue. Blikk stille morgon. Utruleg skode etter alt dritvèret i vinter. 
Eg var på førehand litt spent på korleis isen var på vatna. Det er kjappare å gå vatnet enn stien på nordsida og over vadet mellom vatna. Men det var ingen problem med isen. Nokre sprekker langs land fortalde at den var tjukk nok. Og eit knallhardt snølag opp på isen gjorde den heilt trygg.  Sjølv med mykje utskifting av vatn, pga reguleringa lenger aust, følte eg meg sikker på å ikkje gå gjennom. 
I stigninga opp frå vatnet til kanten av Eitrenipa låg det mykje hard snø. Eg hadde teke på meg broddane lenger nede, og dei var gode å ha på vidare oppover. Eg var litt spent på korleis dei bratte skara opp på nordvestsida var. Det viste seg at snøen var likeeins som lenger nede, så eg slapp å bruke stegjerna, men utan broddar hadde eg neppe tòrt å gått opp!
   Ruta på Eitrenipa frå nordvest går opp skara midt i bildet

Det var perfekt på toppen. Stille og knall sol, og jammen var det nesten snøfritt. Utsikta frå Eitrenipa er blant dei flottaste i kommunen. Nydeleg i alle retningar. Blåegga, Blegja og Storehesten i aust. Mot Gaular, Skålefjellet og Laukelandshesten i søraust. Kringla, nord og sør, og Dale, Fossedalsvatnet, Heileberget, Nonsholten og Driveknolten i sør. I vest ligg alle dei kjende fjella på Askvoll-halvøya. Moldura, Vardenova og Fossedalshengenipa er lette å sjå. Langevatnet med Nipebu midt i bildet. Mot nordvest og nord ligg Skjerlia, Svanøy, øyane i Flora-bassenget og Stavfjorden. Vidare Førdefjorden og mot Alfotbreen. Dette berre for å nemne noko av den formidable utsikta. (Sjekk elles videoar). 

Klokka var ikkje meir enn litt over 9. Det var tidleg. Eg hadde ei melding med Agnar. Han meinte eg var altfor tidleg ute. Tja, eg hadde no dagen på meg iallefall. Men eg var litt i stuss om ruta vidare. Eg fekk meg ikkje skyss i Fossevikja, så å gå ned igjen i Fossedalen som eg egentleg hadde lyst til, gjekk ikkje. Tanken om å gå på Nipebu slo meg. Men det eg enda opp med var å gå austover og sør mot Nordre Kringla. Det var altfor fristande til å la den ryggen ligge...

Nordryggen på nordre Kringla låg innbydande mitt i åsynet...
Det var litt tricky å kome seg ned hamrane og ned i slukta til oppstigninga. Snøen var knallhard, og det halla bratt utfor på vestsida (rett bakom første hammaren på bildet ovanfor). Eg måtte vere forsiktig. I dette skaret går den merka DNT-ruta til Massbu frå Nipebu aust/vest. Eg derimot berre kryssa slukta nord/sør, og heldt fram opp ryggen som vist ovanfor. Det gjekk heilt greitt til topps. Utsikta her i frå er omlag som frå Eitrenipa. Berre at du har endå betre utsikt til Dale, og kjempeflott utsikt til sørsida av Eitrenipa. Eg tok nokre bilder her oppe òg, pluss ein liten snutt igjen, før eg snudde ned att same vegen til skaret. Her heldt eg så vidare fram vestover. Ned skaret til Botnatjerna og mot Krokavatnet. Her var snøen blòtna såpass opp i solsteiken at trugane måtte fram.

Sidan Leknesvatna var trygge, var eg optimistisk med hensyn til at Krokavatnet var det same. Ovanfor hadde eg sett at snøen låg over heile vatnet. Vèl nede langs land såg eg at isen var tjukk nok. Snøen opp på var dessutan knallhard. Ingen problem. Eg bestemte meg då for å gå nord igjen heile vatnet til Krokvasstølen. 
Eitrenipa, nordre og søndre Kringla frå Krokavatnet.
Den overhengande hammaren ved vatnet t.v.

Eg merka at eg var begynt å bli svolten og tørst. Eg hadde berre drukka litt oppe ved Botnatjerna. Det einaste heile dagen. Så eg bestemte meg for å ta ein pause ved Krokvasstølen før eg returnerte Skjerlia. Det passa heilt utmerka. Bakkane låg tørre og fine, og eg fann meg ein god solvegg på stølen. Eg åt meg nokre skiver og fekk i meg litt saft. Perfekt utsikt til Fossedalshengipa og ruta mot Nipebu. Fantastisk. Varmt og fint!

Ein flott solvegg og gode skiver på Krokvasstølen...

Etter ei stund i solveggen der, tusla eg meg vidare nedover den vanlege, merka stien til Skjerlia. Tok meg ein snur bortom det flotte Grunnevatnet der furene spegla seg i det blikkstille og isfrie vatnet. Nydeleg. Deretter siste biten ned igjen til Markavatnet og til bilen. 
Ein utruleg flott tur var over. Perfekt oppladning til påske. No er det berre å krysse fingrane for at vi får same vèret... Eg har iallefall fri påskedagane og litt å gå på...:-)

Skaret frå Botnatjerna mot Massbu.
Ruta opp på nordre Kringla t.h.




Ingen kommentarer: