torsdag 8. mars 2012

Lola


She walked like a woman and talked like a man...
Eit møte med ein transvestitt.

Det seiest at den musikken du høyrde på som 15-åring føl deg gjennom heile livet. Musikksmaken din blir trigga ut frå denne alderen. Det trur eg faktisk er rett.

Eg har alltid høyrt på mykje musikk. Ei solid plate- og cd-samling vitnar vel om det. Dei seinare åra har eg likevel gått meir og meir over til MP3 filer. Dei tek ikkje så mykje plass samanlikna med LP`ane...:-) Desse dekker forøvrig ein heil vegg i andre høgda heime.

Diverre blir det sjeldnare og sjeldnare eg plukkar fram gromsaker frå LP- samlinga. Sjølv om platespelaren framleis er intakt, blir det litt for tungvint å spele plater. Og no ser det ut til at det går same vegen med cd`ane. Det er så enkelt no til dags med musikk på pc`en, Spotify, WIMP og MP3 spelar i bilen. Når det gjeld lyd er det ikkje like nøye med kvaliteten i dag som i gamle dagar. Bra kvalitet er det på lyden uansett. Både i bilen og med ekstra woofer på PC`en.  Og øyra blir berre dårlegare og dårlegare med åra likevel... Dessutan har eg konstant sologitaren til Ritchie Blackmore installert...

Som dagleg pendlar til Førde spelar eg framleis mykje musikk. Både i bilen og på guterommet. Eg prøver å halde meg nokolunde oppdatert på ein del av det nye. Og la det vere sagt - det er mykje lettare i dag enn når vi prøvelytta på musikk på Flora Musikkhandel og Musikkcenteret. Rett nok var det færre brukbare grupper då, men likevel....

Eg skal i denne omgang halde meg frå å skrive om musikksmak og grupper som har interesset meg opp gjennom åra. Men etter ein omgang med Kinks i dag tidleg måtte eg berre finne Lola på YouTube, så ovanfor ligg den for nye og gamle lyarar...  

1 kommentar:

Anonym sa...

Eldeste sønen min sendte meg ei lenkje til en musikvideo igår. Eg har vore inspirert til å skrive eit
innleg på FB grunna den videoen.

http://www.facebook.com/600106223/posts/359685117397608

Uansett det ver kjekt å oppleve at min barn hadde sån minne om det :-)