torsdag 8. mars 2012

Ei ny runde...

Yes, då er vi i gong med ei ny runde med uvèr, regn og vind - dag ut og dag inn. Nothing to do about it! Eg hadde likevel griseflaks på joggetimen min i ettermiddag. Det heldt seg akkurat tørt til eg kom heim igjen. Men vind var det rikeleg av. Så mykje meir er det i grunn ikkje å fortelje om desse asfaltturane enn at det er god trim. 

Fjellivet ser det derimot dårleg ut med. Men kanskje det ikkje er så gale at det ikkje er godt for noko - lysta på fjell kjem berre sigande meir og meir på no...;-)

Ingen kommentarer: