lørdag 25. februar 2012

Stordalsfjellet

 Utsikt mot aust frå Stordalsfjellet

Det var mykje på gang både her og der denne siste laurdagen i februar. Først og fremst var far min 80-år, men sidan mor mi braut seg sund forrige helg, vart feiringa relativt begrensa. Berre dei næraste var samla på Trollhaugen i Dale. 

Vi har dessutan hatt huset fullt med barnebarn denne helga. Og Marie og Torbjørn har vore heime. Så det har ikkje mangla på liv og røre denne lørdagen.

Eg fekk likevel tid til ein tur på Stordalsfjellet i dag tidleg. Meininga var å gå på Eitrenipa, men eg fann ut at dagen rett og slett ikkje strakk til. Men Stordalsfjellet var eit utmerka substitutt

Eg har alltid likt meg veldig godt i Stordalen. Synest det er ein flott tur opp hit frå Oslandsbotnen. opp under Portafjellet og Porten, for så å svinge austover i toppen på Stordalen. Utsikta austover u-dalen er kjempeflott. I tillegg ligg vatnet rett ned under, og Vardenova rett i vest. Det er noko med dei mjuke linjene i terrenget her oppe som fell meg inn. Spesielt når det ligg snø. 

I dag brukte eg trugar nesten heile vegen frå Oslandsbotnen. Det var begynt å fryse på skare i låglandet, men denne heldt ikkje tyngda mi. Eg var allereie sveitt oppe i Brekka då eg plukka fram trugane. Med dei på gjekk det mykje lettare, sjølv om det er ganske så tungt å gå så lenge som i dag med desse på føtene. 

Opp gjennom Porten forandra snøforholda seg. Det var eit reint islag opp igjen på snøen. Denne isskorpa bar ikkje. Det var tydleg at det hadde regna i nysnøen som nå var begynt å fryse. Ja, ikkje nok med det. Det hadde faktisk regna heilt til topps. Kor høgt det egentleg hadde regna veit eg ikkje, men iallefall høgre enn det eg var i dag. Kanskje opp i 1000 moh? 

Siste stykket opp frå enden av Stordalen og til toppen var det endå meir is. Knallhard skare/is opp på toppen. Eg valde likevel å bruke trugane med stegjerna opp, sjølv om eg hadde med meg både broddar og "ekte" stegjern. 

På veg oppover hadde det fine og klåre vèret på morgonen forandra seg. Det kom nokre snøflukser seglande, og ute i vest såg det ganske så mørkeblått ut. Skodda kom dessutan sigande. Eg valde difor å returnere ned igjen same vegen, sjølv om eg hadde planar om retur både den eine og den andre vegen. Dette trur eg var eit rett val. For på veg ned igjen vart det eit vanvittig blindeføre. Eg såg faktisk ikkje foten føre meg i alt det kvite. Eg presterte mellom anna å gå meg ut for ein liten skavlkant og landa nesten på fjeset ned i ei slukt. Det var utrulig dårleg sikt. 

Nede igjen i Porten og mot Botnastølen vart det både skodde og meir snø i lufta. Og i Oslandsbotnen regna det att på til. Ja, ja like greitt å kome seg i hus igjen, og gjere seg klar for resten av dagen, tenkte eg då... Fin tur!

Fra Stordalsfjellet 250212

Ingen kommentarer: