søndag 12. februar 2012

Min ven Toreheia

Toreheia i dag

Eg gjekk meg ein praktfull tur på Toreheia heime i frå i føremiddag. Det var delvis solskin på veg oppover mot Rinda. Men det låg ein del snø i skogsvegen, så varmen fekk eg i kroppen med ein gong. Eg gjekk berre i ei Devold ulltrøye på overkroppen og utan hue. Det fine med å gå opp på nordsida her heime, er at vårsola varmar veldig fort opp dei solrike bakkane. Ja, det var faktisk ei vårkjensle i dag... 

Til mi undring kom det eit menneskespor ut frå skogen under Rinda. Ganske små skoavtrykk. Så eg tenkte at det måtte vere ei dame som nyleg hadde gått her. Og tanken gjekk til min kollega Karen H. Det stemde. For når eg kom opp på Rinda, såg eg ho passere forbi hammaren lenger oppe. Eg veit at ho likar å gå på Skylefjellet. Og ho hadde peiling den vegen forbi hytta til Harald S. Eg for min del ville på Toreheia, og passerte over elva ovanfor Rinda, og tok snarvegen opp bakkane mot Krikavatnet.

Det gjekk heilt greitt opp fjellet med trugar. Fint opp til hytta til Lasse. Den stod like bra som før Dagmar. No var det kome eit skylag seglande nord i frå med litt snødrev i lufta. Men dette forsvann ganske fort igjen. Eg plystra meg over Krikavatnet og heldt fram stigninga mot toppen. Meir og meir av landskapet i alle himmelretningar kom til syne.

På toppen var det veldig fint. Nesten vindstille, berre med ein liten trekk i frå nord. Eg skifta trøya på overkroppen og fann fram ei vindtett og lett jakke ut igjen på. Nydeleg. Nesten som påske. Så eg fann fram ei appelsin og lest som det var påske. Vel, temperaturen var ikkje heilt som påske då for eg vart is på nevane av appelsinsafta....:-) Eg sat likevel ei heil stund der oppe i dag.

Slukta ned til kanten over Stongfjorden var temmeleg skummel. Is og snø om eit anna. Her var det godt å ha stegjerna under trugane. Frå kanten her (sjå video) og vidare utover Yndestadhøgeheia er det flott utsikt til bygda og ut fjorden til Alden, Atløyna, Heggøyna, Smelværet og Stavenesodden. Og sjølvsagt til havet og øyane i Florø. Vidare til begge sider av Stongfjorden nede og til Mjåset og Størdal. Det var isete somme plassar ut igjen fjellet òg, men lite snø, så her måtte trugane av. Det meste av snøen bles av fjellet her i synnavinden forrige veke. Sjølve nedstigninga til fjorden tok eg gjennom Selda og bøen her heime. Kjempeflott tur...!

Fra Toreheia 120212




1 kommentar:

Mandie sa...

Hi, I came across your site and wasn’t able to get an email address to contact you. Would you please consider adding a link to my website on your page. Please email me back.

Thanks!

Mandie Hayes
mandie.hayes10@gmail.com