fredag 3. februar 2012

Kvasse vindar...

 Det svei i kjakane i dag...

Det var friskt på Moldura i føremiddag. Så mange kuldegradene var det ikkje, men med vinden rett i mot, stakk det ekstra kaldt i kjakane. Du skal ikkje gå så lenge med slik stikking i huda. Då må den tildekkast. Ein buff breitta dobbelt gjorde nytten. Balaclavaen og ansiktsmaska låg att heime. Som alltid var det over tregrensa ved Langedalen at vinden tok tak. Det er mykje stillare nede i lia.

I dag fann eg fint opp ruta utom elva. Noko raskare denne vegen enn å gå lenger inn og opp. Ansgar Bjarne har merka begge, men den inste ruta er lettare å gå opp, og lettare å finne under snøforhold. Men no vil spora mine truleg vise i morgon hvis andre har tenkt seg opp.

Det kom noko snø i går ettermiddag og kveld. Ca 10 cm vil eg anta. Denne hadde fòka seg til i dei nord- og nordvest-vende skjeringane. Nokre plassar måtte eg vasse nesten til knea. Heldigvis var det ikkje så mange stadane for trugane låg att heime. Atter andre parti låg like avblesne og isete som før snøfallet. Dette kjem heilt an på korleis vinden står på, og retningen han kjem frå. 

I dag gjekk eg med broddar heile vegen. Eit lite problem med broddar er når det er knallhardt under og eit lite snølag opp på. Då får ikkje broddane retteleg tak. Slike parti er betre å gå med stegjern, men slikt går ikkje an å byte på og av heile tida. Det er betre å gå utom slike parti der dette går. Å gå med stegjern over lengre avstandar er tungt. Då er broddar betre. Dei går det an å springe med òg...

På toppen dreiv det litt skodde og nokre snøflak i lufta. Men eg tok meg likevel tida til å ta nokre bilder. Dessutan skifte eg på meg tørre og varme klede. Nokon verandes plass var det ikkje der oppe. Det er ei stund til påske endå...

Fra Moldura 030212_1
Rennefòk ovanfor Langedalen.
Her tok vinden ganske bra i føremiddag.
Stongfjorden t.v og Toreheia oppe i midten.

Ingen kommentarer: