søndag 22. januar 2012

Minusgrader og vind på Moldura

Friskt på Moldura i dag.
Ei merkestong til bruk for hovudlykt t.v.

Eg tok tidleg avgarde på Moldura igjen i dag. Søraust vinden dura inn i Yndestadhøgeheia heime, så eg var klar over kva eg gjekk til. 

Jau var det friskt frå omlag halvveges opp frå Stafsnes. Og frå der vinden fekk skikkeleg tak stod fòket rundt øyra. Med nokre minusgrader i lufta i tillegg til kulingen, var det jammen friskt. Med gòvet midt i mot, måtte brillene fram. Likeeins full vinterhabitt. Men då hadde eg i grunn inga naud. Berre herlig med skikkelege vinterforhold. For med trugar og gode jarn under, var det ingen problem med å ta seg opp, sjølv om det var is og hard skare mange plassar. Underlaget var elles forma i dei mest kunstnariske bilder ein kunne førstille seg.

Første solstrålane for dagen på Kinn, Reksta, Skorpa og Storebatalden.
Tansøy og Askrova framme t.v.
  
Første solstrålane for dagen kom på øyane ut for Florø. Med ei snøhetta på toppane av Kinn, Skorpa, Reksta, Batalden og Hovden, spegla desse øyane i gull og rosa. Så dukka sola opp på Toreheia og Ytrevågefjellet, og deretter Staveneset. Fantastisk flott. Det bad bod om ein flott dag, sjølv om det var aldri så full vinter der eg stod. Kontrastar... Ja, som livet sjølv. Glede og sorg, liv og død. Eg kunne ikkje kjent meg meir levande enn der eg kosa meg oppover i fòket og kulden...! 

På toppen var det nesten som det gav seg litt med vinden. Det var allereie kanskje begynt å spakne? For så lydde iallefall vèrmeldinga. Men så mykje styr med kameraet kunne eg ikkje tillate meg, for nevane vart som "gloande heit is" på eit minutt... Eg fekk likevel teke nokre shots og ein snutt, før eg vende ansiktet ned igjen same vegen som eg kom. Med fòket bak i frå, var dette piece of cake...

Frå toppen av Moldura ser vi i aust og bakerst Blegja, Marifjell og Storehesten.
Lenger framme Høgefjellet, Eitrenipa, Kringlene, Laukelandshesten og Heileberget.
Fremst litt t.v.Vardenova og i slukta nede Siklabergvatna og Hekkelfjellet t.h.

Men du verda - det er godt å ha jarn under føtene slik det er i fjellet no. Eg heldt på å seie som vanleg her ute ved kysten om vinteren. Underlaget blir lett polert av vinden. I tillegg er tregrensa låg. Att på til kjem nedbøren meir som regn enn lenger inne i landet, noko som fører til meir isete tilhøve. Og som vi veit er her vindfullt! Med minusgrader i tillegg riv det godt i margen utan skikkelege klede. Knalltur!

Eg vil igjen slå eit slag for bruk av trugar i fjellet. Brukar Tubbs Mountaineer 30 sine som eg kjøpte på Førde Sport. Det er tredje vintersesongen eg brukar trugar no. Dei er eit fantastisk godt hjelpemiddel i fòksnø, laussnø og på is og skare. Og ikkje minst er stegjerna under trugane kjempegode å ha i stigningar og på veg ned igjen når det er isete. Gjennom småskog og ulendt terreng med skiftande snøforhold, er dei òg suverene. Lette å bere med seg og snaue å ta av og på er dei òg. Ja, så slepp du smørning, feller og at dei heng seg fast i greiner og skog der det ikkje er snø, som ski ofte gjer når du ber dei i sekken. God trening er det i dei òg når du går ned igjen i staden for å renne. Ja, så får du tid til å fotografere òg...  For folk som gjerne ikkje er så stødige i skibruken, er trugar eit godt hjelpemiddel til å komme seg til fjells vinterdagen òg. For mitt vedkommande, som går mest åleine, slepp eg å tenke på og bryte meg sund på ski i vinterfjellet. (Du skal ikkje ligge så lenge hjelpelaus i fjellet slike dagar som i dag før det blir kritisk...) Trugar er topp det - berre prøv... Men eg har ski altså...:-) 

Vi ser mot Holmedal og Straumsnes




Ingen kommentarer: