torsdag 5. januar 2012

Heilt på vidda...

Det er vel enkelte situasjonar ein helst burde late vere å skrive noko om. No kjem ikkje alt ut i det offentlege rom av meg då, det er ikkje det eg meiner, men iallefall presterte eg å gå meg fullstendig på vidotta på Ytrevågefjellet i kveld. Eg trudde nesten ikkje det var mulig. 


Bakgrunnen var at det begynte å snøe noko grassat. Vassrett. I tillegg låg det skodde. Spora eg laga på veg opp vart viska vekk av rennefòket på ein augneblink. Og oppe på kanten, på veg ned igjen, miste eg sporet. Alt vart kvitt. Merkesteinane borte vekk. Eg hadde berre retningen på snødrevet og bakken nedover å gå etter. 

Eg rekna med at eg drog til høgre, og prøvde å kompensere, men kor mykje var klin umulig å vite. Ei stund visste eg faktisk ikkje anna enn at eg gjekk nedoverbakke mot aust. Eg ville jo komme meg ned igjen då, så lenge som eg gjekk nedover. Men om det var på Stavestranda eller Osland eg hamna var visst hipp som happ. Gjennom snødrevet såg eg til slutt lys frå ein bil nede på Oslandsflata. Det viste seg at eg hamna altfor langt mot sør. Og i snøbygene og stupmørket måtte eg forsere gjennom brysthøge einerkavar heile den bratte Oslandslia ned. Fytti rakkaren. Reine blodslitet. Og jammen var det eit stykke ned...

Ja, ja kva skal eg seie? Moralen må vel bli at ein ikkje skal bli altfor tøff i trynet... Eller som Peter sa heime - du fekk deg ein lærepenge no...! Han er elleve..:-)

(Det er sjøvsagt ei utfordring å gå i fjellet med hovudlykt om vinteren. Du ser ikkje kva vèr som er på gang. Når det er lyst ser du ofte bygene komme inn frå havet eller langs fjellsidene. Og du klarar å orientere deg mykje meir etter landskapet. Spesielt ute ved kysten endrar vèret seg fort. Særskild vinterstid. Så sjølv på ein relativt kort tur som i kveld kan ein støte på utfordringar. Kompass hadde vore nyttelaust, men ein gps hadde vel fått meg inn att på ruta... I praksis bomma eg med eit par hundre meter, men du veit - det er mørkt - du er åleine....)

Ingen kommentarer: