lørdag 28. januar 2012

Blindeføre på Moldura

Vanskeleg lys på Moldura i dag

Eg gjekk meg ein morgontur på Moldura igjen i dag. Det var overskya vèr med søraustleg bris. Eit par varmegrader ved fjorden. Eg tok opp den vanlege vegen frå nordsida. 

Det gjekk heilt fint oppover. Litt is låg det hist og pist. Spesielt på hamrane midt oppe i lia under Langedalen. Men dei gjekk heilt greitt å trakke utom. Noko fòksnø låg det ovanfor. Ikkje altfor djup, men såpass at eg måtte puste på eit par gonger i brattaste bakken ved toppen av skoggrensa.

Vinden tok ganske friskt her oppe, så eg måtte fram med vindvottane. Her tok eg òg på meg trugane. Dei brukte eg resten av stykket mot toppen. Snøforholda var, ja, eg vil nesten seie kaotiske... Skare, is og fòksnø. Fòksnø i alle former og høgdelag. Søraustvinden hadde herja mykje sidan forrige helg. Toppane av knausar og hamrar var avblesne og polerte med is. Det flate lyset viste dessutan dårleg høgdeforskjellane på snøen framfor føtene, noko som gjorde at eg stupna "på flate mark" eit par gonger. Det var slett ikkje gode forhold for ski iallefall. 

Eg nådde toppen utan problem. Bytte på meg nokre tørre klede på overkroppen. Fram med dunjakka og eg hadde det som plomma i egget.... Det bles faktisk ikkje så mykje her oppe i dag. Lyset derimot gjorde fotoforholda elendige. Eg tok likevel nokre bilder "for syns skuld".

Så stakk eg bortom toppen på vestsida og knipsa eit par shots her òg, før eg luffa ned igjen same vegen. 

På toppen av Langedalen traff eg Anita og Dag Tore på veg oppover. Vi slo av ein liten prat om føret, vind og forholda lenger oppe, før vi gjekk kvar vår veg. 

Anita og Dag Tore ovanfor Langedalen

Nede på Stafsnes igjen traff eg Ansgar Bjarne på tunet. Vi slo av ein utstyrsprat, og om forholda oppover og om vèret. Dette ser betre ut for morgondagen og det må vi sjølvsagt nytte oss av. Men kanskje det kjekkaste han fortalde var at skjorene allereie samle seg reirmateriale... Dei har eit lag til å forutsjå våren. Så i år kjem han tidleg.... Herlig!

Fra Moldura 280112



Ingen kommentarer: