tirsdag 31. januar 2012

Nesten som påske...

Eg tok meg ein herlig joggetur til Vågane og heim igjen i ettermiddag. Fantastisk å springe ned igjen mot fjorden og vesta-himmel i rosa og lilla. Blikk stille. Stålisen, som var i ferd med å legge seg på Stongsvatnet, spegla fargane frå vest.  Fargane frå himmelen gav dei snødekte fjella og skogen eit raudleg skjer og. Tørt og fint. Bar asfalt. Nesten påskestemning i lufta. Ja, kanskje var det den flotte naturen rundt meg som gjorde jogginga til ein leik i ettermiddag. Det er noko eige å knyte på seg lette joggesko og trimklede. Fint som supplement til den tyngre utrustninga som må til på fjellet om dagen... Ja, dette var rett og slett beste joggeturen i år. Utan samanlikning!

søndag 29. januar 2012

Ein rundtur

Foto frå Størdalsstauren i dag

Eg tok like godt og gjekk opp igjen på Moldura i dag òg. Det gjekk reint radig oppover. Spora frå i går var jo greie å gå i. I tillegg brukte eg berre broddar under skorna. Går litt kjappare då enn med trugar. 

Første solstrålane for dagen fekk eg akkurat då eg runda opp på toppen. Herleg kjensle. Her på nordsida av fjellet er det ikkje sol endå. (Men kjekt å ha fått ho heime igjen iallefall. Sola er vekke 6 veker heime, men ganske mykje lenger inne i Stongfjorden og på nordsida av fjorden). 

Etter å ha vore på toppen tok eg turen ned under fjellet og kryssa øvste delen av Fagredalen og gjekk bort på Fanafjellet. Eg ville sjå korleis det bratte henget var her på nordsida. Vel, det gjekk å kome seg over med broddar. Utan noko under skorna hadde eg ikkje gått over. Det var skavlete, og delvis hard skare eit par plassar. Det hallar sikkert 60 grader akkurat her. Men frå Fanafjellet bestemte eg meg for ikkje å gå vidare innover. Det var såpass isete, og med den kjennskap eg har til terrenget vidare innover, gav eg meg på den delen. I staden tok eg vestover igjen med Størdalsstauren som mål. 

Frå høgdedraget litt lenger vest såg eg ein person kome oppover den vanlege ruta. Det måtte vere Ansgar Bjarne, så eg hoia på han. Eg såg han høyrde meg, så då sette eg meg på rompa ned bakkane her det var litt fòksnø, og luffa han i møte. Vi slo av ein god prat.


Ansgar Bjarne med Moldura bak.
(Toppen av fjellet ligg litt lenger bak og sør om midten i bildet)

Eg småluffa deretter vestover toppartiet på nordsida av Størdalen. Her ute var toppane avblesne med fjorårsgraset stikkande opp av snøen. Sola skapte gyldne fargar av dette. Fjorden, havet og himmelen var knallblå. Ikkje bles det så hakkande gale heller. Så eg la meg godt til rette i det vindtørka graset der ute på tuppen av fjellet, og åt eit par skiver eg hadde smurt meg. Fantastisk flott. Årets første brødskiver i det fri. Med panoramautsikt til havet, Alden, Heggøyna og alle øyane ved Florøkanten. Men sjølve sentrum av Stongfjorden låg i skugge og såg iskald ut. Ja, ja, slik er det no ein gong på denne tid. Men dessto herligare er det då å sitte i sola på toppen av fjellet å sjå ned på alt det andre... 

Returen til skuggelandet gjekk først inn igjen i den andre merka ruta og deretter til fjorden. Den var lett å finne i dag ved å følgje spora til Ansgar Bjarne. Eg har fri nokre dagar i slutten av denne veka. Truleg blir det ein tur opp igjen denne vegen då. Ein flott søndagstur var iallefall til endes... No måtte eg sjå til og få vegsaltet av bilen. Den såg ut til å vere lagt i lake...

Fra Moldura_Fanafjellet_Størdalsstauren 290112

lørdag 28. januar 2012

Blindeføre på Moldura

Vanskeleg lys på Moldura i dag

Eg gjekk meg ein morgontur på Moldura igjen i dag. Det var overskya vèr med søraustleg bris. Eit par varmegrader ved fjorden. Eg tok opp den vanlege vegen frå nordsida. 

Det gjekk heilt fint oppover. Litt is låg det hist og pist. Spesielt på hamrane midt oppe i lia under Langedalen. Men dei gjekk heilt greitt å trakke utom. Noko fòksnø låg det ovanfor. Ikkje altfor djup, men såpass at eg måtte puste på eit par gonger i brattaste bakken ved toppen av skoggrensa.

Vinden tok ganske friskt her oppe, så eg måtte fram med vindvottane. Her tok eg òg på meg trugane. Dei brukte eg resten av stykket mot toppen. Snøforholda var, ja, eg vil nesten seie kaotiske... Skare, is og fòksnø. Fòksnø i alle former og høgdelag. Søraustvinden hadde herja mykje sidan forrige helg. Toppane av knausar og hamrar var avblesne og polerte med is. Det flate lyset viste dessutan dårleg høgdeforskjellane på snøen framfor føtene, noko som gjorde at eg stupna "på flate mark" eit par gonger. Det var slett ikkje gode forhold for ski iallefall. 

Eg nådde toppen utan problem. Bytte på meg nokre tørre klede på overkroppen. Fram med dunjakka og eg hadde det som plomma i egget.... Det bles faktisk ikkje så mykje her oppe i dag. Lyset derimot gjorde fotoforholda elendige. Eg tok likevel nokre bilder "for syns skuld".

Så stakk eg bortom toppen på vestsida og knipsa eit par shots her òg, før eg luffa ned igjen same vegen. 

På toppen av Langedalen traff eg Anita og Dag Tore på veg oppover. Vi slo av ein liten prat om føret, vind og forholda lenger oppe, før vi gjekk kvar vår veg. 

Anita og Dag Tore ovanfor Langedalen

Nede på Stafsnes igjen traff eg Ansgar Bjarne på tunet. Vi slo av ein utstyrsprat, og om forholda oppover og om vèret. Dette ser betre ut for morgondagen og det må vi sjølvsagt nytte oss av. Men kanskje det kjekkaste han fortalde var at skjorene allereie samle seg reirmateriale... Dei har eit lag til å forutsjå våren. Så i år kjem han tidleg.... Herlig!

Fra Moldura 280112



fredag 27. januar 2012

Ei roleg veke

Foto i måneskin frå Ytrevågefjellet.
Alden i midten, Toreheia t.h.

Eg har hatt ei relativt rolig veke på trimfronten. Personalmøte og diverse har helde meg att. I tillegg har det vore ein kald søraust vind siste dagane som har røska godt oppe i fjellet. Det har i staden blitt eit par joggeturar til Vågane og heim igjen. Som i ettermiddag etter jobb. Fin trening det. Om ikkje akkurat same utfordringa som i fjellet. Egnetleg ganske så monotont og kjedeleg. Men trim må til, sjølv om det ikkje alltid er like moro.

No er det heldigvis flotte meldingar til helga. I tillegg har eg nokre fridagar neste veke, så då skal det nok bli andre bollar igjen. Kva eg finn på får vi sjå. Den kalde vinden er kanskje den største utfordringa, men det er både hardt og isete mange plassar òg. Det er poleringseffekt av vinden om dagen. Men vi får ta utfordringane som dei kjem... Det viktigaste er iallefall å kome seg heil heim igjen...!

tirsdag 24. januar 2012

Klubbkveld i huset

Det er klubbkveld for fruen i huset. Denne månadens seanse er her heime. Det blir alltid litt styr med tilbereding av mat og anna når desse kaklekveldane føregår seg. Oppdraget med å hente Peter på fotballtrening i Askvoll fall difor på meg  i kveld

Særlege sprell vart det difor ikkje på meg i dag. Men eg greidde å påte inn ein times joggetur til Vågane og heim igjen. Det var ikkje heilt kostnadsfritt.  For opp bakkane til demma stod sørausten midt i mot. Då måtte eg bite tennene skikkeleg i hop for å halde det gåande. Det vil seie - det var vel det stikk motsette som måtte til (det er ikkje alltid desse klisjèane passar...). Eg kom meg iallefall opp og forbi demma før eg fekk ei ny vindkule forbi tunnellen og til Osland. Det rare var at det virka som vinden hadde snudd då eg sprang ned igjen. Det var pikatre motavind då òg. Iallefall til eg kom meg ned igjen til fjorden. Merkelege greier. 

Det var nett som i Florø i gymnastida då eg sykla flyplassvegen frå Havreneset til skulen. Motavind inn og motavind ut igjen. Noko forklaring på det har eg aldri fått. Det må rett og slett vere "tingenes iboende djevelskap" - som at skiva med syltetøy alltid fell på golvet med syltetøyet først...

Jo, jo - eg vart iallefall skikkeleg sveitt til eg kom meg heim igjen, og fekk akkurat dusja til kvinnestimen stod inn dørene (fruen lurte ein augneblink på om eg skulle sprade rundt i den lyseblå boxeren då òg...) Men nei - då var det heller tid for å trekke seg roleg tilbake til dei indre gemakker og ta kvelden. Litt hensyn til fruen i huset er det fornuftig å ta...:-) 

søndag 22. januar 2012

Minusgrader og vind på Moldura

Friskt på Moldura i dag.
Ei merkestong til bruk for hovudlykt t.v.

Eg tok tidleg avgarde på Moldura igjen i dag. Søraust vinden dura inn i Yndestadhøgeheia heime, så eg var klar over kva eg gjekk til. 

Jau var det friskt frå omlag halvveges opp frå Stafsnes. Og frå der vinden fekk skikkeleg tak stod fòket rundt øyra. Med nokre minusgrader i lufta i tillegg til kulingen, var det jammen friskt. Med gòvet midt i mot, måtte brillene fram. Likeeins full vinterhabitt. Men då hadde eg i grunn inga naud. Berre herlig med skikkelege vinterforhold. For med trugar og gode jarn under, var det ingen problem med å ta seg opp, sjølv om det var is og hard skare mange plassar. Underlaget var elles forma i dei mest kunstnariske bilder ein kunne førstille seg.

Første solstrålane for dagen på Kinn, Reksta, Skorpa og Storebatalden.
Tansøy og Askrova framme t.v.
  
Første solstrålane for dagen kom på øyane ut for Florø. Med ei snøhetta på toppane av Kinn, Skorpa, Reksta, Batalden og Hovden, spegla desse øyane i gull og rosa. Så dukka sola opp på Toreheia og Ytrevågefjellet, og deretter Staveneset. Fantastisk flott. Det bad bod om ein flott dag, sjølv om det var aldri så full vinter der eg stod. Kontrastar... Ja, som livet sjølv. Glede og sorg, liv og død. Eg kunne ikkje kjent meg meir levande enn der eg kosa meg oppover i fòket og kulden...! 

På toppen var det nesten som det gav seg litt med vinden. Det var allereie kanskje begynt å spakne? For så lydde iallefall vèrmeldinga. Men så mykje styr med kameraet kunne eg ikkje tillate meg, for nevane vart som "gloande heit is" på eit minutt... Eg fekk likevel teke nokre shots og ein snutt, før eg vende ansiktet ned igjen same vegen som eg kom. Med fòket bak i frå, var dette piece of cake...

Frå toppen av Moldura ser vi i aust og bakerst Blegja, Marifjell og Storehesten.
Lenger framme Høgefjellet, Eitrenipa, Kringlene, Laukelandshesten og Heileberget.
Fremst litt t.v.Vardenova og i slukta nede Siklabergvatna og Hekkelfjellet t.h.

Men du verda - det er godt å ha jarn under føtene slik det er i fjellet no. Eg heldt på å seie som vanleg her ute ved kysten om vinteren. Underlaget blir lett polert av vinden. I tillegg er tregrensa låg. Att på til kjem nedbøren meir som regn enn lenger inne i landet, noko som fører til meir isete tilhøve. Og som vi veit er her vindfullt! Med minusgrader i tillegg riv det godt i margen utan skikkelege klede. Knalltur!

Eg vil igjen slå eit slag for bruk av trugar i fjellet. Brukar Tubbs Mountaineer 30 sine som eg kjøpte på Førde Sport. Det er tredje vintersesongen eg brukar trugar no. Dei er eit fantastisk godt hjelpemiddel i fòksnø, laussnø og på is og skare. Og ikkje minst er stegjerna under trugane kjempegode å ha i stigningar og på veg ned igjen når det er isete. Gjennom småskog og ulendt terreng med skiftande snøforhold, er dei òg suverene. Lette å bere med seg og snaue å ta av og på er dei òg. Ja, så slepp du smørning, feller og at dei heng seg fast i greiner og skog der det ikkje er snø, som ski ofte gjer når du ber dei i sekken. God trening er det i dei òg når du går ned igjen i staden for å renne. Ja, så får du tid til å fotografere òg...  For folk som gjerne ikkje er så stødige i skibruken, er trugar eit godt hjelpemiddel til å komme seg til fjells vinterdagen òg. For mitt vedkommande, som går mest åleine, slepp eg å tenke på og bryte meg sund på ski i vinterfjellet. (Du skal ikkje ligge så lenge hjelpelaus i fjellet slike dagar som i dag før det blir kritisk...) Trugar er topp det - berre prøv... Men eg har ski altså...:-) 

Vi ser mot Holmedal og Straumsnes




lørdag 21. januar 2012

Is på Ytrevågefjellet


Eg fann ut at eg måtte ha meg ein siste tur på Ytrevågefjellet i dag og ta med meg ned igjen skiltet som var sett opp der. Til odel og eige. Så no har det fått sin plass i utstyrskjellaren min. Det kunne ikkje stå der ut over våren og sommaren. Spøken var fullendt som han var. Målet mitt er nådd på Ytrevågefjellet no i vinter, så då får vi satse meir på dei andre fjella på fjelltrimmen...

Eg gjekk som vanleg opp ranen på nordsida. Dette heldt på å utvikle seg til ein skikkeleg tabbe. Ja, nesten litt galskap (men du veit toppadrenalinet...). For det var berre klink is opp heile ranen. Eg hadde litt av eit slit med å banke skorna ned i isen i bratta, og klamre meg fast i bakken med stavane. Ein og annan steinen stakk heldigvis opp slik at eg fekk drege pusten. Men steik - hadde eg sklidd ut der oppe i dag kunne det gått verkeleg gale. Eg hadde sjølvsagt ikkje med meg broddane, men dei lyt heretter få sin faste plass i sekken anten eg har bruk for dei eller ei. 

Heldigvis låg det meir snø i søkket litt lenger mot sør. Det var jo idioti ikkje å gå opp her i staden, for denne vegen gjekk det heilt greitt ned igjen. Ja så greitt at eg sigla på rompa i laussnøen... Men slik er det. Er ikkje så lett å sjå forholda oppe når du står nede. Men obs obs hvis nokon har tenkt seg opp der i morgon....  

Fra Ytrevågefjellet 210112
Vågane og Flokeneset

fredag 20. januar 2012

Ein sjukedag

Eg har vore heime med ein sjuk Peter i dag. Olaug var heime i går. Etter som eg høyrer er visst "halve skulen" vekke med eitt eller anna. Det er tida for slikt no. Å vere heime med sjuke ungar er ikkje akkurat det kjekkaste eg veit... 

Men det ein vil får ein til, heiter det vel. I ei eller anna slags form. Så ein liten bestikkelse i form av chips og cola gav meg ein time fri. Noko som eg nytta effektivt  til ein god joggetur opp i Vågane og heim igjen. 

Ein fantastisk rosa ettermiddagshimmel ute i vest spegla seg i Stongsvatnet då eg kom joggande ned igjen frå Osland. Skålefjellet oppe til venstre låg drivande kvit med nysnø. Stilt og fint og opplett. Forma kjendest ut som naturen rundt meg. Ja, som reine vårløysinga. Herlig....:-)

onsdag 18. januar 2012

Vindkuler midt i mot

Eg tok opp att same ruta i kveld som i går. Etter ein laber vinter så langt treng eg nokre gode runder  for å kome meg i siget igjen. Aktiviteten har vore litt for liten i det siste. Mest grunna vèret og det opplegget eg hadde laga meg for Ytrevågefjellet og Moldura. Sistnemde er i drygaste laget på kvelden, relativt høgt og vèrutsett. Slik sett ikkje akkurat det enklaste denne vinteren. Ytrevågefjellet ser eg meg ferdig med. 

No håpar eg på kaldare og betre vèr framover slik at eg kan halde fram med det eg har tenkt meg. Så lenge får eg supplere aktivitetsnivået iført joggesko. Ikkje det kjekkaste eg veit. Iallefall ikkje i vindkuler og sludd midt i mot som frå demma og heim igjen i kveld. Men i nøden spiser som kjent fanden fluer...

tirsdag 17. januar 2012

Ein times jogg...

Trekte på meg joggesko og lette klede i kveld og tok meg ein solid joggetur til Osland og heim igjen. Til ein forandring var det opplett og nesten vindstille. Nesten som eit snev av vår i lufta. Her ligg jo ikkje snø heller her i Stongfjorden. Det er jo mest slik vinteren er her. 

Elles går vekene fort. Og til helga ser meldingane bra ut. Då får eg sjå om ikkje det går an å finne på noko nytt og spanande... Eg pønskar på eit par fjell og eit par ruter framover som kanskje kan late seg gjere... Får ta ein rekognoseringstur...:-)

søndag 15. januar 2012

Vått og skodde (som vanlig)

Eg var nest siste turen på Ytrevågefjellet i føremiddag. Det er snart på tide å tenke på litt andre fjell enn Moldura og Ytrevågefjellet. Heldigvis lysnar dagane òg etterkvart. 

Som vanlig var det yr og regn i lufta. Vått i lendet nede, våt snø lenger oppe og til topps. På toppen ligg det ein heil del is etter fjellrabbane no. Så mykje snø ligg det faktisk ikkje. Mesteparten forsvann forrige veke i regnvèret. Skiføre er her ikkje. Det er greiare å ta seg fram på berre fjellskorna. 

Ingenting å sjå på toppen - berre skodde, snø, is og steinar. Eg trur det må ha vore slik i 80-90% av turane mine opp hit. Det har vore ein elendig vinter i så måte. Og ned igjen sprang eg heile vegen...

lørdag 14. januar 2012

Isete på Moldura

 Det har blese godt på Moldura i det siste.
Det ligg no mykje skare og is både på toppen og i bakkane på nordsida.

Eg gjekk meg ein tur på Moldura igjen i føremiddag. Vèret var bra. Overskya. Og fjorden låg til ein forandring blikk stille. 

Vel hundre meter oppe i bakkane låg snøen. Først våt. Sidan tørrare. Skaren som hadde lagt seg heldt ikkje her nede, så eg trakka bra gjennom opp det vanlege stykket til Langedalen. Temmeleg tungt og sveitt. Eg måtte puste på eit par gonger i brattaste bakkane mot toppen. 

På veg opp på kanten av dalen traff eg på første isen. Han var knallande hard. Og midt i bakken måtte eg berre dra ut til sides og finne nokre avblesne rabbar for å komme opp. Ikkje heilt risikofritt. Lett å sigle under slike forhold. Og ikkje godt å seie kvar ein lander eller treff på undervegs. Akkurat ned her var det likevel ganske greitt i så måte. Eg hadde ikkje med meg broddane. Men vidare oppover kom trugane vèl med. Dei har gode jarn under, og eg sat på som smurt opp dei harde og isete bakkane mot toppen. Når det er skare og is som i dag er det i grunn verre ned enn opp, så det er absolutt ein fordel med jarn eller broddar. 

Eg fekk testa ut det nye kameraet mitt i dag. Eg er litt usikker på kva innstillingar eg hadde på det gamle, så eg får prøve meg litt fram. Noko fotolys var det ikkje i dag. Får håpe på betre tider soleis. Eg tok òg opp ein snutt for å teste denne. Dette legg eg ikkje altfor mykje i. Det er no berre for å få noko levande ut av forholda. 

Som forrige søndag traff eg på Ansgar Bjarne. Nesten på same plassen må vite. Artig. Vi slo av ein god prat om stien eg bomma på sist. Det viste seg at eg hadde gått altfor langt ut. I dag var det mykje betre sporsnø her nede, så denne gongen gjekk det heilt greitt å følgje spora hans. Denne ruta opp virkar kortare enn den vanlege eg har følgt. Rett nok litt brattare og meir på. Men det er berre flott. Eg satsar på å finne opp her neste gong. Ansgar Bjarne har merka med band og måling, så dette trur eg skal gå greitt. Då har ein to gode ruter opp frå Stongfjorden første stykket. Dei møtest oppe i enden på Langedalen. 

Ansgar Bjarne har gjort ein flott jobb med å merke
to ruter frå Stafsnes mot Moldura

Då eg så kom heim igjen var Peter på Grimelia og Olaug gått på fjellet i Askvoll med Anne S. Eg lurte på om eg skulle ta Ytrevågefjellet i same snuren. Men bestemte meg for å spare på krutet til i morgon... Og ja, sjå på bilda...:-)

Foto mot Skålefjellet før eg gjekk i dag...
Huset til Ansgar Bjarne lyser nede i høgre hjørnet
(eg skal ikkje nemne kraftlinja...)

torsdag 12. januar 2012

Jogg i stormbyger

Eg såg det nesten som hasardiøst å gå opp igjen i fjellet i kveld òg. Det kom tilnærma stormbyger med hagl, sludd og snø drivande inn frå havet med jamne mellomrom. Eg knytte difor på meg joggeskorna og jogga mila til Vågane og heim igjen. 

Det kom eit par byger undervegs så eg knapt klarte å halde meg på føtene. Hagl piska kroppen. Og eg var nesten glad eg hadde refleksstengene til vegvesenet langs asfaltkantane å springe etter(det er ikkje lys på denne strekka).

Eg tenker tilbake til i fjor og forfjor med flotte og kalde vinterforhold i fjellet. Fantastiske naturopplevingar og flotte bilder. Denne vinteren er det nesten slik at ein hardbarka optimist kan miste trua på nokolunde stabilt vintervèr. Iallefall berre nokre dagar... Det einaste som likevel ikkje hjelpe er å klage. So då so...

onsdag 11. januar 2012

Jubel i kjellaren

 Alden frå Moldura 11.11.11

Som dei som les bloggen min kanskje veit, har eg brukt å kjøpe to mål bjørkeved til vinteren. I haust vart det til to og eit halvt. Eg har brukt å fått desse i heile skier. Og som ein ekstra trim har eg saga dette opp for hand med ei bandsag om kveldane når det har vore ruskevèr. Denne vinteren har det vore rikeleg av den sorten. Ein god time med saging og opplegging av veden har faktisk vore god trim. 


I kveld forsvann siste resten av dei heile skiene. Alt saman kappa og lagt i lad. I tillegg til eit par mål frå før. Så no er vedakjellaren full under taket. Eg kosta på meg eit godt brøl i kjellaren når siste skia var saga. Gjennomsveitt med adrenalinet på topp. Herlig! Men no treng eg godt fjellvèr altså...!!

søndag 8. januar 2012

Nydelege Moldura

Flotte vinterforhold på Moldura
(Alle bilder i dag med billigkamera)

Eg gjekk meg ein flott søndagstur på Moldura i dag. Skikkelege vinterforhold og strålande morgonsol på toppen....!

I midtpartiet og brattaste bakkane på Stafsnessida var det relativt tungt oppover då skaren ikkje heldt. Det gjorde den forsåvidt ikkje mange plassar lenger oppe heller, men her er det lettare å bruke trugar. Dei kom difor vèl med i dag. Det hadde vore eit blodslit om eg skulle ha trakka gjennom heilt til topps. 

Elles var det knallflott på toppen. Nydeleg solskin. Men austatrekken var jammen kald i kantane. Nevane vart fort valne. Eg hadde med meg klesbyte, så eg pakka meg godt inn i tørr og varm ull og primaloft. Perfekt. 

Rett vest om toppen traff eg forøvrig på ein rypejegar. Vi slo av nokre ord om utstyr, trugar og forholda på fjellet. Alltid kjekt å treffe folk på tur. 

Eit stykke nedom toppen, på veg ned igjen, traff eg dessutan Ansgar Bjarne. Vi slo av ein passiar. Han gav meg eit par tips eit par kjappe avstikkarar opp frå Stafsnes. Slike ein daling ikkje er så kjend med. Eg prøvde forresten ei ned igjen. Med blanda hell. For eg hamna ned igjen ruta som eg brukar på Størdalsstauren. God den skåra der, men trur ikkje det var det Ansgar Bjarne meinte.!?

Knallflott vintertur. Måtte berre vèret vare...! (noko det sjølvsagt ikkje gjere...)

lørdag 7. januar 2012

Ingenting å sjå...

 
Dagens sjølvportrett

Eg var ein tur opp igjen på fjelltrimposten på Ytrevågefjellet i dag for å sjekke kva som gjekk så gale i sporvalget torsdags-kvelden. Men det var fullstendig bom for den del. Det hadde regna nesten heilt til topps, noko som hadde gjort til at snøen hadde minka lenger nede. Så eg såg ikkje eit spor frå kvar eg hadde gått hin kvelden. 

Ei solid haglebyge følgde meg heile vegen oppover. Det small i kroppen, hovudet og rundt øyra. Og som så mange gonger før denne hausten og vinteren, var det berre skodde på toppen. Skal det aldri ta slutt dette? Eg skrik snart etter ein betre vinter. Vel, vel no er meldingane betre for i morgon då. Ein dag i det minste...

torsdag 5. januar 2012

Heilt på vidda...

Det er vel enkelte situasjonar ein helst burde late vere å skrive noko om. No kjem ikkje alt ut i det offentlege rom av meg då, det er ikkje det eg meiner, men iallefall presterte eg å gå meg fullstendig på vidotta på Ytrevågefjellet i kveld. Eg trudde nesten ikkje det var mulig. 


Bakgrunnen var at det begynte å snøe noko grassat. Vassrett. I tillegg låg det skodde. Spora eg laga på veg opp vart viska vekk av rennefòket på ein augneblink. Og oppe på kanten, på veg ned igjen, miste eg sporet. Alt vart kvitt. Merkesteinane borte vekk. Eg hadde berre retningen på snødrevet og bakken nedover å gå etter. 

Eg rekna med at eg drog til høgre, og prøvde å kompensere, men kor mykje var klin umulig å vite. Ei stund visste eg faktisk ikkje anna enn at eg gjekk nedoverbakke mot aust. Eg ville jo komme meg ned igjen då, så lenge som eg gjekk nedover. Men om det var på Stavestranda eller Osland eg hamna var visst hipp som happ. Gjennom snødrevet såg eg til slutt lys frå ein bil nede på Oslandsflata. Det viste seg at eg hamna altfor langt mot sør. Og i snøbygene og stupmørket måtte eg forsere gjennom brysthøge einerkavar heile den bratte Oslandslia ned. Fytti rakkaren. Reine blodslitet. Og jammen var det eit stykke ned...

Ja, ja kva skal eg seie? Moralen må vel bli at ein ikkje skal bli altfor tøff i trynet... Eller som Peter sa heime - du fekk deg ein lærepenge no...! Han er elleve..:-)

(Det er sjøvsagt ei utfordring å gå i fjellet med hovudlykt om vinteren. Du ser ikkje kva vèr som er på gang. Når det er lyst ser du ofte bygene komme inn frå havet eller langs fjellsidene. Og du klarar å orientere deg mykje meir etter landskapet. Spesielt ute ved kysten endrar vèret seg fort. Særskild vinterstid. Så sjølv på ein relativt kort tur som i kveld kan ein støte på utfordringar. Kompass hadde vore nyttelaust, men ein gps hadde vel fått meg inn att på ruta... I praksis bomma eg med eit par hundre meter, men du veit - det er mørkt - du er åleine....)

onsdag 4. januar 2012

Frisk nyårsluft...



Ytrevågefjellet kl 19.43 i kveld

Jau sovna eg etter middagen i dag òg...:-) Men då eg vakna til liv igjen. bestemte eg meg for at vedakjellaren ikkje var noko trim-alternativ endå ein kveld. Eg måtte ha frisk luft! Eg heiv difor i meg ein neve rosiner, fann fram hovudlykta og fjellkleda, og strauk på Ytrevågefjellet igjen. 

Det var kome ein del nysnø oppover. Enkelt plassar låg snøen litt djupare pga vinden og lendet, men ikkje verre enn at det gjekk ganske greitt å ta seg opp. Vèret var brukbart. Månen stakk fram på veg oppover. Men på toppen var det skodde og litt snødrèv i lufta. Temmeleg svart kvitt...:-)

Flott trimtur, men det var den måneskinsturen på Moldura då... Hvis vi alle ber til vèrgudane...:-)

tirsdag 3. januar 2012

Alternativ aktivitet

Frå morgonturen til Moldura nyttårsaftan.
Bildet er frå returen nedom nordsida av toppen. Klokka er 8.57
Vi ser Svarthamrane t.v og Vardenova i midten. Bakerst ligg Blegja og Storehesten.

Eg var i grunn tenkt opp igjen på posten på Ytrevågefjellet i ettermiddag. No vart det ikkje slik i dag. Mest fordi eg var så steikje trøtt. Så eg valde å lytte til det. 

Etter ein god middagskvild vart det vedasaging for hand i kjellaren i staden. Tredje kvelden på rad. (Eg brukar å sage opp to mål ved for hand som ein alternativ trimaktivitet kvar haust og vinter). Deretter situps og armhevingar. I tillegg tek eg dette på jobb om morgonen òg no. Trur i grunn dette er nok styrketrening for mitt vedkommande. Føtene og knærne har i grunn berre godt av litt kvile og restitusjon. No legg eg ikkje akkurat nokon vitenskap i dette då. Det viktigaste er å gjere noko fysisk etter å ha sete i ro ein heil dag på jobb.  

Vi får heller håpe på ein fin kveld i morgon. Det hadde vore knall med ein kveldstur på Moldura igjen med nymåne og flott stjernehimmel. 

søndag 1. januar 2012

...som det forrige slutta!

Eg starta det nye året med ein frisk start på Ytrevågefjellet. Blåst og regn, vått og godt. Ja, jammen hadde det regna heilt til topps på nesten 700 meter. Variabelt vèr om dagen, eller er det kanskje stabilt dårleg? Ja eg trur det siste er rettast. Nokon fin vinter har det iallefall ikkje vore til denne tid.

No får vi håpe det nye året syner seg frå ei litt blidare side enn det forrige slutta. Godt nyttår til alle som er innom bloggen iallefall!