søndag 11. desember 2011

Snutur



Turen til Moldura i dag vart til årets første snutur. Eg gav meg omlag halvveges opp frå nordsida. Då blytungt gjekk over i dødsslit, var det berre å kaste inn handkledet. Eg trakka gjennom snø til opp på knærne i brattaste fjellsida, ja fleire plassar stod eg bom til midja. Noko betre gjekk det med trugar lenger oppe. Dei bratte skråbakkane egnar seg likevel lite for trugar slik snøen ligg no. Det er lite feste i den. Å vabbe i slik laussnø opp i småskogen og bakkane med ski, er heller ikkje aktuelt for min del. Det er moro ned igjen, men dessto tyngre opp... Slik sett er ski sikkert betre opp frå sørsida og vassverket i Holmedal.

Som om ikkje dette var nok, så tjukna det skikkeleg til med snødrèv og vind frå søraust midt i mot. 

Eg har hatt mange utfordrande turar vinterdagen. Men dette trur eg var første turen eg har gitt meg på i år. Kanskje på tide vil enkelte seie.... For eigen del er det skikkeleg surt å snu. Skulle nok ha teke Ytrevågefjellet i staden... Men slik blir det ein og annan gongen.  "You can`t always get what you want" syng visst Rolling Stones. Det er ein flott melodi... Eg får sette på den i staden...:-)

Ingen kommentarer: