lørdag 31. desember 2011

Nyttårshelsing frå Moldura

Første lysstrålane for dagen på Moldura.

Eg drog grytidleg av garde på Moldura i dag. Mest fordi vinden skulle auke på ut på føremiddagen. Så omlag klokka 07 gjekk eg opp frå Stafsnes med hovudlykt. 

Det gjekk heil fint og greitt oppover. Til og med ein flott stjernehimmel kikka ned på meg. Bak meg kom lysa frå Stongfjorden snart tilsynes. Men elles var det sjølvsagt ramsvarte natta...

Oppe frå øvste kanten av fjellet som vender nordover mot Stongfjorden, tok det likevel til å blåse ganske friskt. Og eit par, tre kuldegrader vart raskt til ein heilt anna kjølande effekt. Så hetta på jakka måtte på, og tighting av alle luker... Fòket frå søraust fekk eg sjølvsagt midt i mot. Rart med det i grunn - åleine til fjells i bèkmørket, med snøgòvet og kalde vindar feiande i kroppen og ansiktet, så kjenner du deg ganske liten... Eg kom meg likevel ganske så fint til topps, sjølv om det var temmeleg tungt eit stykke. Trugane som eg hadde med meg var like ubrukte som på julaftan. Snøforholda varierte litt etter kvar vinden hadde lagt att snøen i lendet. Enkelte fonner baksa eg meg gjennom, medan andre stadar var det hardt og avblese.

På toppen var det endå kaldare vind. Og etter å ha teke opp ein snutt, og knipsa nokre bilder var eg gjennomkald. Så kald at eg ikkje skifta klede i det heile teke. Eg måtte berre kome meg i bevegelse igjen. For det meste sprang eg  - gjennom snø og fonner, is og glatte. Følgde spora frå oppturen der dei endå var synlege.

Flott nyttårsaftan-tur! Ynskjer alle eit Godt nytt turår!

Fra Moldura 311211



fredag 30. desember 2011

Romjulsbukkar på ferde...

Mot Vevring og Naustdal frå Ytrevågefjellet i kveld.
Det raude lyset er frå Førde.

Eg fekk meg ein god latter på Ytrevågefjellet i kveld. Det var jammen kome opp skilt av meg sjølv med teksten "Gustav sin rasteplass". Bildet kjende eg igjen. Det tok eg hin kvelden. I tillegg var det kome opp skilt med fjellvettreglane. Skilta kan du sjå under her.



Ein ganske så morosam spøk tykte eg. Men berre så det er sagt: SÅ pr-kåt er eg ikkje at eg set opp skilt av meg sjølv på fjelltoppane rundt omkring. Det får halde med bloggen. Men mistanken min går i ein spesiell retning. Vi har jo nyleg sett skilt om fjellryper i Gjerdedalen, og kven som har vore på ferde der inne er rimeleg kjent. Men om dette skiltet skal ha nokon samanheng med fjellryper skal vere usagt...:-)

Elles var det ein fantastisk flott tur opp igjen i kveld. Stjerneklårt og vindstille. Eit lite dryss av tørr nysnø var kome i løpet av dagen. Fantastisk flott!
Korleis ein sigd av ein nymåne i kveld har blitt til fullmåne har eg inga forklaring på.... Mulig det har med 1/2 minutt lukketid på blendaren å gjere?

tirsdag 27. desember 2011

Stjernekveld på Ytrevågefjellet

Eg var egentleg ikkje tenkt å gå nokon plass i kveld. For etter ei møysommeleg reise til og frå arbeid, var eg trøytt. Den hersens Hundsåna skaper stadig trøbbel for oss pendlarar som skal til Førde her frå kommunen. I dag måtte eg ta ferja Eikenes-Dale og vice versa heim igjen. Det resulterte i 3,5 timar pendlartid. I morgon tidleg ser det visst ut til å bli på same måten.

No veit eg inderleg vèl at rette medisinen for slikt er nettopp ein fjelltur. Og etter å ha kvilt litt, såg eg stjernene funkla ned til meg. Då var eg ikkje sein i vendinga om å komme meg av stad. 

Det vart ein nydeleg kveld. Stjerneklårt heile tida, lite vind og rundt 0 grader ved bilen. Eg kom meg akkurat inn mellom to lågtrykk... Kjempetur opp og ned. Men no må eg visst skifte batteri i hovudlykta - det var lite liv i ho ned igjen...!

Nøgd på toppen i kveld



mandag 26. desember 2011

Friskt på Ytrevågefjellet


Ei rask oppsummering av turen på Ytrevågefjellet i dag er: kaldt regn, snøslette, rennefòk og kuling. Alt etter høgde over havet. 
Restane etter Dagmar som rasa over oss i går kveld var merkbare oppe i fjellet. Men det var nok berre peanuts igjen. For jammen røska vinden skikkeleg godt frå seg i går kveld. Eg bar i hus ski, skistavar, akebratt o.a. på førehand, batt fast søppeldunkane og såg etter båten. Heldigvis slapp vi billig unna. Straumen var lenge vekke i natt og i dag tidleg, men elles har vi i grunn ikkje merka anna enn bråket av vinden og litt risting i huset. Og ja - glasrutene ser ikkje ut av saltflekker etter sjøvatn som har kome drivande med vinden. 
Elles var eg tidleg opp og fyrte i ovnen, så det var varmt og godt til dei andre stod opp. Her i huset har vi iallefall inga naud etter besøket av Dagmar..

søndag 25. desember 2011

Frisk juledag

MMS Ytrevågefjellet 1. juledag

Olaug og eg har tilsaman 8 barnebarn og 6 voksne ungar i tillegg til Peter som vi har i lag. 1. juledag har vi tradisjon for å samlast hjå oss i Stongfjorden alle saman. Dei voksne jentene mine bur i Førde, så det er heldigvis ikkje lange reiseavstanden. Olaug har eldstemann Håvard og dei to barnebarna sine i Stongfjorden. I tillegg bur Torbjørn i Førde han òg. Marie studerer i Bergen og er heime på ferie no. Vi hadde som vanleg ei triveleg stund i lag i dag. 

I går på julaftan, var vi forøvrig hjå Håvard og Miriam i Gjerda og feira jul der. 

Eg nådde likevel ein tur oppom Ytrevågefjellet før det store familieselskapet vårt. Det var ei frisk affære, men heldigvis heldt mesteparten av nedbøren seg vekke. Utrulig kor mykje snø som var regna vekk i løpet av dei par siste dagane. 

I morgon er det vel kanskje meir tvilsomt at det blir trimtur. Meldingane er ikkje nett dei beste. Men det kan jo alltid hende det blir ein opning inn mellom lågtrykka. 

Framleis God Jul til alle!

lørdag 24. desember 2011

God jul frå nissen

Moldura julaftan

Eg gjekk på Moldura i 8-tida i dag tidleg med hovudlykt sidan vèret såg ut til å vere bra. Meldingane var òg rimeleg bra for dagen. Iallefall til å begynne med.

Det starta veldig greitt. Men i det brattaste midtpartiet på nordsida låg det ein del gamal snø som eg trakka gjennom. Skaren heldt ikkje. Så opp til synsranda frå Stongfjorden sleit eg litt. Her er det dessutan så bratt og kronglut at trugar høver dårleg. 

Men etter å ha slete meg opp hit gjekk alt så mykje betre. Iallefall når det galdt underlaget. Verre var det at alt vart kvitt. Og på tredje eller fjerde merkestanga bomma eg. No er eg klar over at det er vanleg å dra mot høgre i skodde og whiteout, så eg prøvde å korrigere for det. Likevel hamna eg heilt ned på fjellkanten til Størdalen. Så eg måtte følgje kanten eit stykke austover igjen før eg kom meg inn att på løypa og merkinga. Steik - det skal ingen til for å begynne å rote når alt er kvitt. 

No var eg meir på allerten vidare oppover, så det gjekk greitt, sjølv om nokre stenger var splintra av vinden og vardar var nedsnøa. Litt utfordrande opp i dag med andre ord. 

På toppen såg eg omlag ingenting (sjekk video), så eg kledde meg berre om og gjekk ned igjen same vegen. Vel vitande om vèrmeldingane for jula. 

Ned igjen såg eg kvar eg hadde bomma på veg opp. Og så kom eg bust på to hjortar ovan i frå som hoppa forskremde ut av stien min... Fint syn å sjå hjorten i sitt rette element i fjellet. 

Så då ynskjer nissen ei god og fredeleg jul 
til alle kjende og ukjende.
Helsing frå Yndestad og Stongfjorden. 
Take care!

Ein kik heim før fjorden next
(Ps. stemma forsvann i støy...)

onsdag 21. desember 2011

Ei god kondisjonsøkt...


MMS med min gamle mobil...

Vèret var ok etter arbeid i dag, så då tok eg meg ein frisk mørketur opp igjen på Ytrevågefjellet. Jammen var det kome ein god del meir snø sidan søndag. Temmeleg slitsomt i midtpartiet der det heller ikkje var blese vekk noko. Vardane var òg snøa ned no, så det var heilt kvitt overalt oppover. Så mykje feil går det likevel ikkje an å gå. Toppen er som regel der det sluttar å gå oppover... Sjølv om det for Ytrevågefjellet sin del er fleire jamhøge toppar litt rundt omkring. Elles auka vinden gradvis på etterkvart, men eg slapp unna verste rennefòket denne gongen. Ned igjen segla eg det brattaste partiet som eit skot på rumpa, med den tørre snøen flygande rundt øyra. Herlig!

Fin og relativt hard tur dette i kveld.... på mørkaste dagen i året! For i morgon tidleg snur sola... igjen...:-)

søndag 18. desember 2011

Third in a row

Frå oppstigninga til Ytrevågefjellet

Etter at Peter og eg kom heim igjen frå overnattingsbesøk hjå foreldra mine i Dale og diverse julebesøk, stakk eg på Ytrevågefjellet igjen. Nok ein omgang med snø og vind hadde viska ut alle spor frå i går oppe på fjellet. Og som førre dagane var vèret veldig skiftande. Frå ei låg vintersol over Skålefjellet til reinaste white-outen på toppen. Ein periode såg eg faktisk berre rett framfor føtene... Nokon verande plass var det difor ikkje på toppen. Rett opp og ned igjen som dei andre dagene.

Fra Ytrevågefjellet 181211


lørdag 17. desember 2011

Mykje snø og små føter

Det har kome ein god del snø i løpet av natta...
God førjulshelg...

Ein optimistisk Peter ville vere med meg på Ytrevågefjellet i dag. På ski. Etter snøfallet i natt var eg meir enn skeptisk. Men eg fann ut at han berre fekk prøve seg... Allereie oppe ved toppen på første høgda skjønte han visst alvoret. Guteføtene vart både for små og trøtte. Kanskje ikkje så rart heller, for det var sikkert kome 20 cm snø i løpet av natta. Spora mine frå i går kveld var heilt borte. Heldigvis ordna vi det på beste måte - han gjekk ned igjen åleine og mora henta han i Vågane. 

Så då heldt eg fram åleine opp den vanlege ranen på nordsida der det ligg minst snø. Som i går kveld var det skodde og tendensar til rennefòk på toppen, så eg snudde i grunn rett ned igjen med det same.  Dagens trimtur i boks. 

I kveld reiser Peter og eg til Dale. Vi blir der til i morgon sidan Olaug skal feire 50-årsdagen sin med jentefest her heime. Akkurat det er det best å late dei få fred til - eller kanskje rettare sagt motsett...:-)

Fra Ytrevågefjellet 171211

Sola stikk såvidt fram ved Røyrbotnholten...

fredag 16. desember 2011

Litt action igjen

Florø frå stigninga til Ytrevågefjellet
Litt rennefòk i lufta på toppen

Eg kom meg endeleg på fjellet igjen i ettermiddag. Det kjendest nesten ut som om det var fleire veker sidan sist. Men eg merka iallefall ingenting på forma. For det gjekk heilt lett og fint på Ytrevågefjellet i stad, sjølv om det låg noko snø oppover. På toppen vart det både skodde og noko rennefòk òg. Litt røft, men ingen problem what so ever. Bilder vart det derimot dårleg med. 


No håpar eg på betre vèr og mindre styr om dagane, så eg igjen får gått det eg vil.

tirsdag 13. desember 2011

Forventningar

Eg var på nippet til å reise på fjellet etter arbeid i dag. Med hovudlykt... Ja, eg var faktisk heim om og kledde meg om, køyrde til Osland, før eg ombestemte meg. Det kom nemleg ei solid regnbyge, og vinden dura inn i Yndestadhøgeheia, så det fekk meg på andre tankar. Eg angra litt på det seinare. For då eg såg ut om nòva igjen etter ei stund, var det stjerneklårt. Skiftande med andre ord. Men gjort var gjort, og eg slo tankane om fjell frå meg. Det skulle ikkje bli i dag. Skal du til fjells i svarte natta, i kuling og uvèr, må du vere bestemt. Det nyttar ikkje å begynne og pingle som i dag....

Reserveløysing

Dei par, tre siste vintrane har eg kjøpt meg to mål ved i skier. Veden er flott å rive seg ut over om kveldane med handsag når vèret er litt begredeleg. Men jammen minkar det på veden som ikkje er oppsaga òg no. Snart sirleg lagt opp i lader alt i hop. I tillegg til ein god del som var att frå i fjor. Ja, eg er eigar av eit heilt vedalager...! Så no er det jammen på tide med noko godt vintervèr. Som varer ei stund... Til gagn både for det eine og det andre...:-)

søndag 11. desember 2011

Snutur



Turen til Moldura i dag vart til årets første snutur. Eg gav meg omlag halvveges opp frå nordsida. Då blytungt gjekk over i dødsslit, var det berre å kaste inn handkledet. Eg trakka gjennom snø til opp på knærne i brattaste fjellsida, ja fleire plassar stod eg bom til midja. Noko betre gjekk det med trugar lenger oppe. Dei bratte skråbakkane egnar seg likevel lite for trugar slik snøen ligg no. Det er lite feste i den. Å vabbe i slik laussnø opp i småskogen og bakkane med ski, er heller ikkje aktuelt for min del. Det er moro ned igjen, men dessto tyngre opp... Slik sett er ski sikkert betre opp frå sørsida og vassverket i Holmedal.

Som om ikkje dette var nok, så tjukna det skikkeleg til med snødrèv og vind frå søraust midt i mot. 

Eg har hatt mange utfordrande turar vinterdagen. Men dette trur eg var første turen eg har gitt meg på i år. Kanskje på tide vil enkelte seie.... For eigen del er det skikkeleg surt å snu. Skulle nok ha teke Ytrevågefjellet i staden... Men slik blir det ein og annan gongen.  "You can`t always get what you want" syng visst Rolling Stones. Det er ein flott melodi... Eg får sette på den i staden...:-)

lørdag 10. desember 2011

Måneskinsmorgon



Tidleg på Ytrevågefjellet i dag

Sidan vi har huset fullt i folk i høve Olaug sin 50-års dag, måtte eg tidleg opp å få unngjort dagens trim. Eg var difor oppe til vanleg tid i dag, noko før kl.06. 
 
Etter å ha fått i meg dagens porsjon med havgrynsgraut og ein kopp kaffi, sette eg kursen for Vågane og Ytrevågefjellet. Det var sjølvsagt mørkt, men med hovudlykt er det ikkje noko problem. 

Eg hadde sett heime i frå at fullmånen endå var oppe. Før den litt seinare gjekk ned bak Yndestadhøgeheia. Men nett over kanten på første stigninga oppover, tok eg att måneskinet, lysande inn Stavfjorden sørvest for Florø. Akkurat som forventa. Fantastisk skue.  Lyset frå byen i vest. Sølvskimrande hav. Kvite snødyner. Tindrande snøkrystallar. Spor av mus, ein mår, ein hare og ein rev som luska etter. Det var nemleg flott sporsnø etter eit lett og tørt snødryss i løpet av natta.  

Eg nådde fint opp. Klokka var akkurat passert 7.30. Morgontrekken var sylskarp i kanten.. Med berre ei ulltrøye under jakka vart det fort kaldt. Eg fekk likevel teke nokre bilder med forseinking på blendaren, før eg måtte springe igjen for å få varmen i kroppen. 
 
Kjempeflott morgontur og dagens trimtur unnagjort. Så no blir det sosialisering resten av dagen med feiring av Olaug i Grendahuset i sia...:-) 

onsdag 7. desember 2011

Nok ei nydeleg kveld

Ytrevågefjellet i kveld

Eg gjekk i kveld opp igjen løypa eg trakka på Ytrefjellet i går kveld. Gjekk sjølvsagt litt lettare opp no. Men austavinden var skikkeleg sur og kvass i kanten der oppe. Det passa difor bra at eg hadde teke med meg nokre ekstra klede og kunne kle meg om på overkroppen. Medan eg gjekk oppover kom månen fram, og det vart retteleg flott og lyst. Hovudlykta trengde eg ikkje å tenne før eg skreiv namnet i boka. 

Nydeleg tur igjen. No får vi berre håpe at dette vèret held seg... I morgon blir det likevel ikkje tur - då er det julemiddag og personalmøte etter jobb.

Flokeneset i ettermiddag                Ytrevågefjellet 071211



tirsdag 6. desember 2011

Praktfullt måneskin






Eg gjekk ei praktfull tur på Ytrevågefjellet i kveld. I nydeleg måneskin og til dels djup, tørr nysnø. Tungt, javel, men kva gjer vel det under slike forhold. Glitrande, funklande snøkrystallar festa seg på netthinna i lyset frå månen og hovudlykta. Fantastisk. Ja, eg gløymde nesten slitet med å komme meg opp bakkane i halvmeteren med snø enkelte plassar. Men heldigvis var ranen som går opp  det brattaste partiet på nordsida tildels avblesen. Det gjorde det tyngste partiet litt lettare. 

På toppen var det nesten vindstille. Månelyst med flott utsikt bort til Florø. Eg tok nokre bilder med eit halvt minutt lukketid, før sveitten vart iskald på kroppen. Då var det berre å peise ned igjen i laussnøen, dels siglande på rumpa med snøen sprutande rundt øyra. Lått som frå ein unge. Før eg sprang vidare og brått låg langflat i turrsnøen.... Herlig snøengel-dukk.... Ja, det er i grunn kjekt med snø - iallefall oppe i fjellet....!  

søndag 4. desember 2011

Fòk rundt øyra...

 MMS Flokeneset i dag tideg

Eg var ein tidleg morgontur på Ytrevågefjellet i dag. Sidan Peter spelar fotball i hallen og eg skal vere vakt, går ettermiddagen med der nede. 

Det var ein mildt sagt luftig tur opp der. Med nordvestkulingen rett inn frå Stavfjorden og Florø, var det friskt.. Ikkje minst då det i tillegg kom ei skikkeleg snøbyge oppe ved toppen (sjå video frå mobilen NB: Skraping av vind...). Greitt å få byga på veg ned og ikkje opp....:-) Elles var det no raskt opp og jogg ned igjen. Dvs. eg knipsa nokre bilder med mobilen òg. No er iallefall dagens trim unnagjort...!


NB. Sterk skraping av kuling og rennefòk....!

lørdag 3. desember 2011

Tøft på Moldura

Moldura i dag tidleg

Eg hadde meg ein tøff tur på Moldura i føremiddag. Det visste eg sjølvsagt på førehand med dei meldingane som var. 

Til å begynne med var det berre vått og atter vått. Elvar og vatn, myrete og sølete. Slike forhold er sjølvsagt tungt når du går oppover. Men det tok ikkje så veldig mange høgdemeterane før dette gjekk over i slaps. Myr, som ikkje er frosa, og slaps er i grunn, ja, noko godt skit. Vanskeleg å sjå underlaget når det er kvitt opp på. Så eg steig gjennom gjørme og søle stadig vekk. Endå litt lenger oppe var det mange plassar fòke til med snø i søkka. Her måtte eg ned på fire eit par gonger for å kome meg vidare oppover. Å krype opp bakkane i snø krev sin mann. Slik var det stort sett opp til der landskapet går over i meir stein og berg. Vinden hadde her polert ytene, snøen var blåst vekk, og att på berga låg det is.... 
 
 I lè på nordsida tok eg fram fotoapparatet...

Vinden og rennefòket piska kroppen som nåler. Mòtavind. Rett frå sør og midt i fleisen. Gòvet stod rundt øyrene. Sikta minimal. Og eg måtte ned på fire i eit par av dei verste kasta. Steik, adrenalinet pumpa i kroppen. Men med briller på, og den nye Rab-jakka utanpå ei Devold-ulltrøye, kara eg meg til topps og i lè av varden. Fytti rakkaren, det hadde vore ein stri tørn opp.

Eg knipsa så eit par bilder. Tok meg ikkje tida til å byte den våte ulltrøya, og hoppa ut i det igjen med peiling rett nord og fjorden igjen. 
 
Sjølvsagt vart det mykje betre hin vegen. Spora viste att rett som det var. Med snødrèvet og vinden rett i ryggen småsprang eg så godt det lèt seg gjere. Lenger nede på nordsida vart det egentleg såpass greitt at eg knipsa nokre bilder. Og då eg nådde ned igjen på Stafsnes var det heilt greitt vèr. Nesten ikkje vind og opplett. Skulle nesten ikkje tru eg var i same landet lenger, så stor forskjell var det... Ja, ja eg var iallefall nøgd for dagen...!
 

fredag 2. desember 2011

Nålestikk

Det er sjeldan eg brukar stillongs eller under bukse lang. Om vinteren brukar eg som regel ei av Paramo-buksene eg har. Dei er vindtette og varme. Dei toler òg ein god porsjon vatn før dei blir våte. Når det ikkje er for kaldt bruker eg som oftast ein goretex bib eller ei softshell bukse med stretch. I haust har det gått mykje i goretex buksa. 

Som dei fleste sikkert veit som har ei slik, så er desse buksene lite varme i. Dei er dessutan ganske tynne. Eg fekk svi litt for det på Ytrevågefjellet i ettermiddag. Bokstaveleg talt. For oppe på toppen var det ein sur kuling med rennefòk. Dei store snøkrystallane som var komne ned flaug som prosjektil gjennom lufta. Som du sikkeret no forstår var det føtene det gjekk ut over. Det kjendest ut som hundrevis av nålestikk. Ja, eg følte meg som reine nåleputa...! No kom eg meg sjølvsagt opp då og i skjul for varden. Det gjorde godt å kome seg litt i le.

Ned igjen fekk eg drevet  meir bak i frå. Det gjekk betre. Samtidig som eg fekk springe og kom meg fort ned igjen om den mest eksponerte delen. Då eg så fekk av meg kleda i kjellaren heime såg låra ut som dei var solbrende. Knallraude. Ja, til og med Olaug måtte sjå to gonger....:-)

I lè bak varden på Ytrevågefjellet i kveld