onsdag 16. november 2011

Snødrev

Eg var ein svarte-natta-tur på Moldura i kveld med hovudlykt. Omlag halveges starta det så smått å snøe. Og oppe mot toppen vart det faktisk ganske så tjukt i drevet. Men heldigvis kom ikkje skodda drivande. Stengene fungerte heilt fint. Klart dei var gode å ha når sikta etterkvart vart ganske så lita. Noko problem var det rett nok ikkje. Eg nådde fint opp, og ned igjen sprang eg heile vegen til Stafsnes. Ein skikkeleg god kveldstrim i november...! Herlig...:-)


2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

Litt snødrev stopper vel ikke deg nei! :) Synd det blir så fort mørkt, men du har nå både gode klær og utstyr til å løpe rundt i fjellene fremover!

Håper vi får mange slike dager! :D

Unknown sa...

JEPP Eli Kristin. Ja gode klede og sko må ein ha framover no. Byteklede er viktig. Iallefall for meg som sveittar mykje. Det er klart ein fordel å gå med minst mogeleg på seg oppover, så kan ein kle seg om på toppen. Ei god avrivning vinterdagen...:-)

Elles er det sjølvsagt viktig med ei god hovudlykt, ekstra batteri i sekken, og ei backuplykt hvis den første skjer seg (uhell)...! Eg gløymer aldri på toppen av Skylefjellet hitt året då lykta bles av hovudet på meg svarte kvelden, og landa på berget nedom føtene mine...! Utan ekstralys i sekken var det ein tankevekkar... Lyset på mobilen rekk jo ikkje så langt...;-)