onsdag 9. november 2011

Månelyst

Austover og vestover frå Ytrevågefjellet i kveld

Super måneskinstur på Ytrevågefjellet i kveld. Litt skoddeflak gjorde fjella og landskapet trolsk i skinet frå månen. Røyndomen lèt seg ikkje alltid like lett formidle med bilder, men ovanfor er iallefall to eksemplar. Bilda er tekne med sein lukktid noko som gjer at dei ser lysare ut enn det var. 

Artig oppleving å høyre rypa flyge opp kaklande i mørket rett ved sidan av meg. Kvapp litt av den, men flein godt med meg sjølv etterpå...


2 kommentarer:

Janne's Photography sa...

Flotte bilder på bloggen din Gustav!:)
Liker bilder som er tatt over skyene/skodda, ser ut som teppe :-)

Fin dag til deg.

Unknown sa...

Tusen takk, og takk det same Janne. Du har no sjølv veldig flotte bilder.

Ja, å komme over skodda når den ligg som eit teppe inn under ein, er veldig billedleg. Det er som ei dyna du får lyst å slenge deg ut på. Får litt same kjensla når eg sit oppe i eit fly med skyene inn under meg...

Elles er det av og til eg saknar betre fotoutstyr og sjølvsagt stativ på slike "nattfoto" oppe i fjellet. Det blir fort grums ut av bilda. Dessutan fort kaldt når du er sveitt... Men eg likar best å ha minst mulig å dra på. Det er ei avveging eg tek. Førebels betyr turen meir enn bilda. Dei er endå berre eit supplement til turen. Kanskje kan dette endre seg med tida...;-)