lørdag 8. oktober 2011

Tidleg vinter

Vinterleg på Blegja i dag

Lørdagen kom som bestilt med flott vèr. Eg drog difor ganske tidleg avgarde til Rørvika med Blegja som mål for som tidlegare nemnt å skifte ut fjelltrimboka. No viste det seg vel etterkvart at eg godt kunne teke det med ro nokre timar til heime, for vèret vart berre betre og betre ut over dagen. 

 Fint ved Førdefjorden på returen i dag

Eg var sjølvsagt klar over at det kunne bli ei aldri så lita utfordring dette i dag. Det var nemleg kome snø heilt ned på Yndestadhøgeheia her heime. Så då visste eg no korleis det var på Blegja. 

Glatt var det oppover bakkane frå Rørvika. Og glattare vart det oppe i snøen. Men største utfordringa var oppe i urane der det låg nokre centimeter med snø som gjorde det vanskeleg å sjå hola mellom steinane. Det tok difor si tid å komme seg opp i dag. Og jammen var eg bra pumpa oppe i øverste ura. Eg måtte puste på fleire gonger. Lungene gjekk som ein blåsebelg.. Glatta og snøen, som enkelte plassar hadde blese seg i ganske tjukke lag, pumpa kroppen for krefter. 

Ovanfor Nipevatnet bles det ganske bra nordavind. Snøen var tørr. Og då veit ein jo resultatet. Rennefòket fauk som slør ned urane frå nordaust. Nokre minusgrader i tillegg gjorde det ganske kaldt. Men eg kom meg opp til slutt i dag òg, sjølv om det heilt klart var tyngste turen i år. 

På sjølve toppen var det minimalt med sikt.. Skodda og rennefòket fekk ta skulda for det. Så bilder vart det lite med. Berre nokre frå sjølve varden, pluss nokre snøbilder som Olaug brukar å seie...:-) Boksen med fjelltrimboka greidde eg til slutt å frigje frå varden ved å banke stein mot stein. For steinane i varden var nemleg beinfrosne i tjukke islag. Den nye vart fiska opp frå sekken, bytt ut med den gamle, og teken med heim igjen. 

Rennefòk og litt skodde på Blegja i føremiddag

Eg bytta deretter nokre klede. Nesten rein vinterkreasjon, og vende nasa ned igjen same vegen. 
Eg tok det ytterst med ro. Hadde lite lyst å bli liggjande igjen oppe i ura... Så eg følgde ganske konsekvent spora frå turen opp ned igjen òg, for då såg eg kor det gjekk an å trakke utan å ramle ned i eit hol og ta ein ankel.... No fekk eg rennefòket meir bakfrå, så det plaga ikkje så mykje, og egentleg gjekk det ganske greitt ned igjen. 

Ved Nipebua traff eg to ungdommar som var på rypejakt. Ein heimehøyrande i Solheimsdalen og ein i Naustdal. Karane var både blide og pratesame. Eit bilde måtte til. Før eg gjekk ned igjen i Rørvika måtte eg lette på kleda. Det var allereie stor temperaturforskjell og anna vèr her nede. 

 To blide rypejegerar ved Nipebua

Mission completed etter ein ganske tøff tur....


Ingen kommentarer: