søndag 16. oktober 2011

Super søndag


Mot sør frå Moldura i dag...
Straumsnes med grøne bøar

Det var stor skilnad på himmelen i aust og vest i dag... Klårt i indre og mørkeblått i ytre. Tydeleg at høgtrykket som framleis heldt stand i indre strok gav tapt for lågtrykket frå vest. Dette har eg sett mange gonger frå fjelltoppane. Er du der på rette tidspunkta, er det ofte fint og skiftande lys då. No var det ikkje nokon spesiell fornøyelse å gå på toppane i dag heller, for vinden var ikkje akkurat spak...

Eg starta dagen som i går med å gå opp igjen turen frå Stafsnes til Moldura. Med 11 plussgrader nede ved fjorden, gjekk eg berre i ei Devold ulltrøye på overkroppen. Det fungerte bra med berre denne til omlag halvveges. Då måtte vindtette plagg fram. Både på hovudet og på kroppen. Søraustvinden tok godt oppe i bakkane frå nordsida òg. På sjølve topp-platået reiv han godt i kroppen. 

 Mot Florøkanten

Lyset i aust var spektakulært. Fantastiske brytningar over heile rada av fjelltoppar. No kan aldri bilder gjengi slike syn som dei i røynda er, men berre fortelje litt. Likevel synest eg slike bilder er flotte. Når eg ser rad på rad av fjell i forskjellige avstandar og lys mot horisonten, gjer det godt. Det var vel ein som brukte uttrykket om "å bli varm om hjarterota" ein gong i tida... Litt beskrivande akkurat det. 

No tok ikkje akkurat denne augneblinken så lang tid. For vinden beit skikkeleg. Fingrane vart til is. Likeeins sveitten på kroppen. Eg tok difor beine vegen rett nedatt. For det meste sprang eg til fjorden igjen. 

Klokka var ikkje så mykje då eg kom ned igjen. Faktisk endå ein ganske tidleg søndagsmorgon. Olaug og Peter, som kom att frå Bergen i går, var gått på Ytrevågefjellet med Anne. Eg køyrde difor direkte til Osland. Her oppe stod det fleire bilar. Så det var tydeleg at fleire hadde dette som mål. 

Vinden tok naturrlegvis godt oppe i bakkane på denne sida av Stongfjorden òg. Sidan eg ikkje skifta frå nedturen frå Moldura, og med lite klede elles, var det berre å halde dampen oppe. Nesten oppe på toppen kom Anne, Olaug og Peter over bakkekammen på veg ned att. Vi veksla nokre ord i vindkasta, før eg gjekk vidare mot varden. Der kom Edvin H. på veg ned igjen òg. Men det bles så grådig at det var ikkje nokon eigneleg stad for ein lengre passiar akkurat. Eg gjekk difor siste stykket til toppen og boka, før eg sprang ned igjen same vegen. 

Mot nordaust frå Ytrevågefjellet.
Indrevågefjellet t.h.
Sola skin i indre strok. M.a. på Jostedalsbreen...

Eg tok igjen dei andre nede i siste bakken før Osland, der forresten Vigdis var på veg oppover òg. Folksomt gitt. Så tok Peter og eg ein tur inn i minene. Artig med desse gruvegangane. Ikkje minst spanande for Peter. Vi skal ha oss ein ny tur med hovudlykt snart... 

Jepp, då var det heim igjen etter nokre vindfulle, men flotte timar... Supert!



1 kommentar:

AG sa...

Det kan vere fint lys i aust, men ingen ting sler det som er i vest.