søndag 2. oktober 2011

Nordsida av Stongfjorden

 Utsikt vestover frå Yndestadhøgeheia.
Vi ser Mangevatna og mot Tansøy, Askrova, Kinn, Reksta, Skorpa og Storebatalden m.m i Florø.

Ein av dei flottaste turane eg veit i Askvoll, er å gå frå Osland og vestover på nordsida av Stongfjorden. Noko av denne turen gjekk eg i dag. 

Som kjent er Ytrevågefjellet fjelltrimpost for komande sesong. Eg tok difor å sette opp nokre vardar i stigninga mot toppen i dag. Så mykje snø ligg her ikkje oppe vintradagen, og nokre av vardane er vel synlege til vinteren òg. For over den låge tregrensa bles det meste av snøen vekk. Her er nemleg temmeleg vèrhardt. Eg reknar med boka for komande sesong blir plassert ut komande helg.

 Vardenova, Røyrbotnholten og Smørskornova frå stigninga til Ytrevågefjellet.
Røyrbotnholten i midten står òg på fjelltrimprogrammet for neste sesong.
Ei av rutene opp er ved elva t.v. Elles frå vest, eller frå Rivedal i sør.
I midten ser ein Nipane som ligg på ruta frå Osland til Skålefjellet.

Allereie oppom første høgda er det flott utsikt til Flokeneset, Vågane og Osland. No gjekk eg ganske tidleg, så det var endå overskya. I tillegg kom det noko skodde siglande inn frå havet, då trekken slo over meir på nord etter at lågtrykket var reist forbi i natt. 

Litt lenger oppe får ein fantastisk utsikt til Stavfjorden, Florø og Svanøya, rett nord om landet. Her er ope og fint og ingenting som sperrar for utsikta. Ja, utanom skodda då som kom og gjekk. Oppe på sjølve toppen av Ytrevågefjellet såg eg faktisk ingenting nokre minuttar, men bestemte meg likevel for å gå ned i dalen vestom og opp igjen på Toreheia. 

Svanøy i skodde
  
Frå nordkanten på stigninga opp på Toreheia er det bratt utfor mot Stavestranda. Spektakulært. Siglar du utfor her er det bye bye love... Diverre låg skodda temmeleg tjukk, så foto vart det dårleg med. Her er jo samme nydelege utsikta som lenger nede. Berre endå betre. 

Det er tydeleg at heiloen no har samla seg i flokkar på heiane her ute ved kysten. Eg såg først ein ved elva som renn ut frå Hjartebuvatnet til Stavestranda. Litt lenger oppe i stigninga til Toreheia kvepte eg opp 4 stykker til, for så å komme over 8 eksemplar oppe på sjølve Toreheia. Eg traff òg 2 stykke til vest på Yndestadhøgeheia. Så mykje anna fugl var ikkje å sjå. Nokre heipiplerker hadde endå ikkje starta trekket. Nokre lirryper såg eg òg. Pluss ein flokk med trast på trekk. Havørnparet som held til her såg eg ikkje. Dei var vel på næringssøk lenger nord eller vest.

Frå Toreheia og vestover er det i grunn to, tre vegar ein kan gå... Du kan anten gå Yndestadhøgeheia, rett ovanfor Stongfjorden, gå ned dalen til Krikavatnet, eller halde fram fjellet på nordsida av Krikavatnet mot Skylefjellet, Blåfjellet og heilt til slutt Stavenesodden... Ein kan med andre ord gjere turen nesten så lang som ein ynskjer. Eg hadde ikkje heile dagen på meg, så eg gjekk Yndestadhøgeheia og nedatt Selda og heim. 

Det er flott utsikt til Stongfjorden og vestover frå fjellet nord om bygda. Men eg kvapp litt då eg kom fram på kanten og skulle ta bilder. Eit dieselutslepp frå ei privat båthamn låg nemleg som eit flak utover nordsida av fjorden. Den vakre utsikta fekk såleis eit negativt islett i dag. No løyste denne filmen seg sikkert fort opp, så noko skade har vel vonleg ikkje skjedd. 

 Utsikt heim til Yndestad frå Yndestadhøgeheia

På turen vestover Yndestadhøgeheia skein sola flott gjennom skylaget. Er utsikta flott til Stongfjorden, er ho jammen flott til Krikavatna og Mangevatna òg. Ikkje mindre nydeleg er det vestover til Staveneset, øyane i Florø og til havet. Praktfullt. Terrenget ligg heilt ope og fint. Lett å ta seg fram over lyngheiane. Området er eitt av dei få attverande inngrepsfrie landskapa i kommunen. Som ein oase. Når du sit på ein fjellknatt og ser vestover, fell du inn i ei eiga verd av positive kjensler som det er vanskeleg å sette ord på. Det må opplevast...

Krikavatna

Eg heldt fram ned Yndestadhøgeheia mot Selda. Her står det ein grunn etter eit gamalt sauefjøs eller noko slikt. Steinveggen som stod att mot sør såg no ut til å vere treft av lynet, for den låg smadra nedom. No står det berre att to steinmurar ved døropningen. Til sjuande og sist tek naturen att alt som ikkje blir teke vare på. 

Sjølve stien ned frå Selda, var i dag ei einaste elv. Her skulle dessutan vore rydda litt igjen. Det gror grassat fort til. Vel, vel det er no ein klisjè.... 

Nokre minutt seinare stod eg på tunet heime etter ein passeleg lang og nydeleg tur. I det flottaste terreng ein kan tenkje seg. Ein tur som absolutt alle kan gå, nesten uansett form...!  

Med sjølvutløysar  på Ytrevågefjellet

2 kommentarer:

Elisabeth sa...

Inspirerende blogg med mange fine bilder :)

Unknown sa...

Takk til Elisabeth for kjekk kommentar på bloggen min.