fredag 28. oktober 2011

Leknesvatna og Eitrenipa/Ertrenipa/Ertrefjellet 856 moh…

Her er det uklipte turtipset 
som kjem i papirutgåva av Firda i morgon.


Ruta på nordsida går opp skåra midt i fjellet

…kjært barn har mange namn.

Det er mange flotte turmål på Askvoll-halvøya. Både fjell, øyar og nes. Dei fleste fjella har ei høgde på 600-800 moh. Nokre høgre. Ein fellesnemnar er at dei har flott utsikt til fleire fjordarmar, ymse bygdelag, havet og eit panorama av andre fjell. Spesielt i soloppgang eller solnedgang kan ein få assosiasjonar til eventyrbøker frå Asbjørnsen & Moe med illustrasjonar av Kittelsen.

Vel, før eg rotar meg vekk i norske folkeeventyr skulle visst dette handle om eitt turtips. I grunn er det nesten hipp som happ kva eg vel. Frå dei heilt enkle familieturane med ungar og beremeis sommarsdagen til dei noko meir krevjande på vinterstid. Når eg no har snurra lukkehjulet stoppa det på Eitrenipa. Eg må innrømme at dette er ein av mine personlege favorittar på grunn av den fantastiske utsikten, og dei nydelege rutene opp. For det er nemleg 4 gode ruter til Eitrenipa.

Du kan gå frå Dalsfjordsida og Fossevikja til Fossedalen. Vidare langs austsida av Fossedalsvatnet til Øvre Fossedalen, og så opp Eitreskaret. Midt i skaret tek du opp skåra på vestsida. Du kan òg gå opp heile skaret, og gå den relativt slakke stigninga til toppen frå aust. Dette er ein fantastisk flott tur gjennom gamalt kulturlandskap. I Fossedalen er det òg mange flotte kulturminne.

Elles er Eitreskaret ein fin innfallsport til Eitrenipa dersom du kjem frå DNT-hytta Nipebu. Toppen er ein flott avstikkar frå den merka ruta frå Nipebu til Massbu, eller omvendt om du kjem frå Laukeland og går mot vest.
 
Skaret opp på sørsida av Eitrenipa t.h. 
Botnatjerna nede i botnen på Eitreskaret.
Fossedalshengenipa t.v.

Ei anna rute er å gå frå lenger aust og Blegja, Synste Stauren og Blåegga. Denne ruta er òg bra varda. Dessutan seier vegen mykje seg sjølv her oppe i det alpine landskapet. Du har Dalsfjorden på venstre sida og Førdefjorden på høgre sida, og ser toppane frå aust mot vest.

Den fjerde ruta er å gå opp frå Førdefjordsida. Her er ei meir detaljert skildring av den.

Du tek av eit par kilometer før Flokeneset (om du kjem frå Førde) i utkanten av tunnelen, der det står skilt til Skjerli. Du køyrer så opp til Markavatnet, og kan parkere der det står skilt til Nipebu (merka DNT-rute). Følg stien til austenden av vatnet, og vidare opp mot sør gjennom grinda. (Skal alltid vere leten att frå vår – haust). Ta av frå den merka stien rett før brua, og opp venstre sida av elva (den har utløp frå Leknesvatna). Hald denne sida av elva heilt opp til vatnet. Omlag midtvegs opp til vatnet går det ein løypestreng ved eit hammarslag ved elva, som er god å halde seg i. Vegen vidare opp til vatnet går over to, tre hamrar og opp til Ertrefossen. Du ser fossen i aust frå der du parkerer ved MarkavatneI. Her må du gå opp ei litt bratt skår på 4-5 meter, der det heng ein løypestreng til å halde seg i. Den er heilt problemfri å komme seg opp.

Frå toppen av hammaren her er det umåteleg flott utsikt til fleire avsatsar og lagunar med rennande vatn og småfossar som renn ut frå Leknesvatna. Her er dessutan fin fjellkjø. Og mot vest opnar landskapet seg til havet og øyane ved Florøkanten. Om sommaren er det fint å ta seg eit herleg bad med havutsikt… Mot sør dukkar Fossedalshengenipa opp.

Austover langs Leknesvatna er det greiast å ta nordsida av vatna. Her er bra sti og merka med vardar. Litt småkupert, men lett å ta seg fram. Det er nydeleg utsikt austover langs ruta. Eitrenipa kneisar i søraust-enden av vatna med den karakteristiske forma si. Heile vegen austover ser du Blegja og Eitrenipa. Høgefjellet ligg i nordaust. I enden av første vatnet går du over vadet mellom vatna for å komme deg sør om. God bru over elva.. Det er særs idyllisk med utsikt aust og vest til kvar av Leknesvatna. Og du kan sjå med fryd opp på det majestetiske målet…

Tyngste biten på Eitrenipa er frå Leknesvatna og opp. Ganske bratt og litt krevjande. For dei som ikkje ynskjer seg til toppen av fjellet, har likevel turen vore flott opp hit til Leknesstølane. Ruta og retninga vidare seier seg sjølv. Men du føl den lange “grasbakken” opp sørover til du kjem opp under kanten på fjellet. Ligg det snø kan det vere ein fordel å krysse seg opp. Ta litt bort (sør) flata heilt under bratte fjellet. Så tek du opp skåra til venstre (aust). Deretter den lengre og ganske bratte skåra opp til høgre (sør). Høgt og midt oppe i fjellet svingar skåra ganske bratt opp til venstre igjen (aust) – og du er aldri i tvil om retningen…!

Eitrenipa har to jamnhøge toppar. Fjellet hallar bratt utfor mot vest, sør og nord (sjå foto). I austleg retning er det ikkje så bratt. Eitreskaret ligg i sør. Herifrå kan du gå til Massbu/Nipebu/Fossedalen. Det er ingen parti som er spesielt luftige.

For å rekne litt grovt på det, bør du ha tre timar frå Markavatnet til toppen av Eitrenipa. Avhengig av form, deltakarar og årstid. Om vinteren bør du ha isbroddar eller stegjern i sekken, då det kan vere hardt og isete i stigninga mot toppen. Første delen av turen er litt kronglut for skigåing pga skog/lendet, men det er godt skiterreng ovanfor fossen. Elles er trugar eit godt hjelpemiddel som eg har hatt mykje glede av dei seinare åra.

Eitrenipa er kanskje det fjellet i Askvoll som har flottast utsikt mot vest av alle turmåla her ute. Du har ei panoramautsikt til resten av Askvollhalvøya, vatna, fjella, havet og øyane mot Florø-kanten. Mot nordvest ser du Leknesvatna, Førdefjorden, Håsteinen og Ålfotbreen. I aust ser du mot Jostedalsbreen, Blegja og Storehesten. Og i sør Fossedalstraktene, Dalsfjorden, Laukelandshesten, Kringla, Heileberget og Dale.

Leknesvatna og Eitrenipa er framifrå turmål i Sunnfjord.



Ingen kommentarer: