mandag 10. oktober 2011

Det small...

Alden frå Ytrevågefjellet i ettermiddag.
Toreheia t.h.

Eg var komen nesten opp på Ytrevågefjellet i ei vanvittig haglebyge i stad då tora slo ned på Indrevågefjellet på hi sida av Vågeskardet. Smellet kom i same sekund som lysglimtet. Eit øyredøvande brak som gjekk gjennom marg og bein! Eg må innrømme at eg skvatt...  Hagla spruta frå bakken. Og det var ubehageleg både gjennom goretex-buksa og hetta, som var det einaste eg hadde på hovudet. Heldigvis gav vindkula og byga seg etter eit kvarters tid. Faktisk så mykje at eg såg i solstrålane vest for Alden. Men med lite klede og ei tynn jakke var det berre å springe ned igjen etter nokre photoshots. Artig oppleving!


2 kommentarer:

Hannesol sa...

Oj, det høres ut som en flott, om enn våt og kald, naturopplevelse! Her tordner det forøvrig bare på sommerstid, så for meg høres det litt eksotisk ut også :0))

Unknown sa...

Ler: Men eg veit ikkje om det akkurat var eksotisk eg tenkte på der oppe då. Det var vanvittig kor det hagla, og når tora small, skalv eg nesten i føtene.Ok, berre nesten då...;-)Men eg tenkte faktisk på karbonstavane eg gjekk med, ja, om det var best å sette dei frå meg, for eg var nesten på høgste punktet...!