søndag 30. oktober 2011

Skoddevind og regn... igjen...!

 Deler av midtpartiet på ruta til Moldura frå Stafsnes. 
 Stien kjem opp over kanten t.v.
Yndestad (heim) i bakgrunnen.
Foto 25/9-10.

Steik - det var tøffe forhold på Moldura i dag. Tjukk skodde minst halve vegen, piskande regn og kuling frå sør midt i fleisen .... (Eg må ærleg innrømme at sofaen hadde vore meir behageleg. Nokre særlege utfordringar har eg likevel aldri funne der). Men opp skulle eg, sjølv om eg nesten ikkje såg handa føre meg enkelte gonger. Stengene som eg har sett opp var jammen gode å ha.... Men minst like gode var vardane Ansgar Bjarne har sett opp. Steinane som er brukte, og storleiken på dei, er såpass store at dei skin gjennom skodda. Spesielt siktvardane (dei du får mot himmelsjå). I dag hadde eg ikkje funne til topps og ned igjen utan vardane og stengene. Det er eg sikker på.

Eg kledde meg om bak varden på toppen. I tillegg fekk eg vinden og regnet i ryggen ned igjen. Det vart difor noko meir behageleg sjølv om det var grautande tjukt, og eg måtte stoppe opp eit par gonger for å halde retningen. Eg fekk såleis fiksa nokre refleksband på nokre greiner lenger nede på Stongfjord-sida. No skal det vere klart for rangling i mørket òg. Kan bli interessant nok det. Det blir iallefall ei aldri så lita utfordring å gå frå fjorden til 856 moh på svarte kvelden... Iallefall hvis det bles opp med snøkave... Spenning og adrenalinkick i kvardagen!


lørdag 29. oktober 2011

Heftig på Moldura

 Bilde frå Moldura ein haustdag då vèret var betre enn i dag...

Eg var ein ny merketur opp igjen på Moldura i dag tidleg. Knytte på nokre refleksar på merkestengene. Etter mange års bruk er dei gamle refleksane ganske prega av vèr og vind. Eg fann difor ut at det måtte til litt ekstra merking oppe i dei sista partia mot toppen. Over 800 moh er det ikkje nokon spøk å misse retningen svarte vinterkvelden. Vel, kanskje ikkje nokon plass for den del...:-) Det er dessutan veldig vèrhardt her ute ved kysten. Spesielt oppe i fjellet. Eg satsar på jomfruturen ganske kjapt.

Elles fekk eg på meg ei skikkeleg kald sluddbyge med vind og skodde akkurat oppe på toppen. Den var tøff. Spesielt då eg òg skulle knyte band på stengene. Dei nye hanskane frå Outdoor Research var fantastisk bra. Vasstette og varme. Men dei var litt for grove å ha på når eg skulle knyte refleksbanda. Eg fekk festa alle eg hadde laga til på førehand. Det rakk til omlag halvveges ned igjen, men då måtte eg legge til palings så eg ikkje fraus forderva....! Når eg då kom ned igjen til fjorden, var det omlag blikk stilt. Utrulig for ein forskjell det er i vèret oppe i fjellet og nede ved fjorden. Det har undra meg mange ein gong.....



fredag 28. oktober 2011

Leknesvatna og Eitrenipa/Ertrenipa/Ertrefjellet 856 moh…

Her er det uklipte turtipset 
som kjem i papirutgåva av Firda i morgon.


Ruta på nordsida går opp skåra midt i fjellet

…kjært barn har mange namn.

Det er mange flotte turmål på Askvoll-halvøya. Både fjell, øyar og nes. Dei fleste fjella har ei høgde på 600-800 moh. Nokre høgre. Ein fellesnemnar er at dei har flott utsikt til fleire fjordarmar, ymse bygdelag, havet og eit panorama av andre fjell. Spesielt i soloppgang eller solnedgang kan ein få assosiasjonar til eventyrbøker frå Asbjørnsen & Moe med illustrasjonar av Kittelsen.

Vel, før eg rotar meg vekk i norske folkeeventyr skulle visst dette handle om eitt turtips. I grunn er det nesten hipp som happ kva eg vel. Frå dei heilt enkle familieturane med ungar og beremeis sommarsdagen til dei noko meir krevjande på vinterstid. Når eg no har snurra lukkehjulet stoppa det på Eitrenipa. Eg må innrømme at dette er ein av mine personlege favorittar på grunn av den fantastiske utsikten, og dei nydelege rutene opp. For det er nemleg 4 gode ruter til Eitrenipa.

Du kan gå frå Dalsfjordsida og Fossevikja til Fossedalen. Vidare langs austsida av Fossedalsvatnet til Øvre Fossedalen, og så opp Eitreskaret. Midt i skaret tek du opp skåra på vestsida. Du kan òg gå opp heile skaret, og gå den relativt slakke stigninga til toppen frå aust. Dette er ein fantastisk flott tur gjennom gamalt kulturlandskap. I Fossedalen er det òg mange flotte kulturminne.

Elles er Eitreskaret ein fin innfallsport til Eitrenipa dersom du kjem frå DNT-hytta Nipebu. Toppen er ein flott avstikkar frå den merka ruta frå Nipebu til Massbu, eller omvendt om du kjem frå Laukeland og går mot vest.
 
Skaret opp på sørsida av Eitrenipa t.h. 
Botnatjerna nede i botnen på Eitreskaret.
Fossedalshengenipa t.v.

Ei anna rute er å gå frå lenger aust og Blegja, Synste Stauren og Blåegga. Denne ruta er òg bra varda. Dessutan seier vegen mykje seg sjølv her oppe i det alpine landskapet. Du har Dalsfjorden på venstre sida og Førdefjorden på høgre sida, og ser toppane frå aust mot vest.

Den fjerde ruta er å gå opp frå Førdefjordsida. Her er ei meir detaljert skildring av den.

Du tek av eit par kilometer før Flokeneset (om du kjem frå Førde) i utkanten av tunnelen, der det står skilt til Skjerli. Du køyrer så opp til Markavatnet, og kan parkere der det står skilt til Nipebu (merka DNT-rute). Følg stien til austenden av vatnet, og vidare opp mot sør gjennom grinda. (Skal alltid vere leten att frå vår – haust). Ta av frå den merka stien rett før brua, og opp venstre sida av elva (den har utløp frå Leknesvatna). Hald denne sida av elva heilt opp til vatnet. Omlag midtvegs opp til vatnet går det ein løypestreng ved eit hammarslag ved elva, som er god å halde seg i. Vegen vidare opp til vatnet går over to, tre hamrar og opp til Ertrefossen. Du ser fossen i aust frå der du parkerer ved MarkavatneI. Her må du gå opp ei litt bratt skår på 4-5 meter, der det heng ein løypestreng til å halde seg i. Den er heilt problemfri å komme seg opp.

Frå toppen av hammaren her er det umåteleg flott utsikt til fleire avsatsar og lagunar med rennande vatn og småfossar som renn ut frå Leknesvatna. Her er dessutan fin fjellkjø. Og mot vest opnar landskapet seg til havet og øyane ved Florøkanten. Om sommaren er det fint å ta seg eit herleg bad med havutsikt… Mot sør dukkar Fossedalshengenipa opp.

Austover langs Leknesvatna er det greiast å ta nordsida av vatna. Her er bra sti og merka med vardar. Litt småkupert, men lett å ta seg fram. Det er nydeleg utsikt austover langs ruta. Eitrenipa kneisar i søraust-enden av vatna med den karakteristiske forma si. Heile vegen austover ser du Blegja og Eitrenipa. Høgefjellet ligg i nordaust. I enden av første vatnet går du over vadet mellom vatna for å komme deg sør om. God bru over elva.. Det er særs idyllisk med utsikt aust og vest til kvar av Leknesvatna. Og du kan sjå med fryd opp på det majestetiske målet…

Tyngste biten på Eitrenipa er frå Leknesvatna og opp. Ganske bratt og litt krevjande. For dei som ikkje ynskjer seg til toppen av fjellet, har likevel turen vore flott opp hit til Leknesstølane. Ruta og retninga vidare seier seg sjølv. Men du føl den lange “grasbakken” opp sørover til du kjem opp under kanten på fjellet. Ligg det snø kan det vere ein fordel å krysse seg opp. Ta litt bort (sør) flata heilt under bratte fjellet. Så tek du opp skåra til venstre (aust). Deretter den lengre og ganske bratte skåra opp til høgre (sør). Høgt og midt oppe i fjellet svingar skåra ganske bratt opp til venstre igjen (aust) – og du er aldri i tvil om retningen…!

Eitrenipa har to jamnhøge toppar. Fjellet hallar bratt utfor mot vest, sør og nord (sjå foto). I austleg retning er det ikkje så bratt. Eitreskaret ligg i sør. Herifrå kan du gå til Massbu/Nipebu/Fossedalen. Det er ingen parti som er spesielt luftige.

For å rekne litt grovt på det, bør du ha tre timar frå Markavatnet til toppen av Eitrenipa. Avhengig av form, deltakarar og årstid. Om vinteren bør du ha isbroddar eller stegjern i sekken, då det kan vere hardt og isete i stigninga mot toppen. Første delen av turen er litt kronglut for skigåing pga skog/lendet, men det er godt skiterreng ovanfor fossen. Elles er trugar eit godt hjelpemiddel som eg har hatt mykje glede av dei seinare åra.

Eitrenipa er kanskje det fjellet i Askvoll som har flottast utsikt mot vest av alle turmåla her ute. Du har ei panoramautsikt til resten av Askvollhalvøya, vatna, fjella, havet og øyane mot Florø-kanten. Mot nordvest ser du Leknesvatna, Førdefjorden, Håsteinen og Ålfotbreen. I aust ser du mot Jostedalsbreen, Blegja og Storehesten. Og i sør Fossedalstraktene, Dalsfjorden, Laukelandshesten, Kringla, Heileberget og Dale.

Leknesvatna og Eitrenipa er framifrå turmål i Sunnfjord.



onsdag 26. oktober 2011

Nye lågtrykk

...det tjuknar til... 
Klauvakeipen t.h. Foto frå Ytrevågefjellet i kveld

Eg var tredje ettermiddagen på rad opp på Ytrevågefjellet etter arbeid. Sidan det no er meldt regn igjen, gjorde eg meg like godt nytte av at det var opplett. Ikkje det, eg går no likevel då... Men sola var iallefall forvunnen i ein sekk, og då er som kjent neste dag vekk...

Elles var det no berre rett opp og ned og eit par knips med fotoapparatet. Det vart nemleg mykje fortare mørkt i kveld sidan lågtrykket og fronten var på veg inn.

tirsdag 25. oktober 2011

Kjempedagar


Fantastisk på Ytrevågefjellet i kveld òg...

Eg tok opp att same turen i ettermiddag som i går. Eller ettermiddag - det var jo før middag på veg heim frå jobb. (Nyttar ikkje å ete middag og so gå...) Men det passar godt å stoppe på Osland og sleppe å køyre opp igjen.

Turen  var ganske nøyaktig den same som i går egentleg. Kjempeflott. Nydelege oktoberfargar. Men trur neppe den kvite haren og den kvite rypa tykkjer det same. Dei går ikkje akkurat i eitt med omgjevnadane om dagen. Ja, slik kan det gå.... Fargen som skal vere det beste vern, er blitt den verste fiende...!

Ja, ja det er ikkje enkelt verken for den eine eller den andre når det gjeld slikt.... Det er jo mange som slit med det gråkvite på topploket òg, somme lèt det no berre gå sin gang, medan andre grislar på med alskens remediar for å skjule det som er naturleg. Til slutt så er det vel gjerne seg sjølv ein lurer. Vel, vel vi får tru at haren og rypa står han av denne gongen òg. Andre er del vel gjerne ikkje så nøye med likevel... Eg for min del trivst best som haren...:-) 

mandag 24. oktober 2011

Gyldne strålar

Tjernet på toppen av Indrevågefjellet i ettermiddag.

Eg gjekk meg ein flott tur på Ytrevågefjellet igjen i ettermiddag. Direkte frå jobb med kleda parat i bilen.. Eg var litt bekymra for ikkje å nå sola på toppen, så eg stod godt på oppover. Men den spegla seg flott i havet der ute i vest då eg nådde oppom siste kanten.

Som vanleg bles det godt på toppen, men det var no meir for fønvind å rekne denne gongen. Elles låg landskapet bada i gylte strålar. Fantastisk flott!

Fra Ytrevågefjellet 241011


Foto ut Stongfjorden etter at eg kom ned igjen...



søndag 23. oktober 2011

Vel blåst

Foto frå Moldura i dag.
Truleg betre vèr i indre strok. 

Eg tok turen opp igjen på Moldura i dag, og fekk gjort ferdig stangmerkinga eg starta på i går. Det skal bli spanande å sjå korleis dette fungerer i mørket. Moldura ligg på 837 moh, eksponert for vind, skodde og alt som er. Fjellet er høgre, og turen lengre, enn dei fjella eg har kveldsvandra med hovudlykt tidlegare. Kanskje er det greiast å gå dei kveldane det er nokolunde vèr. Men ofte skiftar vèret utrulig fort her på kysten... Spesielt på vintestid. Vel, litt spenning må ein no ha her i livet.... folk seie visst at det er ingen skam å snu:-) Merkinga er uansett av det gode når det kjem skodde og snø. Mange av vardane som står her frå før og som er plasserte høgt, vil sikkert stikke opp av snøen òg, så her er det berre å gå for kven som helst....   

Elles bles det alvorleg oppe på platået i dag òg. Men vèret var ikkje fullt så surt som i går. For heldigvis heldt det seg opplett.  

Skålefjellet og Svarthamrane

lørdag 22. oktober 2011

Johooo, eitt til...:-)

Vel, etter å ha slappa av heime nokre timar, var det likevel til at eg tok ein snur på Ytrevågefjellet òg. Det regna ikkje fullt så gale som på føremiddagen, men vinden var endå sterk. Skoddedottane fauk som rakettar gjennom skaret mellom toppen og Toreheia, og vidare over Stavfjorden. Føremiddagsturen på Moldura var som blåst. Kjende ingen ting. Forma er heldigvis bra.

No ser det visst ut til av vi skal få nokre fine haustdagar framover. Kanskje kan det bli nokre strålande kveldsturar med låg sol og fine fargar... Akkurat det hadde gjort seg. Det har vore ein frisk start på fjelltrimsesongen i år...!

Noko vått ja

 
Eg tok med meg eit lass med staur på Moldura i dag tidleg. Merkestenger til øvste partiet på nordsida. Her er godt merkt med vardar frå før (takk Ansgar Bjarne), men ein del av desse vil naturlegvis bli borte under snøen til vinteren. Spesielt oppe mot toppen. Refleksen på stengene er sjølvsagt god å ha på kveldsvandringar med hovudlykt. Det er i grunn hovudpoenget med å dragse stengene opp og ned fjella om hausten. 

Dagen i dag var nok ei påminning på kor godt det er at nokon vardar.  Det var tjukk skodde til langt nedover fjellet. I tillegg var det kuling og silande regn. Vel, silande er gjerne feil å seie. Regnet stod som ein levande, vassrett vegg over toppen frå sør... Det gjalla i øyra av piskande nedslag på hovudet. Dei fleste kan vel tenkje seg at det i oktober blir fort kaldt på toppane då... Eg kom meg i skjul bak den solide varden på toppen (bildet) og fekk skifta på meg varme klede. Ikkje minst hovudet er viktig å dekke skikkeleg. 
Deretter starta eg stangsettinga ned igjen. Som tenkt var det ikkje tele i jorda. Men det er alltid litt problem med å finne så mykje jordsmonn at stengene står. Det er jo for det meste stein og berg så høgt oppe. Stormane herjar mykje i fjella ute ved kysten vinterstid. 

Det er eit stykke opp på Moldura. Å merke heile vegen med refleksstenger er både unødvendig og krev mykje stenger. Men eg må nok dra med meg nokre fleire oppover til området nordvest av Fanafjellet. Kanskje i morgon. Eg får sjå. Det var iallefall godt å kome seg i hus igjen i dag, ta ein varm dusj og fyre i omnen...

tirsdag 18. oktober 2011

Oktobervæte

Eg tok treningsturen opp igjen på Ytrevågefjellet etter arbeid i dag òg. Sidan Olaug skal vekk eit par dagar så passa det best slik. Det var vått med vind, regn og sludd i lufta. Piskande nedbør. Ingen fornøyelse akkurat. Men det er slikt som må til når ein vel denne måten å halde seg i form på. Trening må til...

Bilder vart det smått med i dag òg. Mørke og triste landskapsbilete er vel ikkje så mykje å vise fram. Det er slik dei blir når forholda er som no om dagen. Fjeset mitt kjenner vel dei fleste som er innom her frå før... Snart like furet som fjellet...:-) Heldigvis er eg ikkje akkurat Botox-typen...:-)

mandag 17. oktober 2011

Bles det i går, ja då....

...var det berre førebokstaven på korleis det bles i kveld.  Eg var nemleg opp igjen på Ytrevågefjellet etter arbeid. Eg måtte faktisk ned på fire eit par gonger for ikkje å bli blesen overende. Eg krøkte meg i hop og heldt kroppsvekta så lågt som mogeleg oppover bakkane. Men opp kom eg meg. 

På toppen ligg det eit lite tjern. Frå dette, ja eg vil kalle det nesten for pytten, fauk vassgòvet som ein vegg bortetter rabbane... Vinden var så kraftig at det piska vatnet til kvite toppar.  Eg hadde ikkje kameraet med meg. Tok ikkje sjansen på det i styrtebygene. Mørkt og fælt var det òg så bilda hadde blitt deretter. MMS`ane eg tok med den gamle mobilen vart heilt håplause i vindkasta.

Ein annan ting er at det vart utrulig fort mørkt i kveld. Eg kunne ikkje springe så fort ned igjen heller pga vinden. Men eg kom no meg ned før det vart heilt svart. Neste gong må nok hovudlykta fram. Tida for dette kom på ein måte veldig fort i år...

søndag 16. oktober 2011

Super søndag


Mot sør frå Moldura i dag...
Straumsnes med grøne bøar

Det var stor skilnad på himmelen i aust og vest i dag... Klårt i indre og mørkeblått i ytre. Tydeleg at høgtrykket som framleis heldt stand i indre strok gav tapt for lågtrykket frå vest. Dette har eg sett mange gonger frå fjelltoppane. Er du der på rette tidspunkta, er det ofte fint og skiftande lys då. No var det ikkje nokon spesiell fornøyelse å gå på toppane i dag heller, for vinden var ikkje akkurat spak...

Eg starta dagen som i går med å gå opp igjen turen frå Stafsnes til Moldura. Med 11 plussgrader nede ved fjorden, gjekk eg berre i ei Devold ulltrøye på overkroppen. Det fungerte bra med berre denne til omlag halvveges. Då måtte vindtette plagg fram. Både på hovudet og på kroppen. Søraustvinden tok godt oppe i bakkane frå nordsida òg. På sjølve topp-platået reiv han godt i kroppen. 

 Mot Florøkanten

Lyset i aust var spektakulært. Fantastiske brytningar over heile rada av fjelltoppar. No kan aldri bilder gjengi slike syn som dei i røynda er, men berre fortelje litt. Likevel synest eg slike bilder er flotte. Når eg ser rad på rad av fjell i forskjellige avstandar og lys mot horisonten, gjer det godt. Det var vel ein som brukte uttrykket om "å bli varm om hjarterota" ein gong i tida... Litt beskrivande akkurat det. 

No tok ikkje akkurat denne augneblinken så lang tid. For vinden beit skikkeleg. Fingrane vart til is. Likeeins sveitten på kroppen. Eg tok difor beine vegen rett nedatt. For det meste sprang eg til fjorden igjen. 

Klokka var ikkje så mykje då eg kom ned igjen. Faktisk endå ein ganske tidleg søndagsmorgon. Olaug og Peter, som kom att frå Bergen i går, var gått på Ytrevågefjellet med Anne. Eg køyrde difor direkte til Osland. Her oppe stod det fleire bilar. Så det var tydeleg at fleire hadde dette som mål. 

Vinden tok naturrlegvis godt oppe i bakkane på denne sida av Stongfjorden òg. Sidan eg ikkje skifta frå nedturen frå Moldura, og med lite klede elles, var det berre å halde dampen oppe. Nesten oppe på toppen kom Anne, Olaug og Peter over bakkekammen på veg ned att. Vi veksla nokre ord i vindkasta, før eg gjekk vidare mot varden. Der kom Edvin H. på veg ned igjen òg. Men det bles så grådig at det var ikkje nokon eigneleg stad for ein lengre passiar akkurat. Eg gjekk difor siste stykket til toppen og boka, før eg sprang ned igjen same vegen. 

Mot nordaust frå Ytrevågefjellet.
Indrevågefjellet t.h.
Sola skin i indre strok. M.a. på Jostedalsbreen...

Eg tok igjen dei andre nede i siste bakken før Osland, der forresten Vigdis var på veg oppover òg. Folksomt gitt. Så tok Peter og eg ein tur inn i minene. Artig med desse gruvegangane. Ikkje minst spanande for Peter. Vi skal ha oss ein ny tur med hovudlykt snart... 

Jepp, då var det heim igjen etter nokre vindfulle, men flotte timar... Supert!



lørdag 15. oktober 2011

Skodde på Moldura

Skodde og vind på Moldura i dag tidleg

Moldura er fjelltrimpost for sesongen 2012. Men første turen opp hit, vart nok ikkje av dei flottaste. Rett nok heldt det seg opplett, men skodda og vinden var utfordrande nok. Eg surra faktisk rundt nokre minuttar på toppen før eg fann varden.

Men ruta opp frå Stafsnes er flott. Mesteparten av stien er den same som til Fanafjellet. Eg gjekk difor aust igjen til sistnemnde, og tok denne vegen ned att etter at eg hadde vore på toppen. 

No tek ruta opp på sjølve Moldura ein meir rett veg opp vest av tjerna utom Fanafjellet. Her har Ansgar Bjarne sett opp nokre vardar frå før. Desse var greie å ha i dag då skodda låg så tjukk. På grunn av skodda var det diverre ingenting å sjå, så oversiktsbilder m.a. til Holmedal får eg ta ein annan gong.

Eit rypekull ventar på snøen...

torsdag 13. oktober 2011

Super oktoberkveld igjen...

Utsikt mot Portafjellet og Vardenova i kveld
Vatnet er begynt å fryse på...

Eg tok opp igjen same flotte turen i dag som i går. Perfekte forhold med flott oktobersol på toppen, og nesten vindstille. I kveld tok eg turen bort om nordsida på fjellet og kryssa deretter over toppen til sørsida. Perfekt utsikt til havs, øyane i Florø og innover Førdefjorden. 

Det blir nok til at eg går denne turen ein del no til å begynne med i haust, sidan den ikkje er så veldig lang. Førebels rekk eg fint opp og ned etter arbeid før det blir mørkt. Når vi stiller klokka blir det verre, men då får eg stole på den nye hovudlykta...!

Solnedgang over Alden

onsdag 12. oktober 2011

Nydeleg på Ytrevågefjellet


På dette bilder ser vi fremst f.v. Indrevågefjellet, Middagsnipa, Kvamsnipa og bak f.v. m.a. Blegja, Synste Stauren, Storehesten, Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla, Markahengernipa, Fossedalshengenipa, Nordre og Søndre Portafjellet og Blåfjellet t.h.
I`ve been there...;-)

Fantastisk fint på Ytrevågefjellet i ettermiddag

Eg var ein nydeleg hausttrimtur opp igjen på Ytrevågefjellet etter arbeid i dag. Eg hadde kleda med meg i bilen så eg slapp heimom først.

No på kveldstid, om eg skal kalle 17-tida det, er sola vekke på austsida av stigninga opp.. Men dessto kjekkare er det å få den igjen oppe på sjølve toppen. Den badar landskapen i gullskirmande fargar frå der vest i havet. Nokre småtjern i knall blått.

Stilt og fint i vèret. Fjella i aust kneisa i låg sol, med sjølve Blegja i snø.  Florø, Svanøy og Førdefjorden i oktobersol og litt dis. Ein drøss med forskjellig trast virra rundt oppe i lyngen og eineren på jakt etter eit siste måltid før trekket sørover. Eit par sidensvansar fann seg også nokre rognebær litt lenger nede. Eit par ryper skratta i kveldssola. Fantastisk fint. Så diamentralt forskjellig frå dei andre turane i det siste.

Etter å ha fått med meg dette skuet, sprang eg ned igjen i skuggelandet til bilen og til middagen... Den smakte...:-)

mandag 10. oktober 2011

Det small...

Alden frå Ytrevågefjellet i ettermiddag.
Toreheia t.h.

Eg var komen nesten opp på Ytrevågefjellet i ei vanvittig haglebyge i stad då tora slo ned på Indrevågefjellet på hi sida av Vågeskardet. Smellet kom i same sekund som lysglimtet. Eit øyredøvande brak som gjekk gjennom marg og bein! Eg må innrømme at eg skvatt...  Hagla spruta frå bakken. Og det var ubehageleg både gjennom goretex-buksa og hetta, som var det einaste eg hadde på hovudet. Heldigvis gav vindkula og byga seg etter eit kvarters tid. Faktisk så mykje at eg såg i solstrålane vest for Alden. Men med lite klede og ei tynn jakke var det berre å springe ned igjen etter nokre photoshots. Artig oppleving!


søndag 9. oktober 2011

Steikje vått...

++
Bilde (mms) frå halvveges ned igjen frå Ytrevågefjellet
Det fløymde overalt frå Indrevågefjellet!

Sjølv om det var skikkeleg grisevèr i dag tok eg likevel turen på Ytrevågefjellet. Måtte sjekke at posten var komen på plass...:-) Men for å seie det mildt så var det rimeleg rufsete der oppe. Det plaskregna sidevegs frå sør og bles noko grassat. Regnet svei gjennom goretex buksa opp... Diverre er det umogeleg å finne noko skjul opp gjennom den eksponerte stigninga, så slike dagar får du alt vèret i kroppen. Men heldigvis hadde eg teke med meg brillene i dag. Det hjelpte. 

På toppen var det sjølvsagt ikkje verandes. Eg fekk knipsa eit bilde med mobilen bak den små varden  medan det ylte rundt øyra. Eg la så til palings ned gjennom bakkane igjen. 

Du verden kor vått det var. Eg har aldri sett elvane frå Indrevågefjellet i aust slik. Det fløymde vatn overalt! MMS`en ovanfor kan ikkje vise korleis det i røynda var. Det var ganske ekstremt! Stien i det nedst partiet på mi side var forresten ei einaste elv den òg. Men eg kom meg no greitt ned igjen til hovudvegen og bilen. Faktisk leande etter ein frisk tur...:-))

lørdag 8. oktober 2011

Tidleg vinter

Vinterleg på Blegja i dag

Lørdagen kom som bestilt med flott vèr. Eg drog difor ganske tidleg avgarde til Rørvika med Blegja som mål for som tidlegare nemnt å skifte ut fjelltrimboka. No viste det seg vel etterkvart at eg godt kunne teke det med ro nokre timar til heime, for vèret vart berre betre og betre ut over dagen. 

 Fint ved Førdefjorden på returen i dag

Eg var sjølvsagt klar over at det kunne bli ei aldri så lita utfordring dette i dag. Det var nemleg kome snø heilt ned på Yndestadhøgeheia her heime. Så då visste eg no korleis det var på Blegja. 

Glatt var det oppover bakkane frå Rørvika. Og glattare vart det oppe i snøen. Men største utfordringa var oppe i urane der det låg nokre centimeter med snø som gjorde det vanskeleg å sjå hola mellom steinane. Det tok difor si tid å komme seg opp i dag. Og jammen var eg bra pumpa oppe i øverste ura. Eg måtte puste på fleire gonger. Lungene gjekk som ein blåsebelg.. Glatta og snøen, som enkelte plassar hadde blese seg i ganske tjukke lag, pumpa kroppen for krefter. 

Ovanfor Nipevatnet bles det ganske bra nordavind. Snøen var tørr. Og då veit ein jo resultatet. Rennefòket fauk som slør ned urane frå nordaust. Nokre minusgrader i tillegg gjorde det ganske kaldt. Men eg kom meg opp til slutt i dag òg, sjølv om det heilt klart var tyngste turen i år. 

På sjølve toppen var det minimalt med sikt.. Skodda og rennefòket fekk ta skulda for det. Så bilder vart det lite med. Berre nokre frå sjølve varden, pluss nokre snøbilder som Olaug brukar å seie...:-) Boksen med fjelltrimboka greidde eg til slutt å frigje frå varden ved å banke stein mot stein. For steinane i varden var nemleg beinfrosne i tjukke islag. Den nye vart fiska opp frå sekken, bytt ut med den gamle, og teken med heim igjen. 

Rennefòk og litt skodde på Blegja i føremiddag

Eg bytta deretter nokre klede. Nesten rein vinterkreasjon, og vende nasa ned igjen same vegen. 
Eg tok det ytterst med ro. Hadde lite lyst å bli liggjande igjen oppe i ura... Så eg følgde ganske konsekvent spora frå turen opp ned igjen òg, for då såg eg kor det gjekk an å trakke utan å ramle ned i eit hol og ta ein ankel.... No fekk eg rennefòket meir bakfrå, så det plaga ikkje så mykje, og egentleg gjekk det ganske greitt ned igjen. 

Ved Nipebua traff eg to ungdommar som var på rypejakt. Ein heimehøyrande i Solheimsdalen og ein i Naustdal. Karane var både blide og pratesame. Eit bilde måtte til. Før eg gjekk ned igjen i Rørvika måtte eg lette på kleda. Det var allereie stor temperaturforskjell og anna vèr her nede. 

 To blide rypejegerar ved Nipebua

Mission completed etter ein ganske tøff tur....


torsdag 6. oktober 2011

Adjø du olja stein

Utsikt ut Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia 2/10

Etter to nye joggeturar og to nye mil på asfalt denne veka, er det no slutt. Joggeskorna blir parkerte i kjellaren. Iallefall inntil vidare. I reine monsunbygene, vind og kulde er det ikkje alltid like lett å overtale seg sjølv til å halde koken.... Det er i grunn lettare å finne sofaen etter ein lang dag på jobb enn å knyte på seg joggeskorna å hoppe ut i regnvèret. Men det som MÅ gjerast det må jo gjerast. Trim er ferskvare. Det nyttar ikkje å fire på slikt.

I følge vèrmeldingane er det heller ikkje så mykje håp om flotte haustdagar med det første. Unnataket kan vere nokre timar på lørdag. Då satsar eg på å få bytta boka på Blegja med ny for komande sesong. Ser det snøar opp i der no, så det kan bli ei utfordring med glatte steinar. Men  får ta det som det kjem...

Elles blir dei nye fjelltrimpostane lagt ut no til helga òg (Blegja er frivillig kvart år, medan dei andre blir skifta). Då vil eg køyre på for fullt i fjellet. Gler meg mellom anna til å bruke den nye hovudlykta. For når vi stiller klokka om eit par, tre veker blir det fort mørkt - ja, både før og etter arbeid...



tirsdag 4. oktober 2011

"I Have No Power"



’I have no power to change you
or explain your ways-
Never believe a man can change a woman
Those men are pretenders
who think
that they created woman
from one of their ribs
Woman does not emerge from a man’s rib’s, not ever,
it’s he who emerges from her womb
like a fish rising from depths of water
and like streams that branch away from a river
It’s he who circles the sun of her eyes
and imagines he is fixed in place

I have no power to tame you
or domesticate you
or mitigate your first instincts
This task is impossible
I’ve tested my intelligence on you
also my dumbness
Nothing worked with you, neither guidance
nor temptation
Stay primitive as you are


I have no power to break your habits
for thirty years you have been like this
for three hundred years
a storm trapping in a bottle
a body by nature sensing the scent of a man
assaults it by nature
triumphs over it by nature

 
Never believe what a man says about himself
that he is the one who makes the poems
and makes the children
It is the woman who writes the poems
and the man who signs his name to them
It is the woman who bears the children
and the man who signs at the maternity hospital
that he is the father


I have no power to change your nature
my books are of no use to you
and my convictions do not convince you
nor does my fatherly council do you any good
you are the queen of anarchy, of madness, of belonging
to no one
Stay that way

You are the tree of femininity that grows in the dark
needs no sun or water
you the sea princess who has loved all men
and loved no one
slept with all men… and slept with no one
you are the Bedouin woman who went with all the tribes
and returned a virgin
Stay that way.’


(1923-1998)



søndag 2. oktober 2011

Nordsida av Stongfjorden

 Utsikt vestover frå Yndestadhøgeheia.
Vi ser Mangevatna og mot Tansøy, Askrova, Kinn, Reksta, Skorpa og Storebatalden m.m i Florø.

Ein av dei flottaste turane eg veit i Askvoll, er å gå frå Osland og vestover på nordsida av Stongfjorden. Noko av denne turen gjekk eg i dag. 

Som kjent er Ytrevågefjellet fjelltrimpost for komande sesong. Eg tok difor å sette opp nokre vardar i stigninga mot toppen i dag. Så mykje snø ligg her ikkje oppe vintradagen, og nokre av vardane er vel synlege til vinteren òg. For over den låge tregrensa bles det meste av snøen vekk. Her er nemleg temmeleg vèrhardt. Eg reknar med boka for komande sesong blir plassert ut komande helg.

 Vardenova, Røyrbotnholten og Smørskornova frå stigninga til Ytrevågefjellet.
Røyrbotnholten i midten står òg på fjelltrimprogrammet for neste sesong.
Ei av rutene opp er ved elva t.v. Elles frå vest, eller frå Rivedal i sør.
I midten ser ein Nipane som ligg på ruta frå Osland til Skålefjellet.

Allereie oppom første høgda er det flott utsikt til Flokeneset, Vågane og Osland. No gjekk eg ganske tidleg, så det var endå overskya. I tillegg kom det noko skodde siglande inn frå havet, då trekken slo over meir på nord etter at lågtrykket var reist forbi i natt. 

Litt lenger oppe får ein fantastisk utsikt til Stavfjorden, Florø og Svanøya, rett nord om landet. Her er ope og fint og ingenting som sperrar for utsikta. Ja, utanom skodda då som kom og gjekk. Oppe på sjølve toppen av Ytrevågefjellet såg eg faktisk ingenting nokre minuttar, men bestemte meg likevel for å gå ned i dalen vestom og opp igjen på Toreheia. 

Svanøy i skodde
  
Frå nordkanten på stigninga opp på Toreheia er det bratt utfor mot Stavestranda. Spektakulært. Siglar du utfor her er det bye bye love... Diverre låg skodda temmeleg tjukk, så foto vart det dårleg med. Her er jo samme nydelege utsikta som lenger nede. Berre endå betre. 

Det er tydeleg at heiloen no har samla seg i flokkar på heiane her ute ved kysten. Eg såg først ein ved elva som renn ut frå Hjartebuvatnet til Stavestranda. Litt lenger oppe i stigninga til Toreheia kvepte eg opp 4 stykker til, for så å komme over 8 eksemplar oppe på sjølve Toreheia. Eg traff òg 2 stykke til vest på Yndestadhøgeheia. Så mykje anna fugl var ikkje å sjå. Nokre heipiplerker hadde endå ikkje starta trekket. Nokre lirryper såg eg òg. Pluss ein flokk med trast på trekk. Havørnparet som held til her såg eg ikkje. Dei var vel på næringssøk lenger nord eller vest.

Frå Toreheia og vestover er det i grunn to, tre vegar ein kan gå... Du kan anten gå Yndestadhøgeheia, rett ovanfor Stongfjorden, gå ned dalen til Krikavatnet, eller halde fram fjellet på nordsida av Krikavatnet mot Skylefjellet, Blåfjellet og heilt til slutt Stavenesodden... Ein kan med andre ord gjere turen nesten så lang som ein ynskjer. Eg hadde ikkje heile dagen på meg, så eg gjekk Yndestadhøgeheia og nedatt Selda og heim. 

Det er flott utsikt til Stongfjorden og vestover frå fjellet nord om bygda. Men eg kvapp litt då eg kom fram på kanten og skulle ta bilder. Eit dieselutslepp frå ei privat båthamn låg nemleg som eit flak utover nordsida av fjorden. Den vakre utsikta fekk såleis eit negativt islett i dag. No løyste denne filmen seg sikkert fort opp, så noko skade har vel vonleg ikkje skjedd. 

 Utsikt heim til Yndestad frå Yndestadhøgeheia

På turen vestover Yndestadhøgeheia skein sola flott gjennom skylaget. Er utsikta flott til Stongfjorden, er ho jammen flott til Krikavatna og Mangevatna òg. Ikkje mindre nydeleg er det vestover til Staveneset, øyane i Florø og til havet. Praktfullt. Terrenget ligg heilt ope og fint. Lett å ta seg fram over lyngheiane. Området er eitt av dei få attverande inngrepsfrie landskapa i kommunen. Som ein oase. Når du sit på ein fjellknatt og ser vestover, fell du inn i ei eiga verd av positive kjensler som det er vanskeleg å sette ord på. Det må opplevast...

Krikavatna

Eg heldt fram ned Yndestadhøgeheia mot Selda. Her står det ein grunn etter eit gamalt sauefjøs eller noko slikt. Steinveggen som stod att mot sør såg no ut til å vere treft av lynet, for den låg smadra nedom. No står det berre att to steinmurar ved døropningen. Til sjuande og sist tek naturen att alt som ikkje blir teke vare på. 

Sjølve stien ned frå Selda, var i dag ei einaste elv. Her skulle dessutan vore rydda litt igjen. Det gror grassat fort til. Vel, vel det er no ein klisjè.... 

Nokre minutt seinare stod eg på tunet heime etter ein passeleg lang og nydeleg tur. I det flottaste terreng ein kan tenkje seg. Ein tur som absolutt alle kan gå, nesten uansett form...!  

Med sjølvutløysar  på Ytrevågefjellet