søndag 25. september 2011

Fanafjellet og Størdalsstauren

Haustmotiv vest om Fanafjellet

Eg gjekk turen Stafsnes/Fanafjellet/Størdalsstauren/Størdal i dag. Men som i går var eg nok litt for tidleg av garde. For det vart mykje betre vèr etter at eg kom heim igjen. Skodda låg nemleg tjukk på Fanafjellet då eg var der på morgonen. Moldura, som eg var tenkt oppom òg, gav eg meg på. Der låg skodda endå tjukkare. Det vart difor til at eg gjekk nedom skoddelaget igjen, og ut strekka til Størdalsstauren i staden. Dette er jo ein flott tur det òg. 

Det heldt seg heldigvis opplett heile turen, men det bles litt i tillegg til skodda. Elles var underlaget søkk vått. I tillegg er her myrlendt mange plassar oppover frå Stafsnes... Men forma er bra, så det gjekk forbausande greitt opp. Sveitt vart eg sjølvsagt, men det er vel noko av poenget....  

Så mykje levande var det ikkje å sjå. Ein sau og to lam gjekk noko vest av Fanafjellet, og ein heil del storfe midt nede i sjølve Størdalen. Her er det no forresten grønt og fint endå. 

Frisk tur! Men er det lov å håpe på fint haustvèr før fargane forsvinn....!?

Skodde på Fanafjellet i føremiddag


Ingen kommentarer: