søndag 18. september 2011

Alex

Skåla sett frå Alexandra

Eg vil først og fremst takke banken for ei framifrå helg på Hotell Alexandra og gullklokka eg fekk. Det varmar å ha så mange gode vener og kollegaer. Sjølve tilstellinga, og alt programmet, vel eg å halde innanfor husets fire vegger. Men eg kan røpe såpass at det er år og dag sidan eg har ete så godt og ledd så mykje ei helg! Takk til alle...!

Reint trimmessig har helga òg vore bra, sjølv om fjelltoppane fekk ligge i ro. Det vart diverre ikkje tid til Skåla. Men fredagskvelden jogga eg like godt tilbake til Olden og opp igjen på Alex, etter at vi hadde sjekka inn, Olaug og eg. Fin oppladning til kvelden.

I går skulle vi gå turen til Lostølen og tilbake til Loen. Men eg fann ut at det gjekk reint for seint, og sidan stien sa seg sjølv, tok eg like godt og sprang heile ruta. Herlig!

I dag måtte vi tidleg heim igjen, sidan Olaug skulle spele på Ingolfr Arnarsson tilstellinga i Rivedal. Då sprang eg mila mi forbi Osland og heim igjen. Sveitt og godt!

Ei nydeleg og opplevelssesrik helg er dermed snart forbi. Utmerka på alle måtar.

Foto frå Løvika fredagsmorgonen.

3 kommentarer:

Hannesol sa...

Gratulerer med gullklokke! Du skulle nesten hatt gullklokke i tur også du :0)

AG sa...

Gratulerer med klokka, no kan du legge inn tida på turane dine slik at vi andre har ei viss peiling på tida vi må bruke (doble tida).

Unknown sa...

Tusen takk Hannesol og Arild.

Ja, det var ei veldig kjekk helg. Fint å jubilère. No har eg ikkje gått med klokke sidan eg var konfirmant då. Er nok ikkje heilt min stil å gå rundt med gull og anna krims krams på meg heller. Slikt er i grunn berre i vegen.

Klokker har eg rundt meg heile dagen. Kan berre kort nemne: mobilen (vekkerklokke), radioklokka på soverommet, kjøkkenet, radioen, microen, bilen, pcèn (3 stk), kontoret... Har i grunn aldri hatt bruk for klokke. Når det er sagt set seg sjølvsagt pris på klokka, men mest kva den representerer... og det kan eg skrive bok om!