torsdag 29. september 2011

Asfaltflyktning

Frå turen Blegja/Blåegga/Eitrenipa 10/10/10.
Vi ser attende mot Blegja ovanfor Leknesvatna.

Eg var i grunn tenkt meg på Moldura etter jobb i dag. Det var nemleg opplett og utrulig bra temperatur. Noko dei fleste sikkert har fått med seg. Diverre vart eg sitjande nærare timen asfaltfast i Gjelsvika på veg heim. Eg fann difor ut at det vart for mykje stress å komme seg opp på Moldura og ned igjen før det vart mørkt. Ok, eg kunne teke med meg hovudlykta, men lysta liksom forsvann etter som minuttane gjekk oppe i asfaltkøa. Eg vart i tillegg trøttare og trøttare av å vente.... 

No råna eg likevel så bra til då eg kom heim at eg sprang den vanlege mila med joggesko, ja på asfalt, igjen... Med 20 grader i lufta, og i berre shortsen, vart det kjempetrim likevel.... Fantastisk flott. Og nesten oktober. 

Eg fekk elles stadfesta fjelltrimpostane for komande sesong i dag. Som tenkt så vart det dei same toppane som for 7 år sidan. Eg skal hente ned boka frå Blegja 9.oktober, samstundes som eg tek med meg den nye for neste sesong. Reknar med at dei andre toppane blir lagt ut same helga. Det skal bli kjekt.... Det vart nemleg ein litt for lang dødperiode i fjellet no i haust. Forma er likevel ganske god sidan eg har jogga ein heil del. Men no er lysta på dei nye fjella på topp... Og sjølvsagt har eg ein plan...:-)

tirsdag 27. september 2011

Inn mellom to byer

Haustmotiv mot Nipebu

Tok den sedvanlege joggeturen til minene på Osland igjen etter arbeid i dag. Godt å få sveitte litt etter ein heil dag på kontorstolen. Men noko vind gjorde turen til ei stri affære. Det kjendest nesten ut som det var motavind både opp og ned. Spesielt opp til demma kosta det godt å halde tempoet oppe... Elles var det jo fantastisk at det heldt seg opplett heile turen. Berre i shorts og ei tynn trøye var det bra....

Det gode med å trene er at ein får godt samvit. Det er dessutan ei god kjensle å stå i dusjen etterpå og kjenne at ein har fått brukt seg. Trening gir overskot. That`s it!

søndag 25. september 2011

Fanafjellet og Størdalsstauren

Haustmotiv vest om Fanafjellet

Eg gjekk turen Stafsnes/Fanafjellet/Størdalsstauren/Størdal i dag. Men som i går var eg nok litt for tidleg av garde. For det vart mykje betre vèr etter at eg kom heim igjen. Skodda låg nemleg tjukk på Fanafjellet då eg var der på morgonen. Moldura, som eg var tenkt oppom òg, gav eg meg på. Der låg skodda endå tjukkare. Det vart difor til at eg gjekk nedom skoddelaget igjen, og ut strekka til Størdalsstauren i staden. Dette er jo ein flott tur det òg. 

Det heldt seg heldigvis opplett heile turen, men det bles litt i tillegg til skodda. Elles var underlaget søkk vått. I tillegg er her myrlendt mange plassar oppover frå Stafsnes... Men forma er bra, så det gjekk forbausande greitt opp. Sveitt vart eg sjølvsagt, men det er vel noko av poenget....  

Så mykje levande var det ikkje å sjå. Ein sau og to lam gjekk noko vest av Fanafjellet, og ein heil del storfe midt nede i sjølve Størdalen. Her er det no forresten grønt og fint endå. 

Frisk tur! Men er det lov å håpe på fint haustvèr før fargane forsvinn....!?

Skodde på Fanafjellet i føremiddag


lørdag 24. september 2011

Ytrevågefjellet

Utsikt mot Vågane og Flokeneset frå oppstigninga til Ytrevågefjellet

Eg tok meg ein tur på Ytrevågefjellet i dag tidleg. Ein rekognoseringstid kan eg vel kalle det.... For eg reknar med fjellet blir ny topp på fjelltrimmen om 2 veker. (Hvis ikkje eg tek heilt feil med antal år dette var sist). Veret var ufyseleg. Regn, vind og skodde oppe mot toppen. Det vart difor ikkje rare svippen før eg snudde nasen rett ned igjen. 

Ytrevågefjellet er eit flott fjell med fin utsikt til nord mot Svanøy, Flokeneset, Stavfjorden og Florø. I dag var denne nesten fråverande. Men det skal bli kjekt å gå her i vinter....


Fra Ytrevågefjellet 240911
Mot Osland

torsdag 22. september 2011

Knapt med tid

Førdefjorden frå oppstigninga til Blegja

Sidan eg slappa av etter arbeid i går, måtte eg berre bevege meg i dag. Men det var ikkje heilt lett å få til logistikken. Det vart difor til at eg tok meg ein joggetur Askvoll rundt medan Peter spelte fotball på kunstgrasbana. 

Ei artig sak var at eg sprang forbi Nina og Janne tre gonger på same turen. På veg opp i byggefeltet i Storehogen medan dei var på veg ned. Så forbi dei ned igjen. Og sidan eg sprang ut forbi kaia, og dei gjekk innover, tok eg dei igjen inne mot skulen. I ei grasat byge der eg visst skremde dei opp ørlite vetta. Etter ropa å dømme...:-) 

Joho - ein får tid til det ein vil, sjølv om denne sightseeinga vart av det heller korte slaget....! Men eg fekk no løyst sveitten...

tirsdag 20. september 2011

Framleis jogg

 Motiv frå ura på Blegja 23/8

Vekas andre joggetur til minene på Osland er unnagjort etter arbeid i dag. Kjempeflott, opplett og fint. Forma er bra, og knærne kjennest ut til å tole asfalten heilt fint. Kjenner iallefall ikkje smerte til denne tid. Mizuno skorna eg kjøpte i fjor vinter virkar veldig bra. God demping, lette og smidige. Går faktisk greiare og greiare denne asfalt-springinga. Får køyrt meg skikkeleg effektivt med ein times jogg, spesielt oppoverbakke til Osland. 

Men i lengda blir sjølvsagt dette kjedeleg - kan egentleg ikkje vente til dei nye fjelltoppane blir lagt ut...

søndag 18. september 2011

Alex

Skåla sett frå Alexandra

Eg vil først og fremst takke banken for ei framifrå helg på Hotell Alexandra og gullklokka eg fekk. Det varmar å ha så mange gode vener og kollegaer. Sjølve tilstellinga, og alt programmet, vel eg å halde innanfor husets fire vegger. Men eg kan røpe såpass at det er år og dag sidan eg har ete så godt og ledd så mykje ei helg! Takk til alle...!

Reint trimmessig har helga òg vore bra, sjølv om fjelltoppane fekk ligge i ro. Det vart diverre ikkje tid til Skåla. Men fredagskvelden jogga eg like godt tilbake til Olden og opp igjen på Alex, etter at vi hadde sjekka inn, Olaug og eg. Fin oppladning til kvelden.

I går skulle vi gå turen til Lostølen og tilbake til Loen. Men eg fann ut at det gjekk reint for seint, og sidan stien sa seg sjølv, tok eg like godt og sprang heile ruta. Herlig!

I dag måtte vi tidleg heim igjen, sidan Olaug skulle spele på Ingolfr Arnarsson tilstellinga i Rivedal. Då sprang eg mila mi forbi Osland og heim igjen. Sveitt og godt!

Ei nydeleg og opplevelssesrik helg er dermed snart forbi. Utmerka på alle måtar.

Foto frå Løvika fredagsmorgonen.

torsdag 15. september 2011

Bungle in the jungle

Mosegleder under Rørvikenipa


Det vart lite fjell denne veka. Faktisk ingen. Greitt med ein pause for så vidt. Vèret er no elendig om dagen òg... Men eit par mil på asfalt for å halde forma vedlike har det blitt. Ja, det har vorte nokre turar Yndestad/Osland/Yndestad i det siste. Mil etter mil....

I dag var eg rett nok tenkt på Blegja etter arbeid, men der låg så mykje skodde då eg køyrde ut igjen at det hoppa eg over. Med 8--10 grader og sur nordvest ved fjorden, kan ein no berre tenkje seg korleis det var der oppe i skodda. Vått var det i tillegg. Så det hadde eg ikkje lyst til.  


Eg gjekk derimot laus på busker og gamalt gras i dumpa eit stykke vest om huset. Det er minst like god trening som noko anna fann eg ut, for sveitten rann i strie straumar etter ein halvtime. Etter ein omgang med nokre bjørnebærbusker, såg eg ut som eg hadde vore i kamp med 10 ville kattar. Blodet sila frå nevane og jammen svei det òg. Var jo idioti å gå i gang med dette utan hanskar. Men med ein dæsj handkrem etterpå så var det nesten vekke.... 


I helga blir det feiring på Alex. Fredag til søndag. Det er banken som skal på fest. Vi får teste bassenget nokre meter då. Skal bli kjekt...!

Elles tel eg ned til neste fjelltrimsesong i begynnelsen av oktober. Har nokre kilo å gå på no....:-) Då blir det action på dei nye fjelltoppane med kveldsvandringar. Også med hovudlykt, etter som mørket sig på tidlegare. Stay tuned!

søndag 11. september 2011

Ei glytte

Foto av Rørvika og Løvika i går morgon

Steik - det vart jo opplett ei stund. Akkurat så pass at eg fekk meg ein god joggetur til gruva på Osland og heim igjen. Den vanlege mila. Og så god temperatur at eg sprang i berre shortsen. Friare og lettare slik med friskt vèr direkte på kroppen. Reine nytinga.

Men du verda kor det har regna i natt. Elvane på Osland var svære. Og den som kom frå Porten var enorm. Hadde det ikkje vore for kraftutbygginga hadde elva frå Botnastølsvatnet vore likeins. Eit fantastisk skue med 4 slike flotte elvar og fossar på rekke og rad! Ok - den siste såg eg berre i tankane då - der går jo kraftrøyra ned det gamle elvafaret i staden.... fullstendig tørrlagt og med null minstevassføring!  Eit begredeleg overgrep... 

Vel, uansett er det fantastisk godt å komme seg ut gjennom dørene. Same kva ein måtte finne på. Frisk luft og trim gjer noko med oss alle. Uansett vèr...

lørdag 10. september 2011

Glatt men flott

 Blegja klokka 10 i dag

Eg var i utgangspunktet tenkt å gå Rørvika/Blegja/Blåegga/Eitrenipa/Skjerlia i dag, og hadde pakka sekken deretter. No vart det ikkje slik. Av fleire årsaker. For etter nattas regnvèr var det glatt på steinar og i urane. At det er glatt oppover frå Rørvika no om hausten, er no meir regelen enn unntaket. Men det som verre var, var at det var vått og glatt i sjølve urane lenger oppe. Spesielt frå Nipevatnet og opp. Når ein då veit at Synste Stauren og Blåegga er av same slaget, så slo eg denne delen av turen frå meg. Det vart rett og slett for travelt å gå slik heile dagen.

Noko anna var at det såg slett ikkje ut til å klårne opp då eg tok den beslutninga ved Nipevatnet. Snarare tvert i mot. På veg ned igjen skulle det vise seg at det var feil. Sola stakk nemleg gjennom og det vart veldig fint. Då ville det jo tørke opp òg, men gjort var gjort - og det kjem vil ei fin hausthelg endå får vi tru. Får ta heile denne dagsturen då. 

Eg tok det ganske så kulig oppover i dag. Spesielt sidan det var så glatt som det var, og sjølvsagt for at eg hadde heile dagen på meg. Men utan nokre skvetne ryper var det lite liv å sjå oppover. Ja, utanom eit par hjortejegerar og ein rypejeger som eg tok igjen nedanfor hytta. 

På toppen av Blegja var det ganske så kjølig i 10-tida. Ein sur søraust trekk og overskya vèr som det var, så måtte både jakke og hanskar fram. I tillegg til trøyebyte sjølvsagt. Utsikta var likevel kjempeflott. Klårt og fint. Eg sat der likevel ikkje så mange minuttane. Nokre bilder, så var det same ruta ned igjen. Litt snurten for at dagen ikkje vart som tenkt. Men, men.... 

Eg tok det heilt piano. Fjellskorna miste festet rett som det var på dei sleipe steinane. Ganske skummelt her oppe når det er slik. Det er lett å skade ein fot. Kjedeleg å måtte ligge igjen åleine her oppe.. Ikkje minst tragisk å måtte ringe etter hjelp. Så sjølv om det tok litt tid, gjekk det greitt ned igjen. 

Ved Nipevatnet traff eg det andre turfølgjet for dagen. På veg til topps. Eg slo difor av ein hyggeleg prat med to par frå Førde. Folk som eg delvis visste kven var frå før. Og eine jenta som opprinneleg kjem frå Sande (der eg jobba i banken i 12 år) kjende til bloggen min. Det var jo ekstra koseleg...:-) Den blide Førde-gjengen måtte sjølvsagt fotograferast, så her er dei...:


Deretter bar det vidare nedover i Rørvika igjen. Retteleg fint vart det. Så bra at eg heiv av meg alt på overkroppen. Eg tok ein siste kik inn på Blåegga og Eitrenipa, og tenkte som så at dei ligg no der neste gong òg...!

Utsikt inn Førdefjorden i dag tidleg

torsdag 8. september 2011

3 mil asfalt

Nedre Fossedal frå Heileberget 28/8. 
ELRAKI til høgre.

Då er eg ferdig med tredje joggeturen denne veka. 3 mil i boks. Oppoverbakke òg. Ganske høgfrekvent. Har i grunn passa bra med denne asfaltslitinga no når vèret til dei grader har vore elendig. 

Eg måtte fline godt med meg sjølv på veg ned igjen frå demma i stad, då eg iført berre shorts og ein lett fleece, fekk på meg den regnbyga. Det ausa ned. Men eg var så god og sveitt frå før at det berre var herlig med ei kald avriving. Folk, i eit par bilar som fòr forbi, lo visst òg...;-) 

Eg har bomma litt på talet turar på fjelltrimmen i år. Kunne godt ha auka på nokre fjell. Men det vart som det vart. Seinsommaren har no vore begredeleg vèrmessig òg. Det greie med jogginga er at eg får betre tid til andre ting utanom trimmen og fjellivet. Så fruen i huset vart sikkert nøgd med at eg fekk vaska alle golva etter at eg kom igjen i kveld....:-)

Men snart blir det andre bollar. Har ettersupplert med nytt utstyr til vinteren som gamasjar, hanskar og hovudlykt i tillegg til ny jakke og bukse tidlegare i sommar. Alt av beste kvalitet. Så darkness here I come... Me myself I....:-)


søndag 4. september 2011

Asfaltpes

 Motiv frå Blegja 31/8

Dagens joggetur inn i Stongfjorden, opp bakkane til demma og vidare til Osland og minene, var av det heldige slaget. Det måtte ha vore midt inn i mellom to regnbyger. Litt yr var det einaste som kom ned. Slik sett kunne eg spart meg både det eine og andre klesplagget...:-) For jammen har det regna resten av dagen. 

Denne asfaltpesinga er eg i grunn ikkje så veldig begeistra for. Det går nemleg hardt ut over knærne. Spesielt nedover igjen. Men ein fordel har det iallefall - skodda som ligg heilt i fjorden gjer meg ingenting. For det er ikkje så lett å springe seg vekk når ein har kvite striper å springe etter...:-)

lørdag 3. september 2011

Våt hausttur

Vi vil heller sjå hausten slik...
Foto frå Staveneset.

Det var ei blaut og hustrig oppleving å ta turen på Svarthamrane igjen i dag. Sidan dette fjellet snart blir teke vekk frå fjelltrimmen, og nye kjem til, var eg opp og tok ned att merkestengene eg brukte i vinter når eg gjekk opp med hovudlykt. Stengene skal eg bruke til vinteren igjen. 

Øs pøs, skodde og vind. Elvane var strie og lendet vått. Likevel fekk eg med meg ned att alt eg skulle. Ei tung bør. Å bere sprikande staur i vått og glatt lende, er ikkje det enklaste ein gjer. Godt å ha nye La Sportiva sko (eg fekk meg nye då eg klaga på sålen som losna på dei gamle...) No står det att ein og annan splintra bit av bambus her og der. Harde vèrforhold har knust nokre stenger. Men desse splintrene kan no kome vel med til seinare, hvis nokon har tenkt å ta vegen opp frå Gjerdedalen. Stengene står betre enn desse småvardane som vèr, vind og sauer veltar.

Elles var det no litt artig å studere boka etter sommarens eskapader... Dvs. det var ikkje vèr til det der oppe - så eg knipsa foto av den i staden...:-)