tirsdag 23. august 2011

Praktfull ettermiddag


I motlys: Frå Blegja i ettermiddag.
Vi ser Langevatnet ved Nipebu t.v. og Leknesvatna t.h.

Eg stoppa i Rørvika på veg heim etter jobb i dag, og gjekk ein tur oppom Blegja. Det klårna faktisk heilt opp då eg kom ut att til kysten. Og i berre joggesko og tights gjekk det rimeleg fort opp.

Sjølv om det var litt vått i stien, og nokre småsitler hist og pist, var det perfekt oppover. Tørt og fint i urane. Og på toppen var det blikk stilt. 

Eg var litt forsiktig ned igjen ura. Joggesko er ikkje rare vernet når ein går unnabakkane i kvass stein og ur. Lett å få seg eit kakk her og der. Men det var midt nede i bakken mot Rørvika det brått sa pang. I bra fart er pene damer eg treff på ned igjen skumle greier. Sist gjekk det jo retteleg gale med ein ankel som såg ut som fy etterpå. I kveld miste eg sjølvsagt konsentrasjonen då eg traff rektoren på skulen i Kvammen, Siv Karin.

No har eg alltid hatt respekt for rektorar. Slikt ligg i blodet frå barnsbein av. Men no forsvann fotfestet totalt. Eg låg langflat for jenta etter stien, og heldt fram flaksinga med hovudet først ned i blåbærlyngen....

Rektorar er nok vande med litt av kvart. Men flygande, halvnakne galningar, som trynar som takras framfor ein, førekjem vel relativt sjeldan.  Iallefall som kjem som skot ut av ville skogen... Mon tru kva ho trudde jenta.... Vel, vi lo iallefall godt begge to. Veksla ein passiar, før vi gjekk kvar vår veg. Eg humra resten av vegen til Rørvika...

Kjempeflott tur. Eg minnest nok denne turen ei stund... Mest på grunn av rektoren..:-))

Det ligg framleis noko snø i eit parti i ura...

I vanvare sletta eg stykket frå Blegja 17/8, men legg inn igjen bilda frå den turen  her:


2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

He-he, det er ikke bare bare når du legger deg strak for damene på din veg! :D Sånne ting man husker ja!

Flott bilde fra i dag der oppe på toppene. Liker så godt bildet i headeren din, rett og slett vakkert!!

God kveld videre Gustav! ;)

Unknown sa...

Enkelte lærer visst aldri nei... Eg må skjerpe konsentrasjonen når eg treffer det female i fjellet...:-) På den annan side så er det jo positivt at vibbene lever...:-))

Mange som likar akkurat dette bildet ja. Skulle vore litt skarpare, men motivet og skyene var vakre akkurat her. Sentrerer fint inn mot øyane i Florø.

Lev vel!