onsdag 31. august 2011

Nydeleg på Blegja



Frå Blegja i kveld

Eg var opp igjen på Blegja etter arbeid i dag òg. Ingen hadde vore der sidan eg var der forrige tirsdag. Tydeleg at ferien er slutt for folk, og skulane har begynt igjen.  Stilt og fint, og så varmt som ein kan vente det siste dagen i august. Eg gjekk faktisk opp i berre tightsen og bar overkropp. 

Ovanfor hytta, på veg ned igjen, traff eg ein hyggeleg kvamsing, Otto Å. Hadde ikkje helst på karen før. Så vi slo av en liten prat.. Tydeleg at han likte å komme seg ut han òg denne flotte kvelden.

Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Det gjekk radig opp, men ned att passa eg meg vel for steinen i urane. Lett å få seg ein her. Spesielt i joggesko. Nokre bilder vart det i dag òg. Fantastisk flott tur!

Fra Blegja 310811


søndag 28. august 2011

Exit Heileberget


Foto frå Heileberget i dag.

Sjarmøretappen: Eg gjekk siste turen på Heileberget i dag. I denne omgang. Og det passa seg slik at mor mi hadde gebursdagsfeiring i Dale, så då tok eg vegen ned på framsida, etter å ha gått inn frå Rivedal. Elles greitt å få sett korleis dalingane har merka her. Eg begynte å nynne på "Blind man blues" då eg starta å gå ned igjen. Av ukjent grunn. Seinare gjekk det opp for meg at "Even a blind man can tell" kvar ruta går:-) Broderen henta meg sporty i Fossevikja.

Olaug og Peter tok ferja inn så då fekk eg henta bilen i Rivedal på veg ut igjen. Supert. 

Med ein god dusj i Dale, og byteklede i sekken, var det berre å ta for seg av alle dei velsmakande kakene frå eit bugnande bord. I tillegg til saltmat frå koldtbord. Ein perfekt søndag!

Broderen henta meg i Fossevikja i dag

lørdag 27. august 2011

Syrgjeleg endelikt


 I jakta på ein godbit gjekk denne skata i den verste felle som tenkjast kan. Etter å ha åla seg gjennom hòlet og inn i krabbeteina, der ho såvidt fekk plass, var ho fanga i eit inferno med vilskne krabber. Ho hadde ikkje ein sjanse stakkars. Naturen er ubønnhørleg. Men teina tek eg på meg... 

onsdag 24. august 2011

Monsterkrabbe


Eg var av stad og sette krabbeteiner med Peter hin kvelden. Så i kveld vart det krabber ja. Ei hannkrabbe var spesielt stor. Reine monsterkrabba. Den måtte sjølvsagt fotograferast.

Fingrane mine vart små i forhold til utstyret hans. Og endå mindre hadde dei nok blitt om klørne til denne karen hadde fått tak...

tirsdag 23. august 2011

Praktfull ettermiddag


I motlys: Frå Blegja i ettermiddag.
Vi ser Langevatnet ved Nipebu t.v. og Leknesvatna t.h.

Eg stoppa i Rørvika på veg heim etter jobb i dag, og gjekk ein tur oppom Blegja. Det klårna faktisk heilt opp då eg kom ut att til kysten. Og i berre joggesko og tights gjekk det rimeleg fort opp.

Sjølv om det var litt vått i stien, og nokre småsitler hist og pist, var det perfekt oppover. Tørt og fint i urane. Og på toppen var det blikk stilt. 

Eg var litt forsiktig ned igjen ura. Joggesko er ikkje rare vernet når ein går unnabakkane i kvass stein og ur. Lett å få seg eit kakk her og der. Men det var midt nede i bakken mot Rørvika det brått sa pang. I bra fart er pene damer eg treff på ned igjen skumle greier. Sist gjekk det jo retteleg gale med ein ankel som såg ut som fy etterpå. I kveld miste eg sjølvsagt konsentrasjonen då eg traff rektoren på skulen i Kvammen, Siv Karin.

No har eg alltid hatt respekt for rektorar. Slikt ligg i blodet frå barnsbein av. Men no forsvann fotfestet totalt. Eg låg langflat for jenta etter stien, og heldt fram flaksinga med hovudet først ned i blåbærlyngen....

Rektorar er nok vande med litt av kvart. Men flygande, halvnakne galningar, som trynar som takras framfor ein, førekjem vel relativt sjeldan.  Iallefall som kjem som skot ut av ville skogen... Mon tru kva ho trudde jenta.... Vel, vi lo iallefall godt begge to. Veksla ein passiar, før vi gjekk kvar vår veg. Eg humra resten av vegen til Rørvika...

Kjempeflott tur. Eg minnest nok denne turen ei stund... Mest på grunn av rektoren..:-))

Det ligg framleis noko snø i eit parti i ura...

I vanvare sletta eg stykket frå Blegja 17/8, men legg inn igjen bilda frå den turen  her:


søndag 21. august 2011

Monsun


Frå Blegja på torsdag. 
F.v. og fremst ser vi Rørviknipa, så Eitrenipa, og bakerst t.v. spissen av Skålefjellet, så Høgeheia på Staveneset og Toreheia. Øyane er fremst Svanøy, så Askrova, Kinn, Reksta, Skorpa, Storebatalden og Hovden t.h.

Det vart ingen fjell i dag, men bilvask innvendig og utvendig. I tillegg var jo Tora og Tiril her i helga. 

Eg hadde meg likevel ein solid joggetur til gruvene på Osland i kveldinga. Motavind og regn opp til demma var saftige greier. Etterpå vart det berre endå meir regn, før det like brått skein opp igjen. Like greitt å springe i berre shortsen. Sommarregn på naken hud er berre forfriskande... Livet smiler ekstra breitt då...!



lørdag 20. august 2011

Fløyen - igjen...


Fløyen i dag

Nok ein gong stemte meldingane over vèret lørdagsføremiddagen godt. Opplett og delvis overskua først på dagen og regn litt ut på ettermiddagen. Perfekt for min del. Då nådde eg ein tur inn på Fløyen frå Rivedal og utatt med lett utstyr.
Det stod ein heil flokk med sauer opp etter grinda nedom demma i dag. Dei hadde tydeleg lyst heim igjen. Og breka i eitt sett til meg då eg passerte over elva og vidare oppover. Men det var ingen å sjå på Hundeheia over inn til Driveknolten. Det gjekk nokre få nett på austsida av Driveknolten og nokre lenger nede på nordsida. Dei fleste gjekk i dalen nord om Høgknolten. Elles såg eg ikkje liv innover. Berre heipiplerker. 
Sola kom og gjekk. Nokre trugande skyer likeeins. Men temperaturen var såpass at eg gjekk berre i ei tynn ulltrøye og tights. Sidan sålen på eine La Sportiva skoen var losna, og paret sendt inn for ei vurdering, gjekk eg i fjelljoggeskorna. For første gong sidan overtrakket. Fekk forresten testa den nye lette og tynne vindjakka frå Paramo. Kjempebra! 

 Jøss, det fungerte supert. Kjend meg som ein vind og sprang ein god del av vegen inn og mesteparten ut igjen. Fantastisk kjekt å kjenne kroppen responderer. Fin morgontur....!

Siste stykket inn på Fløyen

søndag 14. august 2011

Krabbefiske i hamna

Stongfjorden frå hamna i dag

Det vart ingen fjell i dag. Olaug reiste med Sissel for å sjå etter sauene i Fanafjelltraktene, og eg vart heime med Peter og Hanna. Eldste barnebarnet mitt har vore her i helga. 

Mesteparten av dagen gjekk med til å fiske krabber i hamna i Stongfjorden. Eg fiska ein makrell til agn til å begynne med, og deretter agne vi både eitt og hitt. Det er fantastisk kva som rører seg på sjøbotnen. Spesielt for barneauger...! Eg hugsar sjølv vi som ungar kunne ligge heile dagane på Trossebryggja i Dale, stire mot sjøbotnen, og håpe på fangst på våre onglar med agn og gøtt. 

Timane går fort når ungar er opptekne med slikt. (Slik sett har ikkje dette endra seg særleg sidan eg sjølv var unge). Men middag og ein snopetur til Askvoll måtte det til inn i mellom. Og til slutt dukka både Olaug, Håvard, Miriam, Tora og Tirill òg opp for å sjekke fangsten av taskekrabber. Så vart det frisetjing av krabbene før dei gjekk heden. Deretter bar det heim til nylaga kanelbollar som gjekk ned på høgkant. 

Flott at det heldt seg opplett i dag òg så ungane fekk kose seg ute.



Teaterframsyninga Dyrene i Hakkebakkeskogen


Eldste barnebarnet mitt Hanna (8) kosa seg under framsyninga av Dyrene i Hakkebakkeskogen på Kyrkjebakken i Askvoll fredag.
Eit godt bodskap og flinke skodespelarar gjorde visinga til ei kjekk oppleving.
Fra Hakkebakkeskogen_1
(Bilder på link)

lørdag 13. august 2011

Grytidleg


Siste stykket inn på Fløyen...

I dag vakna eg klokka 05.15, og stod like godt opp litt etterpå. Vèret ute var kjempeflott. Rett nok litt sørausttrekk og berre 9 varmegrader. Då var det nok endå litt surt på Heileberet. Eg utrusta meg akkurat som hin dagen: fjellsko, tights, ei kunsstoff trøye, rumpetaske med ei tynn vindtett trøye inn i, buff, mobil og drikkeflaska. Og sjølvsagt fotoapparat. Det var det. Avgarde til Rivedal. 

Eg var der inne allereie før klokka 07. Sur trekk ned dalen langs Rivedalselva, eller det som er igjen av ho etter utbygginga. Kryssing nedom demma og opp på Hundeheia. Vi kvapp kvarandre ein svartskimrande orrhane og eg. Så biten inn til Høgknolten.

Godsnakking med sauene som går her. Og så traff eg på ein heil flokk rett før oppstigninga til skaret. Det ramla i sauebjøller og breking. Somme kom bort og snusa etter mjøl. Prata litt med dei, men måtte etter litt vidare. 

Ny omgang med sur trekk på høgda innover til Driveknolten. Eg gav på for å halde hèten. Ville ha den vindtette og tynne jakka til seinare. Så opp over knolten, ned på hi sida og vidare innover. Eg skreiv meg inn i boka klokka 08.40. Sånn passe tid inn..

Det går nok litt fortare med joggesko, men dei har eg ikkje tort å bruke igjen etter det solide overtrakket tidlegare i sommar.  Er faktisk ikkje heilt 100%, og merkar det lett om eg feiltrakkar litt. Trur leddband og sener treng ro endå.

Eg knipsa nokre bilder, trekte på meg buff og vindtett, og gjekk utatt same vegen. Det gjekk lett. Og mykje av vegen sprang eg i fjellskorna. 
Utom Driveknolten traff eg på nok ein flokk med sauer som ikkje var der då eg gjekk inn. Småprata med dei litt. Desse hadde nok helde til på nordsida då. Dei var tydeleg på veg utatt. Lengtar dei heim? Det går iallefall ingen innom Driveknolten no. 

Siste stykket ut Hundeheia og ned dalen til bilen, vart det jammen varmt. Men eg gadd ikkje stoppe og kle av meg igjen, så gjennomsveitt nådde eg bilen ca 10.15. Radig tur. Men ikkje den raskaste... (den får eg ha for meg sjølv...:-))

No var vel dei andre i huset stått opp. Hadde eldste barnebarnet mitt heime ilag med Olaug og Peter, så no fekk dagen brukast til noko anna enn fjell. Eg var nøgd...

Fra Heileberget 130811

torsdag 11. august 2011

The lonely ride

...eller to the heart of the sunrise...
















Kveld på Fløyen

Førde/Stongfjorden/Rivedal/Heileberget/Fløyen/Rivedal/Stongfjorden var ruta etter arbeid i går. Slikt tek si tid. No slapp eg å gå heile vegen då heldigvis. Men nokre timar gjekk det uansett. No vart det såpass seint i går kveld at blogging fekk vere blogging. Så her er nokre grytidlege morgon-ord.

For å seie det som det er, eg er glad eg snart er ferdig med denne ruta. Iallefall for i år. Du må ha rette guts`en for å gå i gang (P.S eg går aldri utan eg har lyst...) Undervegs i går kveld begynte eg å tenke på at eg er meir vand med å springe opp på eit fjell og ned igjen enn å gå beint fram. For på Heileberget er det langt inn og langt ut igjen. Frå Rivedal vel og merke. Noko kupert sjølvsagt. Og opp på høgda må du. På Driveknolten òg. Men det er vandringa inn og ut som krev den gode tonen med seg sjølv. På sett og vis går det lettast ut igjen. Du er på heimveg og har nådd inn. I går kveld begynte eg brått å synge på Norma Jean med Elton John då eg nesten var komen ut igjen ved Høgknolten. Så tonen var der heldigvis...

Det var kjempeflott. Klårt og fint. Men nordavinden var kald i kantane. Var glad eg hadde med meg vindtett og ein buff på hovudet. Eg la att shortsen heime og bruke tights istaden. Det var fornuftig. Sjølv om sola skein, var det ikkje mange varmegradene i vinden.

Det går unekteleg mot haust. I fjellet du merkar det først. Vegetasjonen gulnar og raudnar no, sjølv om blada på trea lenger nede enno held på grønfargen.



















Når sola no står lågare i vest blir skuggane på fjella heilt annleis enn rundt jonsok. Skårar og forkastningar blir tydlegare i den klåre nordalufta. Her Langevatnet, Markahengenipa og Fossedalshengenipa i går kveld.
Skåra opp frå Dalsstoredalen til Nipebu midt i bildet.

Såg lite til sauene. Dei var som blåst mellom Høgknolten og Driveknolten. Stussa litt over det. Men etter å ha kome ut igjen mot Hundeheia, såg eg flokkane på nordsida av Høgknolten. Dei vandrar ein heil del desse fjellsauene, men nokre er heilt stabile på Hundeheia. Eit par av søyene med lam ser eg kvar gong. Elles var det lite liv å sjå på denne kveldstunda. Berre heipiplerker i rikt monn.

På slike kveldsturar får eg av og til kjensla av å ri inn i solnedgangen når eg spring ut igjen. Nesten som i ein god gamaldags cowboyfilm. Det er jo fantastisk flott med kveldssola der ute i vest, havet bada i sølvskimrande lys, blå himmel, den blå Dalsfjorden, grøne bøar ved fjorden, gullys på landskapet bak meg, og skarpe konturar på dei flotte fjella rundt. Eit eventyr i panorama. Likevel er det ei eiga tilfredsheit i å springe ned kraftvegen det siste stykket til bilen igjen. I skuggen, med kveldsmørket sigande på.... Det er alltid godt å koma heim.

Fra Heileberget 100811
...And I'm ridin' home

søndag 7. august 2011

Fjellvindens sus













Morgonstemning i Rivedal

Fint med desse timevarsla for vèret. Eg bestemte meg difor allereie i går kveld om å ta tidleg avgarde på Heileberget frå Rivedal. Det var meldt sol om morgonen og tilskyande allereie ut på føremiddagen. Det stemte på ein prikk.

Men rare temperaturen var det ikkje på morgonkvisten. 8-9 grader med ein sur trekk ned dalen. I tillegg var det morgonskodde. Eg måtte hive på meg ei trøye, men det heldt med shorts.

Elles gjekk turen heilt som vanleg innover. Eg skreiv meg inn i boka klokka 09.10. Her inne var det rett nok så surt at ei lett vindtrøye og buffen måtte fram. Eg sprang så ut igjen til Rivedal same vegen som eg kom.

Fra Heileberget 070811
Adopsjon av framand rase og hudfarge....

lørdag 6. august 2011

I eit utbyggingsområde













Leknesvatna og Leknesstølen

Eg tok meg ein tur inn i Bjønnastigvatnet og Leknesvatna i dag tidleg. Hadde pakka med meg mat og drikke for å bruke nokre timar der inne. I sekken hadde eg fiskestonga òg. Vèret var vel kva vi kan kalle for fiskevèr. Noko skiftande vindretningar, og regn inn i mellom, men bra temperatur.

Sjølv om Bjønnastigvatnet knapt var halvtappa, såg det ille ut der inne. Ikkje noko nytt i den forstand. Men likevel. Det er vel gjerne ikkje så mange som tek turen vidare innover frå Leknesvatna til Bjønnastigvatnet. Vatnet ligg liksom litt avsides til i ei svær fjellgrop mellom Høgefjellet og Eitrenipa. Nei då var det kjekkare å gå ned igjen til Leknesvatna. Her er det utrulig vakkert. No får vi berre håpa at Sogn og Fjordane Energi (SFE) ikkje får det som dei vil då dei har søkt om konsesjon for å byggje ut også dette vatnet. Etter mi meining er det rasert meir enn nok vassdragsnatur frå før her ute i fjella.

Fisket var brukbart. Ikkje overveldande, men likevel... Eit par plassar var det uhorvelege mengder med blåbær. Det meste eg har sett i år. Så eg frotsa i blåbær. Blåfarga både her og der. Herlig. 

Timane går fort i fjellet.  6 timar var blåst bort før eg fekk sukk for meg. Og brått kom eg på at eg måtte handle til helga. Resten av familien var på veg heim igjen etter ei lita veka i Bergen.... Så då var det berre å ta peiling på Skjerlia igjen. Flott tur!

Fra Bjønnastigvatnet_Leknesvatna 060811

fredag 5. august 2011

Sommarregn på naken hud












Heileberget i går.
Regnbyga kjem opp frå sør og eg er naken...:-)

På slutten av fjelltrimsesongane då eg har hatt god tida, har eg med ujamne mellomrom lete vore å skrive meg i boka på enkelte fjelltrimpostar. Turar eg heller ikkje har blogga og lagt ut bilder av. For moro skuld har eg då teke bilde av siste sida av boka, for å sjå om nokon nye har skrive seg inn med dato før eg var der, neste gong eg kom opp. Namn som ikkje stod der sist...! Dette har ført til morosame studiar.... Litt paranoia må ein unne seg i kvardagen..:-) Men kanskje er det like greitt at enkelte ting får ligge i ro på harddisken...:-)) 

Eg var inn igjen på Heileberget og Fløyen frå Rivedal igjen i går kveld (forøvrig ein tur eg skreiv meg inn...:-)) Det var varmt. Nesten syden temperatur. Eg kvapp nesten av varmen då eg gjekk ut av bilen i Rivedal.  (Du veit desse nymotens klimaanlegget lurer ein litt...) 25 grader viste målaren i bilen då eg sette han frå meg på parkeringsplassen ved kraftverket. Kun iført shorts og sko la eg avgarde opp kraftvegen. Den vanlege ruta.

Sveitten sila allereie då eg gjekk over elva. Huttetu - dette kom til å bli varmt! Men allereie kvarteret seinare, oppe på Hundeheia, forsvann sola. Ein mørkeblå himmel dukka opp i søraust. Regnbygene sveipa over fjella i sør ved Lihesten og lenger aust i Guddalsfjella. Jaha, det var berre å bu seg på bløyte. Ikkje det at det ville gjere meg noko, men det var fotoapparatet då.....

Himmelens sluser opna seg rett før Driveknolten. Eg kom meg i le av ein stein og putta fotoapparatet inn under den. Akkurat her inne er det ikkje ein einaste hammer eller steinutsprang som ein kan kome seg skikkeleg inn under. Så eg måtte berre ta i mot det som kom. Eg vart søkkvåt. Men heldigvis var temperaturen av det milde slaget.

No stod ikkje verste byga på så lenge, kvarteret kanskje, og sidan eg var gjennomsveitt frå før, heldt kroppsvarmen ganske bra. Eg gjekk likevel godt på over Driveknolten og vidare innover for å få sveitten på gong igjen....:-) Litt forsiktig måtte eg rett nok vere sidan lendet og steinane no var søkkvåte.
Eg nådde greitt inn på toppen. Då var det allereie begynt å lysne igjen i søraust. Godt det ikkje ville sile ned heile tida. Det var nesten to timar ut igjen òg... Eg knipsa eit par bilder. Skreiv meg inn i boka og la i veg vestover igjen.

Mellom Driveknolten og Høgknolten var det det allereie begynt å bli litt skymt i 20-tida. Det merkast godt om kveldane no at det snart er eit par månader sidan solsnu. Himmelen i vest opna seg opp igjen etter byga, og det vart eit flott skue rundt Atløynipa, Dokka og Moldura.













Fint i vest i går kveld

Eg godsnakka litt med sauene som var spreidd over området mellom Driveknolten og Høgknolten. Nokre gjekk òg på Hundeheia, men eg såg ingen innover mot Fløyen. Deretter bar det ned til bilen. Klokka var nesten 20.30 då eg nådde ned på parkeringsplassen igjen.

Flott tur. Litt sommarregn på bar hud er ein stimuli. Det er nesten som ein lever litt ekstra slike stunder....

torsdag 4. august 2011

Eit par ord om Førde













Arbeidsplassen min t.h. Foto 02.08.

Eg synest området rundt arbeidsplassen min i Førde har kome seg monaleg dei seinare åra. Etter at gangbrua vart laga, og parken opprusta, har dette vorte ein idyllisk plass midt i sentrum. Her kan no barnefamiliar trille barnevogn, ungdommar sole seg på dei flotte plenane og turistar ete matpakken på dei flotte steinborda som er plasserte ut. Ofte ser eg òg joggarar og folk som luftar hunden. Langs parken renn Jølstra roleg til sjøen. Ved elvakanten her har både stokkand og siland fostra fram sine nye små for året.

Sjølv om mange meiner Førde er ein "stygg" by med firkanta bygningsmasse og grelle handelshus, så er iallefall området rundt Sparebanken S&FJ og parken unnataket. Sentrum Sør synest eg òg er på rett veg. Her går det faktisk godt an å finne roen frå kjaset og maset elles i byen. Så er du på handletur i Førde med familien, kan du godt sende kona di avgarde med Visakortet ditt, og heller lese avisa på ein benk i parken.... (Du må tilby noko som virkar...:-))Anbefalast!

onsdag 3. august 2011

Joggings












Motiv frå Osland

Sidan eg no held på å avslutte årets sesong på fjelltrimmen, har eg i det siste teke meg nokre joggeturar istaden for fjellturar. Eg har endå nokre turar igjen på Heileberget, og vil avslutte sesongen med eit par tre Blegja-turar i haust. Avhenging av vèr og lyst. Men det er god og effektiv trening i å jogge til gruvene på Osland og heim igjen, ca 9 km. Pulsen får raskt føter å gå på når eg spring oppover-bakke til demma. Men reine avslappinga ned igjen....:-)

Når det gjeld Heileberget så er det som tidlegare nemnt forholdsvis langt frå Rivedal og ut igjen. Eg brukar å rekne vel 4 timar inkludert køyring frå Stongfjorden. Men sidan eg må heim frå Førde etter arbeid først, så avgrensar midtveke-turane seg sjølv. Iallefall hvis vèret ikkje er heilt topp. Dette tok eg høgde for når eg sette måla mine, med det resultat at turane midt i veka blir færre ei stund. Forma må likevel vedlikehaldast til dei nye toppane blir lagt ut i førstninga av oktober.

Eg skal framleis oppdatere bloggen så godt eg kan både frå det eine og det andre. Men å blogge joggeturane er kanskje ikkje det mest interessante! Fotoapparat har eg heller ikkje med...:-)


mandag 1. august 2011

Fiske og fototurar












Oslandsvatnet med utsikt til Oslandsbotnen

Eg keik ut gjennom glaset kl 06. Blå himmel og gulrosa skjer av sol på fjelltoppane ikring. Praktfullt! Eg stakk ut på altanen for å få litt betre oversikt. Nydeleg! Men eit dekke av havskodde låg ute ved Atløyna. Så eg åt frukost og gjorde meg klar for ein tidleg Blegja-visitt.

Medan eg åt havregrysgrauten dukka det opp to skoddedottar ved Størdalsstauren. Og etter at eg hadde teke meg ein kopp kaffi og surfa gjennom litt triste nyhende, var skodda dukka opp på Yndestadfjellet òg. Så eg stakk ut på altanen igjen og fekk nærast sjokk! Havskodda låg nærast heilt i fjorden. I løpet av ein halvtime hadde knall blå himmel vorte til eit grautande tjukt skoddelag...

Vel, vel, so isst dass Leben. Blegja-turen vart kansellert umiddelbart. Det er berre unntaksvis at eg gidd å gå opp der i skodde. Noko problem å ta seg opp under slike tilhøve er det i grunn ikkje. På grunn av vardane. Men å gå i dette er inga oppleving. Bilda blir så dårlege òg...

Så då vart det til at eg reiste til Bakkevatnet i Holmedal i staden. Med fiskestong og fotoapparat.

Eg har eit nært forhold til Bakkevatnet. Eg hadde mange somrar på Boge og ved vatnet i barneåra mine. Vi fiska flotte kjø då. Men kjøa har kanskje vokse medan vatnet har minka? Far min og Arthur`en var som oftast med på desse turane då eg ikkje var så gamle karen. 

Bakkevatnet med utsikt vestover.
Dokka i bakgrunnen i skodde.

Frå desse åra hugsar eg Bakkevatnet som eit stort vatn. Sjokket eg fekk då eg kom tilbake for nokre år sidan var enormt. Vatnet hadde minka noko grådig...! Slik er det vel med dei fleste barndomsminna. Litt forvrengt. Og litt romantisert. Sola skein jo heile tida då. Vintrane var fyllte med mykje snø. Blegja var nærast uoppnåeleg, langt og høgt å gå. Bakkevatnet var som eit hav å rekne. No spring eg opp på Blegja på to timar, og kastar over vatnet med lettspinnstonga mi. Ein kan filosofere mykje over slikt. Men det får vere til ein annan gong.

Fisket var skrøpeleg. Eg gav meg ganske fort. Nordatrekk og skodde er ikkje mitt favoritt vèr. Verken for fiske eller noko anna. Så eg gjekk på oppdagingsferd i staden. Fann gamle minner og løyndommar. Tok bilder. Og enda til slutt opp på magen i nokre digre blåbærtuar, og slafsa i meg saftige bær det beste eg vann. Ahh livet er herlig!


Foto austover Bakkevatnet.
Heileberget i bakgrunnen.













Under tak: Eit trastereir på selsveggen ved Bakkevatnet

Det var allereie middagstid, men eg var mett av blåbær... Tidvis såg eg blå himmel. Rett som det var dukka Heileberget opp òg. Eg tenkte ein augneblink på å fare til Rivedal og vidare dit, men eg hadde berre med meg goretex buksa som eg gjekk i. Det var gjerne litt riski å springe inn i den oransje sportsboxeren òg... Nei, lysta var ikkje heilt på topp etter turen inn dit i går heller... Eg køyrde heim igjen til litt heimlege sysler i staden.


Fiskelysta var likevel ikkje heilt meitta. Det var svære greier med det nye utstyret! Så nokre timar seinare bestemte eg meg for å ta nyestonga med meg å gå rundt Stongsvatnet og Oslandsvatnet. Forbi Myraplassen og inn i botnen. Vidare til Osland og ned att hi på sida av vatna. Vel, fisken var skrøpeleg... liten... Eg drog opp i "bøtter og spann", og til slutt gadd eg ikkje meir.


Eg var likevel komen inn til skilje mellom vatna. Baksa meg fram over einer, busker og sva. Og nådde inn til den gamle Myraplassen. Eg kjende på ein måte på meg at her hadde budd folk ein gong i tida. Men etter huset og tuftene å dømme måtte det nok ha vore ei stund sidan... Eg veit ikkje kor tid dei sise flytta.














Foto Myraplassen

Det stod to karar å fiske på vestsida av vatnet inne mot Oslandsbotnen. Og så stod det to karar på austsida òg. Fiskelysta mi vart fort metta. Eg gjekk difor vidare opp til kraftstasjonen, og tok vegen ned igjen mot Osland. Her gjekk eg ned att til vatnet for å ta stranda på nordvestsida i auge. Flott gitt! Ein vekkgøymd idyll med tidleg morgonsol.













Idyllisk ved Oslandsvatnet.
Skålefjellet i bakgrunnen.

Eg sette meg på ein stein og filosoferte over livet. Over alt det triste som hadde skjedd i det siste. Over dødsulukka kvelden før. Berre nokre steinkast unna. Kor ufatteleg rikt og sårbart alt var. Kor urettferdig livet kunne vere. Kor heldig eg var. Fred og hygge er ikkje sjølvsagt...

Det hadde allereie vorte kveld. Skuggane var blitt lange. Meir skodde dreiv inn frå havet. Eg heldt fram ned vegen til bilen. Den stod ved demma. Heim til familens skjød...

Motiv mellom Stongsvatnet og Oslandsvatnet