fredag 22. juli 2011

Klår naturoppleving













I skaret ved Høgknolten i kveld.
Har alltid tykt at fjellformasjonane t.h. her i frå er spesielle i kveldslys...
Vi ser Atløynipa, Dokka, Bakkefjellet og Høgknolten nærast.

Eg var inn og sjekka radaren på Stad og timevarsla i går ettermiddag. Vèrmeldingane såg bra ut utover kvelden. Så eg tok turen til Rivedal igjen. Gjekk derifrå opp på Hundeheia, opp skaret forbi Høgknolten, og vidare innover til Driveknolten, opp og ned på denne, og austover Heileberget til Fløyen. Og jammen vart det retteleg fint etterkvart. Nordatrekken var rett nok kvass i kantane når sola forsvann, men eg hadde med meg superlett vindtett. 

Spesielt nordover mot Langevatnet, Nipebu og Eitrenipa var det veldig fint. Landskapet og fjellsidene låg som utskorne monument i den klåre nordalufta. Bada i sol inn frå vest. Og på hi sida låg Dalsfjorden knallblå.  Det er utrulig fint å gå inn Heileberget frå Rivedal. Fantastisk flott utsikt på kvar side av det ovale fjellet.

Eg ser det er fleire av askvollingane som går fjelltrimmen som no tek båt frå Askvoll til Fossevikja. Dei går deretter opp den merka stien på framsida av Heileberget. I gamle dagar gjekk vi dalingane denne turen på godt under timen. Det tek sikkert endå kortare tid no med god sti. Det er sjølvsagt betydeleg lenger å gå inn og ut frå Rivedal. Og ei heilt anna naturoppleving... Eg vil framleis halde meg til landjorda, sjølv om dette kroppsleg kostar meir på denne 30-poengaren!

Eg brukte ikkje lange tida inne på toppen, men tok ut igjen same vegen. Sprang det meste av berga og grasbakkane. Spesielt stykket mellom Fløyen og Driveknolten er flott i så måte. Lange, slake, kvite berg som i grunn passar godt til namnet Heileberget. Så opp igjen den bratte bakken på Driveknolten, ned på hi sida og vidare vestover. Eg stussa litt over at eg ikkje hadde sett noko til sauene. Dei har gått her lenge no. Men desse traff eg igjen nedom Høgknolten, på sørsida. Der gjekk det mange då eg kom ut igjen. Heiloparet og dei 4 ungane var derimot flogne frå fjellet. Dei var vel i ferd med å samlast til trekket, ute ved kysten ein stad.

På vegen ned til kraftverket traff eg, nesten som vanleg, Asbjørn og Halldis. Så vi slo av den vanlege kveldspraten. Men her var sola no forsvunnen. Og elvetrekken ned dalen beit godt frå seg, så vi gjekk om litt kvart til vårt.

Kjempefin kveldstur igjen! 

Fra Heileberget 210711
Fossedalshengenipa og Eitrenipa

Ingen kommentarer: