lørdag 2. juli 2011

Feriekjensla











Nydeleg utsikt ved Høgknolten

Steik, i dag var det fint på Heileberget og Fløyen. Eg venta til litt ut på morgonen i dag før eg gjekk. Dette for at sola skulle få betre tak. Eg tok difor ikkje avgarde før ca 9.30 frå Rivedal. Og det var varmt og fint å gå i berre shortsen. Rett nok låg det eit lite dimt skylag på den blå himmelen. Men det gjorde berre til at det ikkje vart altfor varmt.  

Det var tydeleg meir sauer å sjå innover Hundeheia i dag. Dei som ikkje låg å smådorma i fjellgraset, beita roleg i det saftige graset. Og så var det dei som lurte på kva godsaker eg hadde å by på. Småbreka og humra. Nesten som å høyre Peter heime: "Pappa -  har du ikkje noko godt"... Flokken som kom meg stormande i møte innanfor Høgeholten vart nok òg skuffa. For eg hadde faktisk verken vått eller tørt med meg. På denne turen (ca 4.timar inn og ut) klarer eg meg fint på berre litt fjellvatn.... Her ein snutt frå denne flokken...:



I motsetnad til hin dagen då det var null utsikt mot sør pga. skodda, var det i dag perfekt sikt. Og sidan eg ikkje fekk teke ein videosnutt av Dale då, måtte kameraet fram igjen med innstilling for film. Eit handhelde kompaktkamera har nok sine videobegrensningar, men det er no ein smakebit for det. Proff har eg aldri tenkt å bli...


Eg stakk bortom Nonsholten på veg ut igjen. Det er ein avstikkar mot nord på ein topp som vi ikkje ser frå Dale. Det er det fin utsikt ned igjen til Dalsstølen og Nedre Fossedalen her i frå. I Nedre var dei i full gang med slåtten. Dvs. dei slær for at kulturlandskapet ikkje skal gro igjen. Ein del sauer frå Laukeland brukar òg å gå på bøane her. Klart det blir trasig hvis graset berre gulnar vekk og lauvtrea overtek dei gamle bøane. Søskena i Nedre gjer ein framifrå jobb med å halde vedlike den gamle fjellgarden. Ein jobb som det berre er å ta av seg hatten for. 













Her ser vi ned igjen i Nedre Fossedalen og mot Laukelandsfossen frå Nonsholten

Eg gjekk deretter på direkten ut igjen til Rivedal. Eg trefte ingen på min veg. Rart egentleg på ein så flott dag i fjellet.


P.S. Seinare ser eg på facen at det har vore ein Askvollgjeng på Fløyen frå den kortare ruta frå Fossevikja...


Fra Heileberget 020711




Ingen kommentarer: