fredag 1. juli 2011

Ein smak av sommar














På Jamneheiane i dag med utsikt heim til Yndestad i midten

Eg starta dagen med å ta ein fisketur med Peter i Oslandsbotnen. Trass i surt vèr med vind og tidvis regn, hadde vi oss ein kjekk tur inn dit. Faktum var at det var eg som fraus, medan Peter var så oppøst av kjøa at han gløymde vèret. Eg er vel heller ikkje vand med å stå i ro slik ute, og hadde vel som vanleg for lite klede på meg....:-)














Peter fekk største kjøa på Osland i dag

Etter litt mat og kaffi heime, tok eg turen på Jamneheiane for å få hèten igjen i kroppen. Vinden var no slått over på nord og han var skikkeleg kald i kantane nordatt Eidsfjorden. Men det heldt seg heldigvis opplett. Elvane var mykje mindre i dag enn hin dagen, så det var ingen problem med å komme seg over dei. Gras og siv langs elvane hadde lagt seg flatt langt opp over land av vassmassane frå tidlegare i veka. Sameleis var det opp gjennom skaret. Eg kom meg lett og greitt til topps ved å følgje ròsa eg har laga meg i lendet opp. 

Eg tok meg ein liten svipp bort på kanten der eg ser heim igjen. Ned igjen her i frå bar det gjennom einerkavane til å begynne med, før eg kom meg ned igjen i stien. Einer er eit salig aber mange plassar no. Det skulle med vilje vore sett fyr på stasen mange plassar...

Nede ved Fisma og sør igjen mot Smettet, plukka eg nokre munnfuller med årets første blåbær. Somme var litt småsura, medan andre var skikkeleg smak av. Så sjølv om ein knapt kan seie at vi har hatt sommar til denne tid i år, så var det iallefall litt smak av sommar i dag. Sjølvfiska fjellkjø og blåbær er no verkeleg sommar det...! Same kva vèr Vårherre serverer oss...

Fra Jamneheiane 010711
Foto frå Fisma

Ingen kommentarer: