lørdag 30. juli 2011

Fin sommardag



Morgonskodde over Dalsfjorden og bygdene ikring. Alltid like kjekt å kome seg opp over skoddelòket...

Etter skoddeturen tidlegare i veka der vardane var gode å ha, var det i dag forløysande å vandre innover Heileberget i fantastisk morgonlys. Rett nok låg skodda som eit lòk over Dalsfjorden og Rivedal då eg kom der i 7.30 tida. Men allereie rett etter at eg kryssa elva under demma, gjekk eg gjennom skoddelaget til nydeleg sol og stille. Det klåre nordavèret, forsterka av sola, gjorde landskapet sylskarpt. 

Elles har eg vel forklart denne ruta meir enn ein gong. Den er seig og tidkrevjande, og krev i grunn litt psyke. Ein kjem på ein måte ganske fort opp på "rette" høgda, men vandringa innover, for ikkje å seie ut igjen til Rivedal, krev å halde oppe den positive tonen med seg sjølv. For turen er i grunn meir psykisk enn fysisk. Slik sett har dei det greiare dei som tek båten frå Askvoll til Fossevikja og går opp her i frå. Under halve turen.... Eg vil likevel halde på opplegget mitt. Det veit eg gir ein ekstra tilfredsstillelse til slutt... 

Smått om senn minkar det på turane mine inn hit òg, for å nå den målsettinga eg har sett meg. Det kan vere greitt. For no har eg lyst å satse på nokre turar på Blegja etter kvart. Dei mange turane i fjor har blitt til null førebels i år... Toppane på trimmen var seige i år... 

Fra Heileberget 300711

I dag gjekk det an å sjå noko igjen på Fløyen...

fredag 29. juli 2011

Intenst arbeid

Etter intenst arbeid denne veka har eg fått flytta sona mi  LysandeStemningar  frå Origo til Google. Eg har difor ikkje fått tid til å blogge turar/joggeturar. 

Bloggen min vil framleis bli oppdatert så ofte det let seg gjere.

Ha ei fin helg!

søndag 24. juli 2011

Sommarmorgon












På eitt brett: 
Markahengenipa, Fossedalshengenipa, Eitrenipa, Kringla Nord og Sør, og Blegja. Foto rett aust av Driveknolten i dag tidleg. 

Eg tok turen inn igjen på Heileberget i dag òg. Måtte berre nytte den flotte morgonen. Sola skein, god temperatur og vindstille. Ein flott sommarmorgon med andre ord. Ruta var akkurat den same som i går, og dei andre gongene eg har vore innover (eg har vel beskrive den nokre gonger). 

Eit par ord om sauene. Det går no 7 søyer med to lam kvar innanfor Driveknolten. Kanskje ikkje så rart at dei går akkurat her. Siste snøen på Heileberget forsvann på desse partia. Så dei har frodig godt beite. Eg pratar med dei når eg fær forbi. Dei humrar og brækar tilbake. Dei inste sauene oppheldt seg nesten på toppen av Fløyen. Dorma i graset bak ein stein. Dei fleste av sauene går fargemessig nesten i eitt med landskapet...













Dei kosa seg i det fine vèret sauene òg.
Foto av dei som låg inst ved Fløyen.

I desse vanskelege tider for landet vårt, blir dette å skulle blogge om slike turar vanskeleg. Gleda ved å vandre i fjellet er ikkje den same. Eg kjenner at tankane "ikkje er på rette staden". For å bruke eit slikt bilde. Det vanvittige som har skjedd. Dei siste dagars totalt uverkelege hendingar overskuggar alt. Ein må knipe seg i armen for å  kjenne etter at ein ikkje drøymer. Ord blir tomme. Kjenslelause. Utan kraft.

Eg gir meg med dette i dag, med ynskje om at alle får ei så fin veke som mogeleg...!

Fra Heileberget 240711
Verda er snudd opp ned om dagen...

lørdag 23. juli 2011

Den svarte fredagen

Det virkar meiningslaust å blogge i dag etter den nasjonale katastofa som ramma landet vårt i går. Eg legg likevel ut nokre bilder frå turen Rivedal/Heileberget/Fløyen m/retur i dag for arkivet sin del. 

Kondolansar til alle berørte av tragedia i Oslo!
Fra Heileberget 230711


fredag 22. juli 2011

Klår naturoppleving













I skaret ved Høgknolten i kveld.
Har alltid tykt at fjellformasjonane t.h. her i frå er spesielle i kveldslys...
Vi ser Atløynipa, Dokka, Bakkefjellet og Høgknolten nærast.

Eg var inn og sjekka radaren på Stad og timevarsla i går ettermiddag. Vèrmeldingane såg bra ut utover kvelden. Så eg tok turen til Rivedal igjen. Gjekk derifrå opp på Hundeheia, opp skaret forbi Høgknolten, og vidare innover til Driveknolten, opp og ned på denne, og austover Heileberget til Fløyen. Og jammen vart det retteleg fint etterkvart. Nordatrekken var rett nok kvass i kantane når sola forsvann, men eg hadde med meg superlett vindtett. 

Spesielt nordover mot Langevatnet, Nipebu og Eitrenipa var det veldig fint. Landskapet og fjellsidene låg som utskorne monument i den klåre nordalufta. Bada i sol inn frå vest. Og på hi sida låg Dalsfjorden knallblå.  Det er utrulig fint å gå inn Heileberget frå Rivedal. Fantastisk flott utsikt på kvar side av det ovale fjellet.

Eg ser det er fleire av askvollingane som går fjelltrimmen som no tek båt frå Askvoll til Fossevikja. Dei går deretter opp den merka stien på framsida av Heileberget. I gamle dagar gjekk vi dalingane denne turen på godt under timen. Det tek sikkert endå kortare tid no med god sti. Det er sjølvsagt betydeleg lenger å gå inn og ut frå Rivedal. Og ei heilt anna naturoppleving... Eg vil framleis halde meg til landjorda, sjølv om dette kroppsleg kostar meir på denne 30-poengaren!

Eg brukte ikkje lange tida inne på toppen, men tok ut igjen same vegen. Sprang det meste av berga og grasbakkane. Spesielt stykket mellom Fløyen og Driveknolten er flott i så måte. Lange, slake, kvite berg som i grunn passar godt til namnet Heileberget. Så opp igjen den bratte bakken på Driveknolten, ned på hi sida og vidare vestover. Eg stussa litt over at eg ikkje hadde sett noko til sauene. Dei har gått her lenge no. Men desse traff eg igjen nedom Høgknolten, på sørsida. Der gjekk det mange då eg kom ut igjen. Heiloparet og dei 4 ungane var derimot flogne frå fjellet. Dei var vel i ferd med å samlast til trekket, ute ved kysten ein stad.

På vegen ned til kraftverket traff eg, nesten som vanleg, Asbjørn og Halldis. Så vi slo av den vanlege kveldspraten. Men her var sola no forsvunnen. Og elvetrekken ned dalen beit godt frå seg, så vi gjekk om litt kvart til vårt.

Kjempefin kveldstur igjen! 

Fra Heileberget 210711
Fossedalshengenipa og Eitrenipa

tirsdag 19. juli 2011

Exit Jamneheiane


















Sveitt på Jamneheiane i kveld (mms)

Det slo til med eit voldsomt regnvèr då eg kom heim frå arbeid i ettermiddag. Og ikkje lenge etter på fann Tor fram hammaren. Eg slo difor frå meg fjelltur, åt middag og la meg ned på litt. 

Men i 19-tida letta det så bra opp igjen at eg gjekk på Jamneheiane likevel. Siste turen. For no er dette fjellet òg i boks. No blir det full konsentrasjon om Heileberget framover. Eg tenkjer meg likevel nokre turar på Blegja i løpet av hausten. Så får vi sjå kva det blir til inn i mellom. Har nokre merkestenger som må ned frå Svarthamrane. Eg har bestilt meg nytt lettspinn utstyr, så ei fjellkjø eller to blir det nok sikkert òg. 

Planane for neste fjelltrimsesong har eg allereie på lur. Eg har ikkje tenkt å slite sofaen for mykje...:-)

søndag 17. juli 2011

Vindtørka sveitte













Utsikt til Dalsfjorden, Elde, Håheia, Tyssedalsvatnet, Drivarfjellet og Lihesten. Stølsheimen lengst vekke mot venstre. Foto frå Heileberget lørdag.

Det småregna aldri så lite då eg gjekk på Jamneheiane i stad. Temperaturen derimot var det ingen ting å seie på. Det var nesten fønvind frå søraust å rekne. 

Eg såg det stod ein bil der eg brukar å parkere, men drog ikkje kjensel på den der og då. Men i bakkane ovanfor Fisma tok eg igjen Ingvar S. og Sigrid. Så vi hadde oss ein hyggeleg prat der oppe. Eg fekk vel endeleg stadfesta at geitaròsa mi var tyngre å gå enn hin vegen. Men det var som ein orienteringsløpar sa til meg ein gong då han ramla nedover på resultatlista i eit løp - han hadde trena for lite i å springe i myr i det siste...! Myr, spesielt oppover, er iallefall god trening...

Eg sprang ned igjen same vegen. Noko sleipt var det begynt å bli. Stavane er gode å ha då. Men eg stansa på litt ved dei gode blåbærtuene lenger nede i lia. Ein neve blåbær no og då er reine vitamininnsprøytinga.

lørdag 16. juli 2011

Herlig lørdagsmorgon på Heileberget












Titt titt - nydeleg morgon på toppen av skaret ved Høgknolten

Nok ein flott tur på Heileberget og Fløyen i dag frå Rivedal og ut igjen. Litt anna tur dette enn å gå opp frå Fossevikja, der dalingane no har merka stien...! Eg har forøvrig ikkje prøvd denne endå. Er i grunn heller ikkje innstilt på nokon "short-cut"...

Det var ein aldeles herlig temperatur i dag tidleg, og ingen vind. 12 grader var akkurat passe til å halde god fart innover i berre shortsen. Sola stakk òg fram då eg kom meg opp på Hundeheia. Praktfull utsikt til den blå fjorden, havet og grøne bygder. Bulandet låg bada i sol der ute. 

Eg vart veldig glad då eg kom inn til heiloen sitt rike og konstaterte 4 flygeferdige ungar. Dei følgde meg innover med ei voldsom pistring og flaksing. Dei var klart mindre skjære enn foreldra. Det ligg eit par bilder av dei på linken nedunder. 

Sauene til Asbjørn og Sonja kom meg som vanleg i møte. Desse er tillitsfulle og vane med folk. Men det gjekk faktisk 4 sauer heilt inne på toppen av Fløyen òg. Dei bar raude merker. Eg såg forøvrig perlene etter dei heile vegen frå Driveknolten.

Eg tok nokre bilder og litt drikke, og fòr i bra fart ut igjen same vegen. Lange strekka. Kupert fjell. Og opp igjen på Driveknolten. Og så heile partiet ut igjen til Høgknolten. Nede i botnen av skaret traff eg fruen, Anne og Kristin Y. Eg visste dei kom. Vi slo sjølvsagt av ein prat. Heilt nede igjen ved grindane traff eg eit følgje med kollega Jan J i spissen. Dei skulle på fisketur til Langevatnet/Nipevatnet. Og som om ikkje det var nok, kom Nina, Janne og Tore då eg nesten var nede igjen. Folksamt i fjellet i dag denne flotte lørdagen.

Fra Heileberget 160711
Sauer på toppen av Fløyen i dag

onsdag 13. juli 2011

Sommar på Heileberget













Praktfullt på Fløyen i kveld

Eg tok turen på Heileberget etter arbeid i dag. Nydeleg og klårt nordavèr. Temperaturen var gjerne so som so. Men eg heldt iallefall varmen. Berre iført kortebukse. Både inn og ut frå Rivedal.

Inne på Fløyen sat Leif og Torunn F. Vi slo av ein liten prat i den flotte kvelden, før dei gjekk utover igjen. 

Det var så fint på toppen at eg tok livet med ro ei stund. Varmt og godt i grasbakken med ein hammar som ryggstø og sola inn frå vest. Den klåre lufta og kveldssola gav bilda eit anna lys enn tidlegare. Flotte fargar. Grøne bøar og knallblå fjord. Dale låg spegla i kveldssola der nede. Nydeleg. Nokre båtar køyrde sikksakk på fjorden med ein person på vannski etter. 

Eg stakk bortom Nonsholten på veg ut igjen. Måtte ha eit par bilder av Nedre Fossedalen med sola inn frå vest. Så gjekk turen ut igjen til Rivedal med sola midt i mot. 

Eg tok att Torunn og Leif ved Høgknolten. Dei gjekk nedste vegen. Eg går alltid øvste. Men då var eg i så godt driv at eg berre sprang Hundeheia ned igjen. Slo forresten av ein liten prat med Asbjørn og Haldis på kraftvegen nedom demma. Dei var på sin vanlege kveldstur.

Flott sommarkveld på Heileberget!

Fra Heileberget 130711

Foto mot Fossedalen frå Nonsholten

tirsdag 12. juli 2011

Alltid ein vår


























Ved Fismavatnet og Jamneheiane i kveld

Eg tok ein trimtur opp igjen på Jamneheiane igjen i kveld. I kald nordakuling og klår luft gjekk det lett og greitt. Dette var faktisk første turen utan støttebandasje på omlag ein månad. Det kraftige overtrakket på høgrefoten har jammen vore hove og vondt lenge. Trur neppe eg har hatt dette så ille tidlegare. 

Egentleg har eg allereie fått eit snev av haustmodus. Dette høyrest sikkert rart ut for dei som ikkje er begynt på ferien endå, men likevel. Ferien min er over. Det mørknar om kveldane. Eg har allereie ete mine første gyldne molter. Og blåbæra står modne høgt til fjells. Som om ikkje det var nok, sjekkar eg ut ny hovudlykt om dagen.... 

Årstidene skiftar visst fortare og fortare for kvart år. Slik blir det vel når ein dreg på åra sjølv. I ungdommens vår var det alltid vår - og fint vèr...

søndag 10. juli 2011

Ustabilt














Jamneheiane (igjen) i dag

I dag var det vel kva meterologen brukar å seie: Skiftande skydekke med regnbyger. Frå reine monsunbygene til knall sol. Temperaturen svinga sikkert 20 grader etter som solsteiken kom og gjekk. Diverre var solgløttene altfor kortvarige... 

Eg kom meg greitt opp og ned igjen trass i dei glatte moldpartia oppe i skaret. Det tek ei stund før væta her oppe tørkar....! Men dette ser ut til at padda og frosken likar. Her er veldig mykje av dei ovanfor Fisma. Frå dei heilt bittesmå og raske froskane til dei seige og klumpete paddene. Desse skapningane har sikkert hatt ein fin sommar dei...!

lørdag 9. juli 2011

Idylliske Fismavatnet














Ved Fismavatnet i dag

Vèret vart veldig skiftande i dag. Frå sturtebyger til solskinn. Og med temmeleg ømme føter etter i går, og fleire dagar i stige, vart det ein liten tur på Jamneheiane.

Det hadde nok regna bra i natt for elvane var ganske store. Opp gjennom skaret var det vått og tildels litt gjørmete blitt. Ganske så sleipt. Sidan her er litt bratt og ulendt frå før, var det obs obs. Eg havna på rumpa ein gong ned igjen etter å ha glidd på den sleipe molda, men det gjekk heilt fint. 

Eg var ein tur ned til vatnet òg sidan det var ganske fint akkurat då. Det er idyllisk nede ved utløpet mot aust. Fint å sette seg ned på dei nakne berga ved vatnet og slappe av litt.

Fra Jamneheiane 090711

fredag 8. juli 2011

Fin fredag

Foto ved Høgknolten i Rivedal i dag
(ei utsikt eg likar godt....)

Dei par, tre siste dagane har vi nytta det fine vèret til å male huset med 2 strøk maling som skal tåle sola. Meste arbeidet er sjølvsagt vindauga. Mykje beskjæringsarbeid og putl. Godt kva som er gjort til hausten og vinteren. Så kan eg gå på fjellet med godt samvit. 


 Huset skin i raudt og svart...
P.S. No er rekkverket teke òg...

Heldigvis vart det bra vèr igjen i dag òg, så eg fekk meg ein fredagstur på Heileberget og Fløyen frå Rivedal. Som vanleg. Så bra var det at eg brukte kun kortebukse både inn og ut. Egentleg akkurat passe varmt, med ein liten søraust trekk som svala den sveitte kroppen. Så herlig å springe nesten naken på Heileberget. Det gir ei slags ekstra fridomskjensle å springe her med Dalsfjorden på eine sida og Nipebutraktene på den andre. Høgt over..... Berga innover frå Driveknolten er som å gå på Karl Johan, sa Gunnar S. ein dag eg snakka med han i Rivedal...












Berga innover Heileberget frå Driveknolten mot Nonsholten

Sidan var det heim igjen å lage middag til "gjengen". Ferie er jo å gjere noko anna enn vanleg...:-) 

Etterpå vart det båttur med Peter, så han fekk prøve seg litt med styring og motor. Nokre digre makrellar vart det òg. Eg sa stopp då det nærma seg tosiffra. Å fylle frysaren med slikt er berre tull....!

Innhaldsrik dag får eg seie...
 

Fra Heileberget 080711

Forkastningane i fjellet ved Krokavatnet og Eitrenipa.

tirsdag 5. juli 2011

Varmt og fint på Heileberget

Sauer med flott utsikt

Etter at eg køyrde Peter på badetur til Andreas i Grimelia, tok eg sjølv turen til Rivedal, og gjekk inn Heileberget og til Fløyen i dag. Det vart strålande vèr då skodda letta skikkeleg opp i 10-tida. God temperatur i høgda.

No arta vel ikkje denne turen seg så stort frå den hin dagen. Sauene til Asbjørn og Sonja kom meg i møtes både her og der innover. Dei som var trekte lengst innover gjekk ved vatnet vest om Driveknolten. På hi sida var det komne til fjells ein annan rase. Kvite med raudt merke. Dei fnyste og sprang innover nordsida av Heileberget. Som dyr så menneske - vi er forskjellige i sinn og skinn...  Det har med oppvekst og miljø å gjere.

Eg sette opp nokre nye vardar innover i dag. Dei står som perler på ei snor, sjølv om det manglar nokre rett vest av Driveknolten. No veit eg ikkje kor mange som går denne vegen. Har inntrykk av at mange går svaberga på sørsida frå Hundeheia og innover. Eg likar best å ta opp skaret og gå høgda. Apropos skaret i dag - der var det vanvittig varmt - med solinnstrøyming frå sør og null trekk pga Høgeholten. Sveitten rann i strie straumar. 

Rett utom toppen, på veg ut igjen, traff eg på Torill og John L. Dei har nettopp vore på Kilimanjaro. Så vi slo av ein prat om den turen. Høyrdest veldig freistande ut. Spesielt dette med å kjenne korleis høgda virkar på kroppen. Vel, vel - det er ikkje for seint til å prøve seg endå. Den som vil, han kan! 

Eg la inn eit ekstra gir ut igjen. Sprang ein god del av vegen. Veldig godt å kjenne at foten nesten er bra igjen, sjølv om eg framleis nyttar støttebandasje og fjellsko. 


Fra Heileberget 050711

mandag 4. juli 2011

Super feriedag i fjellet















Eg strauk til fjells igjen i dag tidleg. Utstyrt med fiskestong. Skodda letta gradvis etter kvart, og det vart fint inn i mellom. Nokre nærare detaljar om turen denne gongen held eg for meg sjølv. Av naturlege grunnar.  Men så mykje kan eg seie at turen var super og fisket bra....:-)

Helsing ein nøgd bloggar...

søndag 3. juli 2011

Tjukk som graut

















Eit smil i skoddeheimen...

Å skrive at skodda er tjukk som graut er kanskje ein klisjè. Men på Jamneheiane i kveld var iallefall ikkje grauten utspedd. Eg såg ikkje 5 meter framfor meg. Og faktum var at dei var gode å ha dei småvardane eg har sett opp aust om toppen og eit stykke ned bakken mot elva og skaret. Her oppe viser heller ikkje ròsa så godt som lenger nede. Stien gjennom Askdalen er så oppgådd at der hadde damene eg visste skulle gå sjølvsagt ingen problem. 


Artig var det at då eg kom ned igjen til Fisma, hadde eg problem med å sjå over på hi sida av Eidsfjorden. Så tjukk var faktisk skodde her nede ved fjorden òg...! Ja, ja og eg som trudde det skulle letne til kvelden.... Det vart akkurat stikk motsett...:-)

lørdag 2. juli 2011

Feriekjensla











Nydeleg utsikt ved Høgknolten

Steik, i dag var det fint på Heileberget og Fløyen. Eg venta til litt ut på morgonen i dag før eg gjekk. Dette for at sola skulle få betre tak. Eg tok difor ikkje avgarde før ca 9.30 frå Rivedal. Og det var varmt og fint å gå i berre shortsen. Rett nok låg det eit lite dimt skylag på den blå himmelen. Men det gjorde berre til at det ikkje vart altfor varmt.  

Det var tydeleg meir sauer å sjå innover Hundeheia i dag. Dei som ikkje låg å smådorma i fjellgraset, beita roleg i det saftige graset. Og så var det dei som lurte på kva godsaker eg hadde å by på. Småbreka og humra. Nesten som å høyre Peter heime: "Pappa -  har du ikkje noko godt"... Flokken som kom meg stormande i møte innanfor Høgeholten vart nok òg skuffa. For eg hadde faktisk verken vått eller tørt med meg. På denne turen (ca 4.timar inn og ut) klarer eg meg fint på berre litt fjellvatn.... Her ein snutt frå denne flokken...:



I motsetnad til hin dagen då det var null utsikt mot sør pga. skodda, var det i dag perfekt sikt. Og sidan eg ikkje fekk teke ein videosnutt av Dale då, måtte kameraet fram igjen med innstilling for film. Eit handhelde kompaktkamera har nok sine videobegrensningar, men det er no ein smakebit for det. Proff har eg aldri tenkt å bli...


Eg stakk bortom Nonsholten på veg ut igjen. Det er ein avstikkar mot nord på ein topp som vi ikkje ser frå Dale. Det er det fin utsikt ned igjen til Dalsstølen og Nedre Fossedalen her i frå. I Nedre var dei i full gang med slåtten. Dvs. dei slær for at kulturlandskapet ikkje skal gro igjen. Ein del sauer frå Laukeland brukar òg å gå på bøane her. Klart det blir trasig hvis graset berre gulnar vekk og lauvtrea overtek dei gamle bøane. Søskena i Nedre gjer ein framifrå jobb med å halde vedlike den gamle fjellgarden. Ein jobb som det berre er å ta av seg hatten for. 













Her ser vi ned igjen i Nedre Fossedalen og mot Laukelandsfossen frå Nonsholten

Eg gjekk deretter på direkten ut igjen til Rivedal. Eg trefte ingen på min veg. Rart egentleg på ein så flott dag i fjellet.


P.S. Seinare ser eg på facen at det har vore ein Askvollgjeng på Fløyen frå den kortare ruta frå Fossevikja...


Fra Heileberget 020711




fredag 1. juli 2011

Ein smak av sommar














På Jamneheiane i dag med utsikt heim til Yndestad i midten

Eg starta dagen med å ta ein fisketur med Peter i Oslandsbotnen. Trass i surt vèr med vind og tidvis regn, hadde vi oss ein kjekk tur inn dit. Faktum var at det var eg som fraus, medan Peter var så oppøst av kjøa at han gløymde vèret. Eg er vel heller ikkje vand med å stå i ro slik ute, og hadde vel som vanleg for lite klede på meg....:-)














Peter fekk største kjøa på Osland i dag

Etter litt mat og kaffi heime, tok eg turen på Jamneheiane for å få hèten igjen i kroppen. Vinden var no slått over på nord og han var skikkeleg kald i kantane nordatt Eidsfjorden. Men det heldt seg heldigvis opplett. Elvane var mykje mindre i dag enn hin dagen, så det var ingen problem med å komme seg over dei. Gras og siv langs elvane hadde lagt seg flatt langt opp over land av vassmassane frå tidlegare i veka. Sameleis var det opp gjennom skaret. Eg kom meg lett og greitt til topps ved å følgje ròsa eg har laga meg i lendet opp. 

Eg tok meg ein liten svipp bort på kanten der eg ser heim igjen. Ned igjen her i frå bar det gjennom einerkavane til å begynne med, før eg kom meg ned igjen i stien. Einer er eit salig aber mange plassar no. Det skulle med vilje vore sett fyr på stasen mange plassar...

Nede ved Fisma og sør igjen mot Smettet, plukka eg nokre munnfuller med årets første blåbær. Somme var litt småsura, medan andre var skikkeleg smak av. Så sjølv om ein knapt kan seie at vi har hatt sommar til denne tid i år, så var det iallefall litt smak av sommar i dag. Sjølvfiska fjellkjø og blåbær er no verkeleg sommar det...! Same kva vèr Vårherre serverer oss...

Fra Jamneheiane 010711
Foto frå Fisma