torsdag 30. juni 2011

Det letta opp..

 Langevatnet ved Nipebu og Fossedalshengenipa.
Hytta ligg ved tunga som stikk ut i vatnet mot venstre.
 Foto frå Heileberget i dag.

Ja, ja i dag letta det opp igjen såpass at eg fekk meg ein tur på Heileberget og Fløyen igjen. Faktisk gjekk eg heile vegen inn frå Rivedal i berre shortsen - med eit nødrop! Eg beit nordatrekken og skoddevinden i meg. Elles slit eg noko med foten endå. Bandasjèrer han så godt eg kan. Eg har berre ein tynn sokk ut igjen på for å komme ned i skoen. Det går, men det verke noko etterpå. Undervegs går det betre, men eit lite skeivtrakk kjennest godt.

Kjekt det er sauebjøller å høyre her oppe no. Ser ut som sauene kosar seg med det friske og gode fjellgraset. Kjenner nok eigaren. For sauene er særs tillitsfulle. Eg kan gå heilt bort til dei. Dei vèrer nok snart att lukta av meg no...:-) Nokre fotoknips må til...

Elles var det merkbart i gå inn i skoddeveggane som låg på heile nordsida innover Heileberget i dag. Og lukta var  heilt spesiell. Den minnte meg heilt tydeleg av lukta frå det gamle vaskeriet i Dale. Det lukta som ein søtleg og varm vasseim. Heilt spesielt. Kan ikkje hugse at eg har kjennt akkurat dette før. Men så gjekk eg stadig inn og ut av desse flygande dottane. Landskapet var jo òg veldig fuktig av dei siste dagars regnskyll. 

Inne på toppen såg eg ingenting nedover til Dale og mot sør. Berre ein kvit vegg med duren frå maskinene i arbeid på Dalsfjordsambandet. Men på nordsida mot Nipebutraktene, og mot aust og vest, var det skoddefritt. Nordatrekken hadde fått sving på skodda her. 

Så mykje anna å vektlegge er det vel gjerne ikkje. Fin tur, men ingen var ute i same ærend som meg.


Fra Heileberget 300611


2 kommentarer:

AG sa...

Det såg ikkje varmt ut nei, men på Søndag den 2 Juli på Syftesok har dei prognosar på YR som seier at det skal verte nesten 20 grader og det er vel tegnet på sommar:)

Unknown sa...

Nymåne i aust skal gje godvèr seiest det. Eg synest alt det er begynt å mørkne om kveldane, men det har vel med vèret å gjere...!