torsdag 30. juni 2011

Det letta opp..

 Langevatnet ved Nipebu og Fossedalshengenipa.
Hytta ligg ved tunga som stikk ut i vatnet mot venstre.
 Foto frå Heileberget i dag.

Ja, ja i dag letta det opp igjen såpass at eg fekk meg ein tur på Heileberget og Fløyen igjen. Faktisk gjekk eg heile vegen inn frå Rivedal i berre shortsen - med eit nødrop! Eg beit nordatrekken og skoddevinden i meg. Elles slit eg noko med foten endå. Bandasjèrer han så godt eg kan. Eg har berre ein tynn sokk ut igjen på for å komme ned i skoen. Det går, men det verke noko etterpå. Undervegs går det betre, men eit lite skeivtrakk kjennest godt.

Kjekt det er sauebjøller å høyre her oppe no. Ser ut som sauene kosar seg med det friske og gode fjellgraset. Kjenner nok eigaren. For sauene er særs tillitsfulle. Eg kan gå heilt bort til dei. Dei vèrer nok snart att lukta av meg no...:-) Nokre fotoknips må til...

Elles var det merkbart i gå inn i skoddeveggane som låg på heile nordsida innover Heileberget i dag. Og lukta var  heilt spesiell. Den minnte meg heilt tydeleg av lukta frå det gamle vaskeriet i Dale. Det lukta som ein søtleg og varm vasseim. Heilt spesielt. Kan ikkje hugse at eg har kjennt akkurat dette før. Men så gjekk eg stadig inn og ut av desse flygande dottane. Landskapet var jo òg veldig fuktig av dei siste dagars regnskyll. 

Inne på toppen såg eg ingenting nedover til Dale og mot sør. Berre ein kvit vegg med duren frå maskinene i arbeid på Dalsfjordsambandet. Men på nordsida mot Nipebutraktene, og mot aust og vest, var det skoddefritt. Nordatrekken hadde fått sving på skodda her. 

Så mykje anna å vektlegge er det vel gjerne ikkje. Fin tur, men ingen var ute i same ærend som meg.


Fra Heileberget 300611


onsdag 29. juni 2011

Strie straumer
















Her brukar det å vere to små elvasitler, hvis det kjem ned vatn i det heile teke då...

 

Jøsses kor vått og skodde det var på Jamneheiane i dag. Hadde faktisk problem med å kome meg over elva frå Fismavatnet nede ved Fisma + ein plass lenger oppe der ein må over på hi sida igjen. Elva hadde funne fleire nye far. Det fossa over alt opp gjennom skaret. 

Lenger oppe var det omlag berre blaute myra i bakkane. Tungt! Og det sila ned.. Oppe mot toppen var skodda så tjukk som graut, men det var sjølvsagt ingen problem med å finne fram. . 

Det er vel etterkvart lov til å håpe at vi skal få litt sommar her no. Ei selsom oppleving å kome heim frå Tyrkia igjen til det her vestlandsvèret. Synd feriedagane går ein etter ein i berre styggevèr... Men trimmen gjer no godt uansett...:-)


mandag 27. juni 2011

Å Vestland, Vestland


































Jamneheiane i stad

Så var det tilbake til normaltilstandar med regn og skodde. Eg stakk likevel oppom Jamneheiane for å komme meg ut litt. Mosjon hjelper mot det meste. Kanskje treng ein akkurat det aller mest når vèret er dårleg. For eg må seie at eg har teke meg i å lengte tilbake til Tyrkia ei veke til no i ferien. Utsiktene til fint ferievèr her heime ser iallefall ikkje lovande ut. 

Eg brukar ikkje å vere spesielt pessimistisk av meg, men no er eg faktisk begynt å misse litt trua på sommaren i år. I fiske-terminologien har ein eit uttrykk som heiter "nasefiske" - det er når ein får fin fisk på første kastet og så er det heilt dødt etterpå. Den fine veka vi hadde i slutten av mai minner meg om nasefiske...! Vel, vel det er håp i hangande snøre heiter det visst òg... Svartmåling hjelper iallefall ikkje på vèret, eller andre ting for den del....

søndag 26. juni 2011

Fin tur på Heileberget














Det var kome opp nytt skilt på Fløyen. Toppen som Kystarvsti. Flott jobb av Dalekatane...

Eg surra høgrefoten i ein strekkbandasje og gjekk på Fløyen i dag tidleg. Med ein tynn sokk ut igjen på, fekk eg foten ned i fjellskoen. Trass i litt smerter første biten opp vegen, gjekk det egentleg ganske greitt. Nokre skeivtrakk undervegs fekk ilingane til å gå oppover foten, men dette var berre bagatellar. Eg vart liksom ventande på at det skulle bli verre. Men det vart det aldri - positivt...! 

Det var kaldt i Rivedal i dag tidleg. 5 små plussgrader då eg starta. Eg gjekk likevel i shorts og ei tynn Devold. Ei tidleg morgonsol innover Heileberget var lite varme i, og trekken var iskald. Eg måtte dra på meg ei tynn, vindtett jakke innanfor Driveknolten. 

Eg gjorde eit stopp på 5 minutt på toppen. Tok opp ein snutt og knipsa nokre bilder, før eg drog ut att same vegen. 

Det drog ganske fort over med meir skyer. Likevel vart det betre temperatur etterkvart. Eg heiv difor av meg alle kleda på overkroppen undervegs ut igjen. Så traff eg Dag Tore ute på Hundeheia. Vi slo av nokre ord om Tyrkiaopphaldet mitt, ferieplanar og fotplager.... Men han skulle på jobb om ettermiddagen, så passiaren vart ikkje så lang. 

Nede i vegen mot Rivedal igjen traff eg dette følgjet:













Solbjørg V, Øystein H, Kari E.H, og Arnhild E.

Ein fin gjeng frå Holmedal og Eikenes som eg slo av ein liten prat med.

Flott morgontur...!

Fra Heileberget 260611



P.S Vi er ikkje komne til august endå sjølv om det er sagt i videoen...:-)

lørdag 25. juni 2011

Back in action...















Dei har det godt kyrne ved Smettet

Foten min har vore ein liten lidelse etter overtrakket på siste Heileberget-turen. Så avbrekket i Tyrkia gjorde godt. Her hadde eg berre ein "testtur" på Calis-fjellet med jogg ned igjen. Med det resultat at foten såg ut som ein ballong etterpå. 

No var eg ein tur på Jamneheiane i dag for å sjå korleis det gjekk. Godt bandasjert. Men eg var ikkje komen til Fisma eingong før eg trakka litt skeivt, og det gjekk ei vanvittig iling opp over leggen. Tydlegvis er det leddbanda som ikkje er heilt gode. Eg gjekk likevel vidare og kom meg opp og ned utan andre problem enn smerten.... 

 
Foten for ca ei veke sidan

Så mykje anna enn å ta tida til hjelp er det vel ikkje. Men må nok ta det meir forsiktig på nedturane framover, sjølv om det alltid er kjekkast når det går over stokk og stein. Kicket og adrenalinet pumpar best då...

fredag 24. juni 2011

Magiske Tyrkia


Kemer frå Calis-fjellet 21/6 kl 4.47 (norsk tid 3.47)
Eg gjekk opp i måneskinn....

Tilbake i Stongfjorden etter 1 veke i Tyrkia er det berre å la seg imponere av alle inntrykka ein sit igjen med. No går eg ikkje i detalj her på bloggen, men vil berre nemne at vi er blitt glad i landet, folket, maten, gjestfridomen, vèret, varmen, sola, reinsemd på hotella, servicen, ja alt ein kan tenke seg. Det einaste skåret i gleda er sjølvsagt ureininga og forsøplinga utanfor hotellområda. Der har landet framleis ein jobb å gjere. Ikkje minst når det gjeld resirkulering og innsamling (pant) for plastflasker. Det er diverre eit stort problem som for mange andre land i same situasjon. Men som turistland har Tyrkia alt...! Og eg vender tilbake så snart som eg kan. 


Eg lèt bilda og snuttane tale for seg. Håpar å få sett tekst til bilda i løpet av helga. Tek gjerne mot kommentarar.




Ferie Tyrkia 2011







 



mandag 13. juni 2011

Fin 2. pinsedag







P.s. bildet er teke litt skeivt for å få med Håsteinen og Storehesten













Fløyen i dag...igjen...

Eg sprang inn igjen ein morgontur på Heileberget og Fløyen i dag òg. Eg vog litt på om eg skulle gå på Blegja, men utset dei turane til seinare, sidan eg vil ha nokre til på Heileberget først. I den flotte morgonen gjekk det lett inn og ut igjen til Rivedal. Nesten ute igjen under Hundeheia traff  eg først Leif og Connie, så Turid og Velaug og Leif F til slutt. God treningstur!

No tek vi oss ei veke i Tyrkia frå torsdag av, fruen og eg, så om det blir oppdateringar her før eg kjem heim veit eg ikkje. Mulig det blir ein tur på Jamneheiane før vi reiser. 

Fra Heileberget 130611
Tre næringar i same bildet...



søndag 12. juni 2011

Skodda letta...














Det lysnar i vest...

Eg tok like godt å venta ut skodda i fjellet i dag. Så det vart spasertur til sentrum med fruen og Tirill og Tora som var her i helga. Peter var på fotballturnering i Selje. Men etter litt kontaktar både til Agnar på Straumsneset og familien i Dale fekk eg beskjed om at skodda var vekke i Heileberget i 14-tida. Eg var då ganske snar til å komme meg avgarde.

Dag-Tore hadde vore før meg. For han traff eg nesten med det same eg starta i Rivedal då han kom ned igjen. Det hadde visst tjukna godt til med skodde på veg ut igjen. Og vardane hadde vore til god hjelp. 

Skodda kom og gjekk litt innover. Kom brått og var like fort vekke. Og aldri særleg tjukk. Så den var det ingen problem med. I det heile teke gjekk det heilt fint. Lett springing deler av dei flotte partia både inn og ut. Eg såg ingen. Og fugl var det heller ikkjeverken å sjå eller å høyre. Unnateke nokre sedvanlege heipiplerker. Og einaste læta var frå ein hund som gøydde nede på Bjerglandet ein stad. Lyden ber jammen langt - og høgt...! 

Omlag ved parkeringsplassen i Rivedal tok eg likevel igjen min gamle og no nye kollega igjen Jan J. med frue. Vi slo sjølvdagt av ein liten prat. 

I kveld ser det jo retteleg fint ut ute. Kanskje er det lov å håpe på ein dag med sol i morgon 2.pinsedag. Det hadde gjort seg...

Fra Heileberget 120611

Fra Spasertur til Stongfjorden 120611

lørdag 11. juni 2011

Gløymde minner














Ved Fisma 

Det har lege sørgeleg med skodde i fjellet dei siste dagane. I tjukke lag. Nokon tur på Heileberget i dag vart det difor ikkje. Å gå inn heile det partiet i skodde er ikkje noko særleg å trakte etter. Ikkje det at eg trur eg skulle funne fram, det er jo nokolunde varda, men når ein ikkje ser bæret framfor seg er noko av gleda borte. Det vart difor ein tur på Jamneheiane. Der kjem ein seg lettare opp og ned frå skodda. 

Eg hadde meg ei runde ved Fismavatnet òg då kjøa hoppa så fint på det blikkstille vatnet. Litt trolsk med skodda som kom og gjekk. Det er fint her oppe. Ofte gir eg meg for lita tida på desse "små" turane. Det blir meir for trimmen sin del. Men i dag gav eg meg god tid. Fint å sitte her oppe med vatnet og filosofere. 

Eg tok meg òg ei runde på Fisma. Her er det ei god stund sidan det budde folk. Kor tid dei siste flytta veit eg ikkje. Låven og huset er i dårleg forfatning. Sjølvsagt trasig. Men dette er nok naturens gang når den "får fred". Den tek tilbake det den eingong gav frå seg. Det som likevel er dobbel trasig er at det er grana som overtek terrenget. Ho tek alt lyset og et opp all annan vegetasjon. Det står likevel igjen nokre praktfulle store lønnetre som må vere uendeleg gamle. Det må minst to mann til får å halde rundt desse.   

Vel, no får vi håpe at skodda ikkje blir liggande i fjella resten av pinsa....!


Fra Jamneheiane 110611
Fismavatnet

fredag 10. juni 2011

Eit skite spel


Haustmotiv ved Krikavatnet

Det er mange sensasjonelle sider å legge merke til med den nylig godkjende planen for regional vindkraft. Nokre vurderingar for Askvoll sin del vil eg kalle ein skandale!

Faktum er at den godkjende planen på fleire områder er verre enn den planen som låg ute til høyring 25/5. Det mest oppsiktsvekkande er at Toreheia og Atløyna er flytta ned frå Stort konfliktpotensiale til Middels. Dette har Fylkesutvalet fått til ved å godkjenne Landskapsverdiane og Friluftsverdiane til 1 – eg gjentek 1 (!) – det lægste på skalaen. Justert ned mykje i forhold til første planen, og sett ned i høve til Askvoll kommune sine eigne vurderingar! Toreheia og Atløyna får faktisk dårlegast karakter av alle fjellområda i kommunen når det gjeld desse to punkta. Og grunnen er jo åpenbar – dei scorar så høgt på dei andre vektlagde områda at fjella ville blitt uaktuelle som utbyggjingsalternativ hvis dei fekk sin reelle verdi for Landskap og Friluftsliv!

Halvparten av fjellområda i Askvoll får forøvrig karakteren 1 som verdi for Friluftsliv… og ingen får betre enn 3!! Oppsiktsvekkande….!

Dette kan ikkje kallast for noko anna enn ein skandale. Det er i tillegg ei overkøyring av lokaldemokratiet. Og ei totalt manglande vurderingsevne i forhold til områda det her er snakk om. Det vitnar dessutan om lite respekt for oss som bur og lever ved kysten og brukar desse områda dagleg. Ja, vurderinga av Toreheia kan ikkje kallast for noko mindre enn ein provokasjon!

Partia rundt Toreheia er kanskje det flottaste naturområdet i heile kommunen. Og det seier ikkje så reint lite. Inngrepsfritt frå fjord til fjell. Beiteområde for sau. Jaktterreng (nylig valde miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen og kommunen å seie nei til ei jakthytte her pga INON). Fleire raudlista artar av fugl. Og stiar i Kystarven er under arbeid. Området blir flittig nytta av lokalbefolkning og turistar, og har perfekt utsikt til havet og øyane utanfor. (Berre for å nemne nokre få dokumenterbare sider i landskaps- og friluftssamanheng).

Eksempla ovanfor viser heilt klårt at Fylkesutvalet og Fylkestinget spelar på lag med kraftselskapa for å byggje ut kysten med nye industriområde for vindturbinar. Koste kva det koste vil! Tingsetet seier med andre ord til kraftselskapa at Toreheia og Atløyna har null verdi som landskaps- og friluftsområde. Go ahead! Bygg ut! For det er jo det dei har sagt ja til….!

Kva slags bakgrunnsmateriale som ligg til grunn for at Toreheia og Atløyna vart nedjustert, kunne vere interessant å få på bordet. Faktum er at påtrykk frå Vindkraftforum har virka til ei nedjustering av verdiane (hugs prosessen rundt den forrige planen). Og energiselskapa har sjølvsagt ein skjult agenda. Ein agenda som heilt klart blir lettare å få gjennomført når dei samla verdiane er nedjusterte.

Dei som røysta for planen i Fylkesutvalet var Nils R. Sandal (verv i Vindkraftforum), Jenny Følling (styremedlem i Sunnfjord Energi), Åshild Kjelsnes (vara til styret i Sogn og Fjordane Energi), Harry Mowatt (styreleiar i Sunnfjord Energi), Mathias Råheim (i styret for Sogn og Fjordane Energi) og Frank Willy Djuvik (trekte seg frå styret i Sunnfjord Energi pga habilitetspress).

Som vi veit er vår eigen ordførar Aud Kari Steinsland vald inn i styret for Vindkraftforum. Kva som har føregått i det skjulte rom i tidsrommet frå den første planen som Fylkesutvalet godkjende 25/5-10 og la ut på høyring, og til den endelege planen som no vart godkjend, er ikkje vanskeleg å skjøne! 2+2 er framleis 4.

Det er på tide at nokon røskar opp i dette rotne systemet….! For det er ikkje på eit slikt grunnlag framtida vår skal byggjast…! Valurnene bør verkeleg skjelve til hausten….!

Sjå elles Origo-sona for Askvoll og bildeserie på linken til slutt.

Fra Toreheia_samle

onsdag 8. juni 2011

Sommarkjensla













Fløyen i kveld

Suveren og herlig tur på Heileberget og Fløyen etter arbeid i dag. Tur/retur Rivedal. Godvèret måtte nyttast. I tights, joggesko og ei enkel skjorte heldt eg fint varmen i den stille og ganske så varme kvelden. Sjølv oppe på fjellet var det god temperatur og nesten vindstille. 

Snøen hadde verkeleg minka sidan søndagsmorgonen. Nesten berre småflekker igjen no. Herlig friheitskjensle å springe inn Heileberget slike kveldar. Fantastisk å ha Fossedalsområdet på ei side og Dalsfjorden og bygdene rundt på hi sida innover fjellet. Kjempetur!

Fra Heileberget 080611

søndag 5. juni 2011

Morgon på Heileberget

(...morgon for frie menn
takk for det fine vèret
høgt opp i himmelen,
høgt opp i himmelen)













Håsteinen, Markahengenipa, Fossedalshengenipa













Kringla, Blegja, Storehesten, Laukelandshesten.
Foto frå Heileberget i dag tidleg.

Eg vakna tidleg og keik ut gjennom glaset. Heilt klårt såg det ut for i det dimme lyset. Eg måtte så eit nødvendig ærend, og bestemte med like godt der og då for å gå på Heileberget. Den fine sommarmorgonen og vèret måtte utnyttast.

Eg parkerte i Rivedal i gryotta. Om det var temperatur for sommar kan jo diskuterast. Følgande bilde skein meg iallefall i møte då eg sette frå meg bilen:












To par tynne techtrøyer med Rab Windstopper utanpå var kaldt. Opp til demma og over Hundeheia var det såvidt eg heldt varmen. Sola var endå ikkje stått opp. Og ein isande kald nordatrekk gjorde at eg måtte speede opp for å halde varmen. 













Kaldt i Rivedal i dag tidleg

Det var sjølvsagt ikkje ein lyd å høyre. Suset frå Rivedalselva var det einaste som braut den totale stilla. Men brått kvapp eg så eg skvatt! To gaukar kom flygande over ein bakketopp utan at eg såg dei, og 5 meter, rett over hovudet mitt, skvaldra dei ut i eit ko-ko-ko-ko i rask rekkefølgje. Rypa kvepp eg stadig over. Men desse gaukane tok prisen...! 

Skodda låg tjukk inn Flekkefjorden. Dalsfjorden stille i speglande blått. Dei første solstrålane for dagen traff meg på Hundeheia ganske nøyaktig kl 05. Sola strålte inn frå skaret aust i Vagstaddalen. Eg klauv så opp skaret ved Høgknolten der eg brukar å gå, og tok det sedvanlege bildet ut gjennom Dalsfjorden mot Rivedal, Straumsnes, Holmedal, Vårdal, Atløyna og Lutelandet.
























Tjukk skodde i Flekkefjorden då dei første solstrålane skein inn Vagstaddalen

Jammen var det kaldt. Vidare opp og innover mot Driveknolten såg eg frost på graset. Og forsyne meg var vasspyttane frosne til trass i nordatrekken. Heiloparet var på plass og ynskte meg velkomen. Eller kanskje snarare tvert i mot. Eg brukte iallefall ikkje unødig tid her. 













Frose vatn ved Driveknolten

Inne på toppen av Driveknolten måtte eg bite i graset og få på meg meir klede. Nordavinden var iskald! Ein tynn Rab pullover i dun, hanskar og hue måtte fram frå sekken. Eg fekk straks ein heilt annan temperatur i kroppen.

Brått bykste ein hare opp franmfor føtene mine. Faktisk litt kvit i lèten endå. Virra litt hit og dit. Stoppa. Keik. Men bestemte seg visst til slutt for å stikke av. Ikkje det at eg skulle gjort han noko - likevel, slik er no haren ein gong skrudd i hop.

Det gjekk radig innover. Forbi sørsida av Nonsholten. Og der framme stod merkestonga for Fløyen og lyste mot austahimmelen. Som ein siktvarde. 











Siste partiet mot Fløyen. Merkestonga skin på austhimmelen...

Eg strama snøringa på dei nye La Sportiva skorna. Perfekt på foten. Rullande på berga. Lette. Dei sat godt på den beinfrosne, gamle snøen som endå låg på nordhellinga innover mot toppen. Fantastisk morgon på Heileberget.

Eg var på toppen kl 06.30. Det hadde likevel gått lenger tid inn enn vanleg pga fotografering og omkledning. I tilegg surra eg ein heil del på Driveknolten etter ei hue som eg trudde hadde floge vekk i vinden. Klatra langt ned i bratta mot Dalsfjorden. Men så viste det seg at hua låg nede på ryggen av Rab-jakka som eg hadde teke på meg. Irriterande! Komisk. Og berre til å le av egentleg... Men i den iskalde vinden måtte eg sjølvsagt finne att windstopper-hua...!

Eg skifta på meg ei Devold ulltrøye. Ny tynn wind-stopper og den lette Rab-alpin jakka. Den kalde nordatrekken kjende eg ingenting til no...

Sola var begynt å komme på Bjergelandet, men austsida av Dale og Yksnebjør låg framleis i skugge. Dei grøne bøane som er att på Bjergelandet skein som safirar i morgonsola. Men idrettshallen og Trolleskaret skal eg kanskje late vere å nemne....













(Med den omtalte hua...:-))













Tidleg på Fløyen i dag med flott utsikt  "heim "

Eitrenipa, Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten låg disige i sola i aust. Noko klårare låg Markehengenipa og Fossedalshengenipa i nord. Grønt og fint mot Fossedalstraktene og Dalsstoredalen. Fossedalsvatnet og Atlevatnet låg blikk stille. Mot Bygstad i aust såg det ut som det låg skodde. 

I utgangspunktet var eg tenkt å gå vidare mot Nipebu og til Skjerlia. For å gjere turen endå meir interessant. Problemet var avhentinga der oppe. Og Olaug skulle avgarde òg med ein damegjeng. Med asfaltturen frå Skjerlia til Røvika hitt året i friskt minne, og for å sleppe og plage fruen som sikkert kom trøtt igjen frå sin tur, valde eg difor å gå ut igjen Heileberget òg. 

Så mykje er det vel ikkje å seie om returen. Men temperaturen kom seg iallefall nokre grader etter kvart. Og trekken minka. Eg sprang ein heil del av vegen for å få litt sirkulasjon i årane. Det var likevel ikkje heilt etter planen at eg skulle komme heim igjen før fruen var reist avgarde på sin tur.... Ja, ja trimmen for dagen var iallefall unnagjort, og søndagen såvidt starta. Og litt middagskvil gjekk det no saktens an å få ordne seg...:-)

SEINARE

4 blingsar, 1 liter melk, kaffi og ei god stund på altanen seinare, gjekk eg likevel på Jamneheiane.  Peter var oppteken med kompisane sine i godvèret, så eg nytta høvet til ein rask to-timars til..

Kjekt å sjå at det var komne ein heil del kyr i Eidsvika og Smettet. Viltra var dei òg i fråsparket då eg gjekk forbi. Turen opp gjekk veldig lett i joggesko. Den klåre lufta gjorde utsikta til havs perfekt.













Viltre kyr på Smettet

Turen ned igjen gjekk litt for fort. Eg tryna så det sang to gonger. Høgre albogen fekk seg ein skikkeleg kakk i eit ublidt møte med ein stein. Pytt, pytt, så lenge ein ikkje bryt seg sund er det ikkje så mykje å snakke høgt om. 

For andre gong på kort tid var det klart for kyradans på Smettet. Kanskje ikkje så rart med alt det flotte og saftige graset kyrna gassa seg i der. Eller kven veit? Eg blir doven av for mykje mat... og kyr har eg i grunn ikkje greie på...  så kanskje var det eg som ufrivillig baud opp til dans...!? Eller kanskje den fantastiske fridommen det er å springe i grønt og frodig gras var  grunnen til kyrdadansen... Kyrne såg iallefall vèl nøgde ut...:-)

Vel heime igjen var fruen fortsatt ikkje komen igjen. Ja, ja enkelte står jo litt seinare opp. Og somme går vel litt seinare òg. Og så er det alt tòtet! Det slepp eg...:-) Morgon for frie menn veit du...:-)
 
Fra Heileberget_Jamneheiane 050611

Nydeleg på Jamneheiane i dag

lørdag 4. juni 2011

Gutta boys på sommartur





























…men så langt gjekk ikkje telt-turen. Faktisk ikkje lenger enn at dei framleis var innanfor den trådlause sona… Så får vi sjå kva sommarnatta bringer…:-)

fredag 3. juni 2011

Marie sin blogg



Les om Marie si fantastiske tid på Bali med flotte bilder og gode innlegg. 
Hennar blogg her .

torsdag 2. juni 2011

Seige og våte myrar















Grønt og fint på Smettet. 
Store lønnetre her (MMS).















Ein skogstorknebb har funne seg ein tørr og solvend plass under ein steinhellar (MMS).

Ein heil, lang helgedag i ro heime er eit vanskeleg prosjekt. Eg blir lett rastlaus av slikt. Så sjølv om vèret var elendig med regn og yr, vind og skodde, var eg ein tur oppom Jamneheiane igjen. Termometeret viste 6 grader...!

No var det nett ikkje like gale heile vegen. Litt opplett både opp og ned, men sjølvsagt skodde og regndrèv på toppen. Så der vart det ei kort affære... Eg sprang for det meste ned igjen, men det var glatt både på gras og mold, og eine tryninga var ikkje heilt god. Stavane er litt skumle når du dett på nedoverbakke. Spesielt når du ikkje har løyst ut reimane. I dag heldt eg på å spidde meg sjølv i magen....  Elles var det sjølvsagt veldig vått. Og oppover var myrane seige i dag.