tirsdag 3. mai 2011

Skarp i kantane















MMS Gjelsvikefjellet i ettermiddag

Eg var ein tur opp på Gjelsvikefjellet på heimturen i dag. Greitt å ha ei litt klede og eit par sko på lur i bilen når høvet til ei kjapp runde byr seg... Det er ekstremt tørt blitt opp gjennom Fesselia. Og hadde det ikkje vore for det våte og myrlende partiet mellom stølane oppe, så hadde eg valt å bruke joggesko. 

No tilseier vel ikkje akkurat temperaturen at det er særleg behageleg med ekstra avkjøling av føtene heller. For jammen var vinden kald i kantane der oppe. Ein heilt annan temperatur no enn i helga. Eg hadde heldigvis den letta Rab-jakka knytt rundt livet oppover. Den var god å tre over den tynne ulltrøya oppe på toppen. Men det gjekk likevel ikkje mange minuttane før eg fraus naglebit på fingrane. Då var det berre å sette til palings ned igjen. Eg stoppa ikkje før eg gjennomsveitt nådde bilen... Kjempe!

Ingen kommentarer: