onsdag 4. mai 2011

Skarp i kantane 2
















Frå Jamneheiane i ettermiddag.
Det nedste bildet syner Nordeide og inste delen av Eidsfjorden.

Eg måtte igjen gje godt på for å halde varmen på fjellturen min. I dag på Jamneheiane. Jammen var det kald trekk. Spesielt på vestsida av Eidsfjorden som ligg i skuggen om ettermiddagen. Noko særleg betre var det ikkje i trekken oppe på fjellet. Frostrøyken stod faktisk frå munnen. Tynnkledd som vanleg, var det  berre å gi full speed opp og ned igjen. Greitt det for treninga si skuld. Litt sveitt vart eg iallefall...:-)

Ingen kommentarer: