mandag 30. mai 2011

Rotbløyte



















Nokon som veit kva denne blomen heiter?
Bildet er teke på ryggen i stova og viser planta under i frå.

Eg trudde nesten planta som vist ovanfor var dau for ei stund sidan. Ho hadde fått seg ein omgang med sol og såg miserabel ut. Men eg gav ho ei skikkeleg rotbløyte med vatn, og simsalabim så såg ho slik ut etter nokre dagar. Ho står slik i all si prakt no. Og eg måtte nesten forevige ho. Blomane heng ned. Så slik ser dei ut under i frå. Flotte synest eg. 

Ei rotbløyte er vel stikkordet for turen på Jamneheiane og i stad. Som i går vart det ei skikkeleg sturtebyge igjen. Det såg fint ut ei stund, men eg fekk sjølvsagt nemnde byge på meg oppe på toppen. Då var det berre å legge til palings ned igjen. Rett i dusjen...med dagens trim unnagjort...:-)

2 kommentarer:

AG sa...

Eg har ei slik og, men kva den heiter veit eg ikkje.
God lukt av blomane er det i alle fall.

Unknown sa...

Til Arild og andre kan eg opplyse om at planta er ei porselensblomst. Fin er ho og luktar godt.