lørdag 28. mai 2011

Full gass
















Foto frå Heileberget i dag

Eg var opp ein tur klokka 04.15 og sjekka vèret. Grått, opplett og inga skodde. Men det var sjølvsagt for tidleg å gå. Sjølv om eg vil ha meg ein nattur med det første. Under litt andre vèrtilhøve får eg føye til. 

Klokka 06 var eg oppe igjen. Sjekka timevarsla på yr og storm. Dei melde vind og regn frå 10 - 11. Dette var nok tid for meg. Eg fekk i meg eit raskt grautafat, og så bar det avgarde til Rivedal for turen på Heileberget. 

Eg gav på. Raskt opp vegen til demma, over elva, og var på Hundeheia på eit blunk. Eg såg med ein gong det kvite skydekket som dreiv opp frå Bergenskanten mot Sogn. I Inov8 312 joggesko og lett Rab Cirrus Windtop på 140 gram var det full gass innover. 

Frå toppen av skaret ved Høgknolten fekk eg nokre regndråpar i fjeset. Vinden tiltok. Eg fekk han midt i fleisen i førstninga. Overraska såg eg at regndråpane vart kvite i lèten. Jammen var det snø i lufta! Her var det inga tid å misse, så eg starta å jogge innover. Då dukka eit tårnfalk-par opp i lufta over meg. Kjekt. Håpar det kryr av lemen her òg snart.. Som i høgfjellet mange andre plasser. Men eg såg ikkje ein einaste på mi ferd.... 

Eg var raskt inne til Driveknolten. Klatra opp på sørsida og over. Ned på hi sida og sprang austover dei flotte berga. Det greie med Heileberget er i grunn at du kjem deg fort opp på rette høgda i Rivedal, og deler av berg, lyng og myrar austover er greie å springe. Aberet er sjølvsagt at det er ganske langt frå Rivedal og inn. Og så skal ein utatt òg....

Eg følgde same vegen som eit stort hjortespor gjekk. Heilt på kanten av berga mot Dalsfjorden. Artig at dei held seg så høgt. Må ha vore ein skikkeleg fjellbukk... 
















Hjortespor på toppen av Heileberget.
Her heilt inne ved Fløyen.

Eg nådde inn på toppen i 09-tida. Fekk teke nokre bilder. Namn i boka. Og skifte av ei sveittevåt trøye. På med Devold ull, windstopper frå Outdoor Research og lett Rab dun og buff. Hanskane måtte fram òg. Det var snø i lufta og vinden var iskald. Nesten juni... Ja, ja, ein lyt ta det som det kjem... 


Ut igjen same vegen. Om ikkje endå fortare. Eg småjogga heile vegen ut til Driveknolten. Det var stadig meir snø i lufta. Men no hadde eg heldigvis vinden meir bakfrå og frå sida. Opp over. Og same visa heilt ut igjen mot Høgknolten. Då måtte eg stoppe litt. Eit raudstilkpar flaug opp. Kjempegreie. Dette er ein truga fugleart i sterk tilbakegang! Eg treff han likevel regelmessig i Nipebu-traktene. Kanskje var paret på veg dit? Kameraet hadde eg i sekken for å kunne springe friare, så bilder vart det heller ikkje no. Som med tårnfalkane. No er vel heller ikkje mitt kamera eigna for slik bildetaking. For liten zoom. Eg har eit mellomkamera til speglrefleks. Sistnemnde blir for tungt og stort til mitt bruk. 

Etter å ha studert parallellflyginga og leiken i lufta til dei to våryre, sprang eg like til Rivedal igjen utan å stoppe. Kjempegreie! Stilig...! Timesvarsla stemde nesten på ein prikk. Og tilbake igjen i Stongfjorden måtte eg svitsje vindusviskarane frå intervall til fullt. Det heldt akkurat med joggesko og lett utstyr!  

Fra Heileberget 280511_1
Markahengenpa, Fossedalshengenipa, Gjelsvikefjellet, Eitrenipa og Kringla.
Krokavatnet, Fossedalsvatnet og Øvre Fossedalen mot høgre.

Ingen kommentarer: