søndag 1. mai 2011

1.mai tur















Ved Fløyen i dag med utsikt til Krokavatnet, Fossedalsvatnet, Eitrenipa, N&S Kringla og Blegja

Eg var litt i stuss kvar eg skulle vende nasa i dag, men valde som i går å gå inn Heileberget til Fløyen. Det er såpass langt frå Rivedal inn og ut igjen at eg skal eg gå denne turen etter arbeid, så går det meste av kvelden med. Eg har sett meg eit mål for eit visst antal gonger på denne posten, så då vart det slik i dag... 

Egentleg var turen i dag nesten ein tru kopi av turen i går. Men temperaturen virka til å vere eit par, tre grader mindre. Iallefall kjendest det ut som trekken beit litt meir frå seg i dag. Men eg hadde med meg ei ekstra trøye og jakke, så noko naud ville det likevel aldri ha blitt...:-) Greitt å vere førebudd på det meste.  

No stakk eg rett nok bort om Nonsholten på 752 moh på veg tilbake. Denne ligg omlag midt mellom Fløyen (761) og Driveknolten (727). Nonsholten har høgste punktet litt lenger mot nord enn Fløyen, og har flott utsikt mot nordsida av området som til Nipebutraktene og Fossedalen. Her frå er det òg utsikt til både Laukelandsfossen og Fossedalsfossen. 

Fossedalsvatnet med Fossedalsfossen, Nedre Fossedal og Laukelandsfossen.
Foto frå Nonsholten. 

I motsetnad til i går såg eg ikkje eit menneske på min veg. Og på parkeringsplassen i Rivedal stod det heller ingen andre bilar. Kanskje var det 1.mai folk feira? Eller hadde feira? Kjekt var det iallefall å sjå alle flagga som vaia ilag med dei grøne bøane og dei knallblå fjordane på turen heim igjen til Stongfjorden. Flott 1.mai tur...!

Fra Heileberget 010511
Øvre Fossedal nede t.v og Fossedalsvatnet.
Krokavatnet t.v  i midten. 
Eitrenipa og Nordre Kringla.


Ingen kommentarer: