Facebook

tirsdag 31. mai 2011

Nordatrekk og klårt



Jamneheiane i kveld

Fin kveld på Jamneheiane i kveld. Endeleg opplett og fint vèr. Men så mange varmegradene var det ikkje.... og ein sur nordvest trekk gjorde det slett ikkje sommarleg for å bruke det uttrykket. Lufta var iallefall klår og fin. Havet skimra i sølv. Heggøyna og Smelværet låg bade i kveldssol. Alden spegla seg òg. Staveneset stakk ut som ei grøn tunge i sølvlyset.

Eg stakk bortom eit par av dei andre toppane òg for å sjå heim til fjorden og Yndestad. Husa låg nydeleg til mellom dei grøne bøane og blenkte seg i den blå fjorden. Ein fryd for auga. Og der venta den varme dusjen...

Fra Jamneheiane 310511
Ei fin systerot ved elva frå Fismavatnet

mandag 30. mai 2011

Rotbløyte



















Nokon som veit kva denne blomen heiter?
Bildet er teke på ryggen i stova og viser planta under i frå.

Eg trudde nesten planta som vist ovanfor var dau for ei stund sidan. Ho hadde fått seg ein omgang med sol og såg miserabel ut. Men eg gav ho ei skikkeleg rotbløyte med vatn, og simsalabim så såg ho slik ut etter nokre dagar. Ho står slik i all si prakt no. Og eg måtte nesten forevige ho. Blomane heng ned. Så slik ser dei ut under i frå. Flotte synest eg. 

Ei rotbløyte er vel stikkordet for turen på Jamneheiane og i stad. Som i går vart det ei skikkeleg sturtebyge igjen. Det såg fint ut ei stund, men eg fekk sjølvsagt nemnde byge på meg oppe på toppen. Då var det berre å legge til palings ned igjen. Rett i dusjen...med dagens trim unnagjort...:-)

søndag 29. mai 2011

Himmelens sluser



















MMS Jamneheiane

Eg måtte le høgt. Det ausa ned. Som ein monsun. Det bles, skodda flaug og det var tre varmegrader i lufta. Og eg var våt. Likevel lo eg! For det var eit slikt fasinerande, usannsynleg vèr oppe på Jamneheiane i stad at det måtte opplevast. Vel, hadde det ikkje vore for at eg var ein times tid heime i frå, så hadde det nok ikkje vore så moro. Du veit at når ein varm dusj er innanfor ein rask springmarsj tidsmessig, så ser ein vel gjerne lyst på det meste. Om ein er aldri så kald og våt. Vel rask og rask på sleipa i dag, det var no gjerne eit tøyeleg begrep....

Elvasitlene var sjølvsagt vakse oppe til store elvar. Og myrane blytunge av væte. I tillegg var det som nemnt glatt oppe i dei våte og bratte gras- og myrbakkane. Så det var tungt å halde farten oppe oppover. Kjempetrim iallefall....! Men jammen var det godt å kome i hus igjen òg...!

lørdag 28. mai 2011

Full gass
















Foto frå Heileberget i dag

Eg var opp ein tur klokka 04.15 og sjekka vèret. Grått, opplett og inga skodde. Men det var sjølvsagt for tidleg å gå. Sjølv om eg vil ha meg ein nattur med det første. Under litt andre vèrtilhøve får eg føye til. 

Klokka 06 var eg oppe igjen. Sjekka timevarsla på yr og storm. Dei melde vind og regn frå 10 - 11. Dette var nok tid for meg. Eg fekk i meg eit raskt grautafat, og så bar det avgarde til Rivedal for turen på Heileberget. 

Eg gav på. Raskt opp vegen til demma, over elva, og var på Hundeheia på eit blunk. Eg såg med ein gong det kvite skydekket som dreiv opp frå Bergenskanten mot Sogn. I Inov8 312 joggesko og lett Rab Cirrus Windtop på 140 gram var det full gass innover. 

Frå toppen av skaret ved Høgknolten fekk eg nokre regndråpar i fjeset. Vinden tiltok. Eg fekk han midt i fleisen i førstninga. Overraska såg eg at regndråpane vart kvite i lèten. Jammen var det snø i lufta! Her var det inga tid å misse, så eg starta å jogge innover. Då dukka eit tårnfalk-par opp i lufta over meg. Kjekt. Håpar det kryr av lemen her òg snart.. Som i høgfjellet mange andre plasser. Men eg såg ikkje ein einaste på mi ferd.... 

Eg var raskt inne til Driveknolten. Klatra opp på sørsida og over. Ned på hi sida og sprang austover dei flotte berga. Det greie med Heileberget er i grunn at du kjem deg fort opp på rette høgda i Rivedal, og deler av berg, lyng og myrar austover er greie å springe. Aberet er sjølvsagt at det er ganske langt frå Rivedal og inn. Og så skal ein utatt òg....

Eg følgde same vegen som eit stort hjortespor gjekk. Heilt på kanten av berga mot Dalsfjorden. Artig at dei held seg så høgt. Må ha vore ein skikkeleg fjellbukk... 
















Hjortespor på toppen av Heileberget.
Her heilt inne ved Fløyen.

Eg nådde inn på toppen i 09-tida. Fekk teke nokre bilder. Namn i boka. Og skifte av ei sveittevåt trøye. På med Devold ull, windstopper frå Outdoor Research og lett Rab dun og buff. Hanskane måtte fram òg. Det var snø i lufta og vinden var iskald. Nesten juni... Ja, ja, ein lyt ta det som det kjem... 


Ut igjen same vegen. Om ikkje endå fortare. Eg småjogga heile vegen ut til Driveknolten. Det var stadig meir snø i lufta. Men no hadde eg heldigvis vinden meir bakfrå og frå sida. Opp over. Og same visa heilt ut igjen mot Høgknolten. Då måtte eg stoppe litt. Eit raudstilkpar flaug opp. Kjempegreie. Dette er ein truga fugleart i sterk tilbakegang! Eg treff han likevel regelmessig i Nipebu-traktene. Kanskje var paret på veg dit? Kameraet hadde eg i sekken for å kunne springe friare, så bilder vart det heller ikkje no. Som med tårnfalkane. No er vel heller ikkje mitt kamera eigna for slik bildetaking. For liten zoom. Eg har eit mellomkamera til speglrefleks. Sistnemnde blir for tungt og stort til mitt bruk. 

Etter å ha studert parallellflyginga og leiken i lufta til dei to våryre, sprang eg like til Rivedal igjen utan å stoppe. Kjempegreie! Stilig...! Timesvarsla stemde nesten på ein prikk. Og tilbake igjen i Stongfjorden måtte eg svitsje vindusviskarane frå intervall til fullt. Det heldt akkurat med joggesko og lett utstyr!  

Fra Heileberget 280511_1
Markahengenpa, Fossedalshengenipa, Gjelsvikefjellet, Eitrenipa og Kringla.
Krokavatnet, Fossedalsvatnet og Øvre Fossedalen mot høgre.

fredag 27. mai 2011

Bye bye my dear
















Gjelsvikefjellet i ettermiddag

Eg tok eit aldri så lite farvel med Gjelsvikefjellet etter jobb i dag. Det blir nok ei lita stund til eg går opp igjen her, for det er nok no. I denne omgang. Vi får tru det blir nokre fine sommarkveldar framover når det no blir meir trakk på Dalsfjord-sida. 

Elles var det same fine og stille kvelden som i går. Ikkje eit menneske å sjå. Rein sælebot etter ei hard arbeidsveke. Men jammen kvapp eg godt då to revekvalpar sprang ut frå grunnen på det nedste sælet på Selvikestølen. Det skjedde så fort at eg ikkje rakk kameraet. Eg prøvde å sjå etter dei, for slike brukar å vere forvitne, men borte vekk var dei bak ein liten hammar. Mora var vel ikkje så langt unna heller. For eg tvilar på om dei var avvende. 

Som vanleg sprang eg heile vegen ned igjen, og var heime i Stongfjorden kl 18. Fin trimtur - igjen!


torsdag 26. mai 2011

Stille på Gjelsvikefjellet
















MMS Gjelsvikefjellet i ettermiddag

Eg var opp igjen på Gjelsvikefjellet i dag òg. På veg heim etter arbeid. Fint å ha med litt fjellklede i bilen og stikke oppom her eit par timar. God mosjon etter ein dag på kontorstolen. Eit must for å halde seg i form. 

Det var nesten ikkje eit vindpust i lufta og opplett. Egentleg ein flott kveld, sjølv om det ikkje var mange gradene i lufta. Dei går nesten litt på autopilot desse turane opp hit no.  Raskt opp og springing ned igjen.

Sauene eg traff på Selvikestølen hin dagen var komne opp på Gjelsvikestølen idag. Dei såg ut til å kose seg godt med nytt saftig gras. 














Sauer på Gjelsvikestølen i ettermiddag (MMS)

Eg traff forresten Dag Tore då eg omlag var komen ned igjen. Han var på veg opp. Vi slo av ein liten prat om ruta og forholda. Fin tur igjen!

onsdag 25. mai 2011

Ei lette i regnbygene
















MMS Jamneheiane i kveld. 
Mykje vatn i elvane på Nordeide.

Eg var i grunn tenkt å halde meg heime i regnvèret i ettermiddag, men jammen letta det bra opp i kveldinga. Så eg snudde på femøringen og gjekk på Jamneheiane. Eg ser den eine av toppane frå stoveglaset heime. Og skodda var fordufta, og det såg lettare ut ute i havet òg. 

Det virka som det var høg luftfugtigheit i kveld. Og når det heller ikkje var trekk eller vind opp bakkane frå Fisma, sila sveitten i strie straumar. Lenger oppe, nedom Fismavatnet, var myrlendet søkkande vått og tungt. Eg vart ikkje akkurat noko mindre sveitt av det. 

Elles var det betydeleg med brennmaneter i Eidsfjorden i kveld. Det har eg ikkje lagt merke til før. Kanskje fordi fjorden låg såpass stille. Ikkje akkurat noko lysteleg for badesesongen dette. Hvis det blir badesesong då. 7 grader i lufta innbyr iallefall ikkje oss "normale" til bading, sjølv om Olaug og damegjengen, som badar heile vinteren, sikkert synest det er begynt å bli varmt i sjøen no....!

Det var mykje fuglesong i kveld. Spesielt måltrasta sine trillar er flotte. Ho er ein suveren imitator etter andre fuglar. Lukta av våt bjørk og blomstrande hegg og rognebærtre var òg aldeles nydeleg. Kjempefin tur!

tirsdag 24. mai 2011

Eit skøyigt veir















Store kontrastar i lys ved Gjelsvikestølen i ettermiddag (MMS)

Alle himmelens sluser var opne då eg starta turen på Gjelsvikefjellet på veg heim etter arbeid. Det regna "cats and dogs" som engelskmennene seier. Og det bles. Men det raraste av alt var at etter eit kvarters tid skein sola frå blå himmel. Det var nesten som i syden, med den forskjell at det var 6 varmegrader...

Det heldt seg bra oppover Fesselia før det kom ei lita byga. Så vart det fint igjen like brått. Eg bestemte meg for å gje skikkeleg på for å utnytte dette vervindauget til å nå toppen. Men på Selvikestølen måtte eg nesten stoppe å forevige sauene og lamma som gjekk så fint å beita på stølsbakken. Dei hadde visst avløyst hjorten frå hin dagen. 















Sauene og lamma leska seg i nytt saftig gras på Selvikestølen (MMS)

Eg gav på endå meir. Nesten sprang opp bakkane til topps for ikkje å risikere ei stormbyge på den eksponerte toppen. Og det heldt. Jammen heldt det. Akkurat. For allereie i bakken rett ovanfor Gjelsvikestølen på veg ned igjen, kom byge sør frå som eg såg frå toppen. Det var berre å knappe igjen alt. For det bøtta ned. Med kulingen og drevet midt i mot. Og det vart nesten mørkt! Dette heldt fram i 10-15 minutt ned igjen til Selvikestølen. Då skein sola - igjen! Det var omlag som nokon sat og slo av og på ein lysbrytar som fungerte på dusjen òg. Merkeleg.... Eg sprang likevel heile vegen ned igjen til bilen, så eg slapp ei ny kule. Herlig med gode goretex-klede uansett...:-)




















Det heldt akkurat med vervindauget på toppen...

(PS. Dette var innlegg nr 1.111 på bloggen min -
eit skøyigt tal...:-))

søndag 22. mai 2011

Vindfullt på Gjelsvikefjellet















Markahengenipa t.v. og Stordalsfossen.
Fossen som Sogn og Fjordane Energi no har tenkt å turrlegge.
Foto frå Fesselia i dag.

Eg sprang opp igjen på Gjelsvikefjellet i dag tidleg òg. Temperaturen var mykje betre enn i går. I tillegg var vèret bra, men det bles skikkeleg søraust vind på toppen. I slike høve er det fint å ha med briller, så ser ein betre, og slepp tåreflaumen og ubehaget i auga. Elles var forholda minst like blaute som i gårmorgon. 

Så mykje meir er det kanskje ikkje å seie enn at dette sjølvsagt var ein fin start på søndagen...



Fra Gjelsvikefjellet 220511

lørdag 21. mai 2011

Hustrig på Gjelsvikefjellet















Førdefjorden og Kvammen med Engebøfjellet t.v. 
(som Nordic Mining no vil skyte ned...) 

Eg gjekk ein tidleg morgontur på Gjelsvikefjellet idag. Det var ikkje meir enn 5 varmegrader i lufta då eg reiste heime i frå. Tydeleg at det hadde kome ned mykje væte i det siste for det var veldig vått og glatt oppover. I tillegg bles det. Likevel gjekk det fint og greitt. 

Rett nedanfor Selvikestølen braut likevel himmelens vræde laust. Regn og hagl piska ned. Men eg fekk det heldigvis bak i frå. Denne byga heldt fram til opp forbi Gjelsvikestølen. Heldigvis gav nedbøren seg då for her oppe tok vinden skikkeleg tak. GoreTexbuksa låg klistra og iskald til føtene. Men ovantil hadde eg vindtett utanpå ulltrøye, og Arcteryx Theta jakka ytst. Likevel var eg nesten mest glad for dei vasstette GoreTex-hanskane frå Black Diamond. Heldigvis hadde et vit til å ta dei med. Så eg var egentleg godt utrusta. I motsetnad til forkjølingsturen med fruen forrige fredag. Av skade lærer man... eller eitt eller anna slikt...!  

No var det godt å kunne gje gass ned igjen (i motsetnad til forrige fredag...:-)). For uansett beit vèrgudane godt frå seg. Og eg rakk å løyse sveitten igjen før eg nådde bilen, sjølv med ein liten stopp på Selvikestølen. Artig å sjå kor lendet her har forandre seg på kort tid. Frå djup snø til grøne stølsbakkar. Flott!

 








Stordalsfossen midt i bildet
(som SFE no vil tørrlegge)
Fra Gjelsvikefjellet 210511






fredag 20. mai 2011

Next step















MMS Jamneheiane i kveld

I dag såg det endeleg ut til at forkjølinga eg har slite med denne veka skulle gje seg. Host og hark, tett nase og ei særdeles stiv og vond skulder har plaga meg sidan forrige lørdag. Det er no egentleg bagatellar i den store samanhengen, og sjølvsagt forbigåande. Men du veit, når ein er vand med å springe nokre dagar for veka, så er ei veke i ro nesten ei liding.

Kroppen fungerte iallefall nokolunde greitt opp på Jamneheiane i stad. Nokre "sjuandefarihusetlydar" kom det frå lungene til å begynne med, men dette vart eg raskt kvitt. Herleg å få løyst sveitten oppover bakkane igjen. For det var relativt vått og tungt i lendet i forhold til sist. 

På toppen bles det skikkeleg, så det var godt å ha bra med vindtett på seg. Ned igjen sprang eg i fjellskorna. Med ei viss omhu. For det var glatt. Synnakulingen traff meg midt i fleisen på veg sør att Eidsfjorden. Men den verste regnbyga fekk eg i bilen heim... 

Godt å vere i gang igjen. Så får vi tru årets første forkjøling var den einaste...! For ærleg tala - slikt brukar eg ikkje å få, sjølv midtvinters forfrosen til skinnet...!  

onsdag 18. mai 2011

På jakt etter ein god terrengsko?

















Heileberget 30/4

Eg har dei siste åra brukt Inov8 terrengsko i fjellet med stor glede. Dette er eit relativt nytt engelsk skofabrikat. Dei har spesialisert seg på sko til terrengløping.  Roclite 312 og 315 er typane eg har testa ut. Men Inov8 har noko for ein kvar smak. Gummiblandinga og mønsteret i desse skorna gjer dei suverene på alt slags underlag du finn i terrenget som våte steinar og røter, våte berg, grus og sti. Kva som passar ulike føter blir gjerne ei smaksak. Men eg kan godt anbefale dette merket i jungelen av skotypar og fabrikat.  

Førde Sport har Roclite 312 i sitt sortiment.




tirsdag 17. mai 2011

Gratulerer med dagen
















Eg drog på meg ei ganske solid forkjøling på fredagsturen med fruen, og har helde meg mest mogeleg i ro etter turen på Heileberget lørdag. Så fjelltoppar 17.mai blir det difor ikkje i år. Men veka er endå ung.... 

Ynskjer alle ein god 17.mai!

lørdag 14. mai 2011

Mai-glede















Utsikt frå skaret ved Høgknolten i føremiddag
(legg merke til den blanke Dalsfjorden)

Eit storspovepar ynskte meg velkomen til gards ved grinda til Asbjørn i Rivedal i dag tidleg. Klokka var akkurat passert 07. Diverre låg kameraet i bagasjerommet, så eg fekk ikkje teke bildet eg kunne tenkt meg. Paret stod under 5 meter frå meg, men flaug sjølvsagt opp då eg gjekk ut av bilen for å late opp grinda. Det er nok mange godsaker å finne der hestane går. Nettopp dyr og drivne beite på gamlemåten har særs mykje å seie for fuglelivet. Mange av fuglane er i sterk tilbakegang grunna mangel på godt gamaldags jordbruk og kulturlandskap som forfell.















Hestane i Rivedal
(til orientering er dette siste bildet i serien i dag)

Eg brukar å køyre i andre sko enn dei eg går på fjellet i, fordi det er godt å skifte til noko anna når eg kjem ned igjen og skal heim. Eg oppdaga difor ikkje at eg hadde gløymt sålane til fjellskorna i dag... Litt romme og harde vart difor skorna å gå i på denne turen. 

I løpet av natta hadde eg vakna to gonger. Siste gongen i 04-tida hølja det ned ute. Resultatet var tydeleg å sjå på elva nedom demma. Den rann i strie straumar, og eg hadde problem med å komme meg tørrskodd over (det er laga til overgang oppe på sjølve demma, men det blir litt lenger å gå når eg skal opp på Hundeheia. Det er på demma DNT-ruta til Nipebu startar). 
Det var som sagt tidleg morgon. Eg likar det best slik. Og det var ikkje meir enn 6 grader. I tillegg til noko trekk, og tåkedottar som flaug med trekken, var det ganske morgon-surt innover Hundeheia. Sola var såvidt komen opp. Men den kom og gjekk bak skylaget, og varme nesten ingenting. Eg måtte difor ty til hovudplagg for å halde varmen. 

Raskt kom eg meg opp skaret ved Høgknolten. Eg likar å gå her istaden for nedom. Føler eg får fortare høgde her, og så er det fint og småkuppert innover til Driveknolten. 















Praktfull utsikt frå toppen av skaret ved Høgknolten

Heiloparet som held til her oppe følgde meg med vaktsame auger. Men no skrik dei ikkje og ber seg som tidlegare. Kanskje meir vand med meg etterkvart? Oppfordringa til andre som går denne vegen må vere å trø varsamt og roleg utan for mykje skrål... 















Heiloen følgde meg med vaktsame auge

Like etter at eg knipsa heiloen flaug ei havørn opp. Men den forsvann bak ein kant på fjellet på Dalsfjordsida før eg fekk opp kameraet. 

Eg kom meg kjapt innover mot Driveknolten. Nydeleg utsikt både til nordsida og Nipebu-traktene, og sørsida med bygdene rundt Dalsfjorden. Flotte grøne bøar, blank og stille fjord og skiftande lys. Inne på sørtoppen av Driveknolten er det ein fin utsiktsplass både inn og ut fjorden. Og spesielt ned til Eikenes og Tysselandet.















Fin utsikt ned til Eikenes frå Driveknolten

Det er drygt frå Driveknolten og inn på Fløyen. Men utanom at ein må ned frå førstnemnde igjen for å komme seg vidare innover, er det strake vegen. Litt opp og ned, men fint å ta seg fram på berga. Har sett opp ein del småmarkørar innover, i tillegg til nokre vardar som stod her frå før. Skodda kan kome utrulig fort på her oppe. I dag forsvann skoddedottane igjen, sjølv om sola aldri fekk skikkeleg tak den stunda eg var oppe. 

Eg nådde greitt inn på toppen før klokka var 09. Panoramautsikt til Dale, ut og inn fjorden, til fjella i aust og i nord. Flott plass Fløyen. Og så kan eg vinke heim til ho mor....:-)
















9 - ferja frå Dale til Eikenes

Eg skifta på meg ei tørr ulltrøye og ei tynn vindjakke. Tok nokre bilder, og gjekk ut att på Nonsholten. Denne toppen ser ein ikkje frå Dalsfjord-sida. Her er det flott utsikt austover til Fossedalen og Laukelandsfossen. I same bildet får eg her med Fossedalsfossen og sistnemnde. Fossedalen betyr mykje for meg. Utan å kome nærare inn på det her og no. 



Fossedalen midt i bildet. Foto frå Nonsholten.

Eg vog litt fram og tilbake på om eg skulle ta ned på nordsida av fjellet, og gå gjennom Vagstaddalen heim igjen. For å få litt forandring i menyen. Men valde å småjogge ut igjen dei snøfylte partia på nordsida av fjellet og til Driveknolten. Snøen var fast og fin å springe på. Eit par rypar fekk seg ein forskrekkelse og skvaldra opp framfor føtene mine så eg skvatt. Rein luksus. Eg klauv så opp igjen skaret mellom toppane på Driveknolten i det sola braut gjennom. Den varma faktisk godt i ryggen. 















Sola bryt gjennom ved Driveknolten. Det ligg enno noko snø her....















...men ser du etter er det vårteikn over alt....

Ytre deler av Dalsfjorden låg strålande blank då eg kom ut igjen det siste stykket mot Høgknolten og Hundeheia. Eit praktfullt skue. Skyane spegla seg til og med i fjorden. Omkransa fjorden låg bygdene som oasar. Utsikta her ovan i frå er blant dei finaste i kommunen... (hovudbildet). 
Mot nordsida er ikkje utsikta å forakte heller....













Fjella er sikkert kjende, men f.v ser vi Fossedalshengenipa, Eitrenipa,, Blegja og Nordre Kringla. Grautadalsvatnet t.v, Dalsstølen, Øvre Fossedalen, Fossedalsvatnet og Fossedalsfossen.  


Eg sprang ned igjen skaret og vestover Hundehea. Berga var begynt å tørke opp no, og var ikkje så glatte som på veg opp. Og elva under demma var ikkje til å kjenne att frå nokre timar tidlegare. Den rann no meir som vanleg. Eg hadde ingen problem med å komme meg over, og var raskt nede ved bilen igjen. Nydeleg mai-morgon dette, og frisk start på dagen...:-)

 




fredag 13. mai 2011

Vått og kaldt















Utsikt inn Førdefjorden frå Gjelsvikefjellet i ettermiddag

Eg hadde ein avtale med min fru om å gå på Gjelsvikefjellet etter arbeid. No tjuvstarta ho. Og eg vart litt forsinka, og måtte i tillegg byte klede, så eg nådde ho ikkje att før på Gjelsvikestølen. Då er no det berre siste biten igjen opp bakkane på toppen. 

Vèret såg reimeleg bra ut då eg starta. Men det begynte ganske fort å regne. Det heldt det fram med heile vegen opp. Om ikkje så mykje. På toppen var det i tillegg litt vind, og lettkledd som eg var, vart det fort kaldt. Ja, såpass at eg fekk naglebit. Så vi svinta oss fort ned att bakkane. 

Regnet berre auka på ned igjen. Og rimeleg våt vart iallefall eg i tights og greie... Eg tok like godt å fyrte i omnen då vi kom heim igjen. Friskt!

Fra Gjelsvikefjellet 130511_1


onsdag 11. mai 2011

Superlight 2
















MMS Jamneheiane

Eg var egentleg meint å gå på Gjelsvikefjellet i ettermiddag, men så kom det noko på og eg måtte ut igjen i Stongfjorden eit ærend. Eg valde difor å gå på Jamneheiane igjen i dag òg, sidan det kjennest litt bakvendt å køyre tilbake der eg kjem i frå for å gå på fjellet.... 

Det småregna då eg starta. Men eg gjekk likevel i shorts. Og snart gav byga seg òg. Det har sin pris å gå lettkledd for i dag plukka eg av meg 7 flåttar på badet etterpå. Men å kle på seg for flåtten sin del gjer eg berre ikkje. Er det sommar så er det sommar. 

Elles gol gauken i liene i ettermiddag. Så no er vel alle trekkfuglane komne. Gauken brukar p vere blanbt dei siste. Skjønt eg har ikkje sett noko til favoritten min svartkvit flugesnappar. Men den har minka slik i antal òg. Vi får håpe han har dukka opp andre stadar. 

Sjølve turen gjekk radig opp og ned. Og noko spesielt meir å nemne er det vel ikkje... God trim iallefall etter ein dag på kontorstolen...

Galskapens pris
















Når salvene går
og steinspruten står
kan kvamsingar sjå
at sjøen blir grå

Men AP`ene sa
og messa og kvad
om fjorden blir drit
det gjer ingen skit

Nei, pengane tèl
for rikmann og trèl
Men vårvindens bris
ser galskapens pris

Henta frå Lysande Stemningar.
Tekst og foto G.Skaar
 
Truleg blir det avgjort i kommunestyra i Naustdal og Askvoll i dag og i morgon at det skal utvinnast rutil frå Engebøfjellet i midten. Over 90% av fjellet skal dumpast som støv og finpartiklar i sjøen, iblanda kjemiske stoff som skal halde det i ro på botnen. Det skal dumpast 767 lastebil-lass i døgnet, 365 dagar i året, dei neste 50 åra. M.a. magnafloc og svovelsyre er iblanda steinpartiklane....




tirsdag 10. mai 2011

Superlight





















MMS Jamneheiane i ettermiddag

Det gjekk superlett på Jamneheiane etter jobb i dag. Den vanlege ruta. I joggesko og shorts går desse turane så aldeles mykje lettare enn vinterdagen då ein er nedtyngd i utstyr, klede og fjellsko. For ikkje å nemne vassinga med trugar i snø. På den annan side har eg heilt sikkert igjen for det no... Det hadde vel neppe gått så lett på desse toppane no hvis ikkje det var nettopp for vinterturane....:-)

Når det gjeld fuglelivet såg eg første låvesvala i  år. Løvsangaren kom før helga, og eg høyrde minst to eksemplar ved Fisma. Der kom eg òg over første strandsnipa i år. Det er fleire veker sidan heipiplerka kom, og den er det rikeleg av oppe ved Jamneheiane òg. Flott tid dette...:-) 

mandag 9. mai 2011

Kjensla av fridom




















MMS Gjelsvikefjellet

Etter ei helg med mykje sosialisering og mat, var det skikkeleg godt å få springe av seg litt på Gjelsvikefjellet i ettermiddag. I ein fantastisk temperatur var shortsen einaste klesplagget, ja utanom sokkane. Aldeles herlig.

Det slo meg brått på veg ned igjen at å springe slik i fjellet sommarsdagen må vere toppen på fridom. Berre kosen og godkjensla. Ikkje ei sut i livet. Bagatellar. Reint øsen over å kjenne kor godt det er å vere levande. Lat det vare slik i æva...

søndag 8. mai 2011

Flott helg i Gudbrandsdalen















Peter og pappa ved Pollfoss fredagskvelden

Vi hadde ei nydeleg konfirmasjonshelg i Gudbrandsdalen i helga. Fredag etter arbeid køyrde vi  gjennom Nordfjord og over Strynefjellet i fantastisk ettermiddagssol. Fantastiske forhold oppe på fjellet. Men vegtilhøva gjennom tunellane var elendige. 50 km gjennom dei alle med holer og væte.... 

Vi hadde bestemt oss for å ikkje bruke heile kvelden til køyring, så vi hadde bestilt overnatting på Pollfoss Gjestehus. Det passa heilt greitt. Peter var lei av køyringa, og Olaug og eg trøtte etter arbeidsdagen. Vi fekk oss ein fin og stille kveld der oppe. Tidleg til køys og sovna til fosseduren. 

Vi hadde relativt godt tid på oss laurdagen då tilstellinga i Vågåmo kulturhus starta klokka 12. Det tok omlag ein times køyring dit frå Pollfoss. Personleg har eg ikkje vore med på ein Humanetisk konfirmasjon før, men vart positivt overraska over innslaga og talen til Madeleine Cederstrøm. Heile 45 konfirmantar var samla og minst 1000 menneske i hallen.  Etter tilstellinga på Vågå drog vi til Vinstra for festmiddag på Hollandsk Gjestehus. 

Vi ein hyggjeleg tur til Lauvsletten om kvelden. Det er her syster mi Bergljot held hus. Det ligg i retning Skåbu eit stykke ovanfor Vinstra. Deretter returnerte vi til Hollandsk Gjesthus for natta. 

Vi køyrde tidleg frå Vinstra i dag tidleg, og tok over Sognefjellet heim igjen. Det låg framleis høge snøkantar på fjellet. At det er skrive at det blir lemenår i år, såg vi tydelege bevis for over fjellet. Mykje lemen låg klistra i vegbana, og mange pile over snøen nær vegen. Artig syn. Det må vere alvorleg mange år sidan eg har vore vitne til eit lemenår.... 

Eit lite stogg på fjellet og i Sogndal til tross, var vi faktisk heime igjen i Stongfjorden før kl 12.30. Flott og tidleg tur heim med lydbok nr.2...:-)

Eg har plukka ut nokre "turbilder" frå mitt private album frå helga. Dei ligg vedlagt her.


Fra Turbilder 0605-080511

High Camp på Turtagrø

fredag 6. mai 2011

Konfirmasjon

Sigrid og Åsta Johanne
 Bergljot
 Bergljot og Mildrid
 Eg gjer eit lite unntak med nokre bilder av meir privat art i dag...

Det blir lite fjell denne helga. I staden blir det ein tur til Gudbrandsdalen i borgarleg konfirmasjon på Vågåmo og Vinstra. Direkte etter arbeid fredagen. Med to forskjellige hotellovernattingar. Det er Sigrid som skal konfirmerast. Ho er dotter til Bergljot, yngste syster mi. Eg har ei syster til, Mildrid. Yngvild og Åsta Johanne som er med på bilda her er hennar jenter. Vi er 6 sysken der eg er eldst.  

God helg til alle som kikka innom!

torsdag 5. mai 2011

Murder on the dancefloor














Utbreiinga av ringdue har auka mykje på våre kantar dei siste åra. Her hos oss i Stongfjorden òg. Vi har hatt rugande par nær huset på Yndestad i mange år. Duene er eit kjært vårteikn når dei kjem att i mars med sitt særeigne ko-KO-ko-ko, helst tidleg på morgonen og om kvelden. Synginga er heilt annleis enn gjøk og kattugle sjølvsagt.

I dag tidleg sa likevel ei av dei takk for seg på altanen vår. Sannsynlegvis er det ei ho av sporvehauk (som er større enn hannen) eller ein hønsehauk som har fått seg eit solid og proteinrikt måltid til seg sjølv og ungane sine. Naturens gang. Og no er det vel ein gong slik at duene er det mange av og rovfuglane lite av, så då er det ikkje meir enn rett og rimeleg at vi her på Yndestad truleg må seie adjø til årets ruging... Eller kanskje dukkar det opp ein ny kavaler til enka eller enkemannen nedom huset...!? Naturen lyt gå sin gang anten det er so eller so...