søndag 17. april 2011

Vått og godt del 2














MMS Gjelsvikefjellet i dag
 
Det vart ingen tur i går sidan vi slo i hop og feira 4 gebursdagar i Førde hjå eldste dotter mi. Eit sulig liv med alle 6 barnebarna mine, foreldra mine, pluss, pluss... 

I dag hølja det ned då eg vakne. Den sedvanlege skodda i fjella låg tjukk som graut. Som vanleg i slikt vèr. Og slik heldt vèret seg ut over føremiddagen. Eg slo difor frå meg tur i dag tidleg òg. Men så viste det seg at Peter reiste til Rivedal til ein kompis, Olaug fòr til Sissel og ville veve, og eg vart staurande i dørene heime åleine. Så etter å ha dorma av på sofaen, gått fram og tilbake gjennom stova eit par gonger, bestemte eg meg for at regn og skodde fekk vere regn og skodde, og hoppa i goretexen i kjellaren. Deretter bar det strake vegen til Gjelsvikefjellet igjen. 


Var det vått fredagen, var det berre førbokstaven mot i dag. Det fløymde vatn overalt. Markavatnet rann over demma, og stien var ei einaste elv. Søkk våte myrar. Men pytt, var ein først komen ut og i gong, var det strak bane til topps uansett. Det var berre å gi på oppover.

Snøen hadde minka mykje mellom stølane sidan fredag. Ein forfjamsa kvit hare hoppa opp framfor meg og virra hit og dit. Ein orrhane brasa opp så det sokk i meg. Og fuglelivet er begynt å bli eit heilt anna no enn berre for kort tid sidan. Trillane til raudstrupen er alltid kjekke å høyre på.

Det låg tjukk skodde frå Gjelsvikestølen og opp på toppen. Men no har eg varda så godt at det var ingen problem med å finne fram. Hustrig på toppen gitt. Vind og plaskande regnver. Hue og hanskar var gode å tre på seg. Så var det springmarsj ned igjen, gjennom myrar og elvar over røter og stein. Middagen og dusjen venta... Vel, det er godt å kome seg ut, men kanskje er det lov å håpe på betre påskevèr enn dette etter kvart...

Ingen kommentarer: